Martin Kilmark (til venstre) og Arve Rustbergard er no klare for å låne ut sport og friluftsutstyr til alle som vil låne.

Bua er open på Gol idrettspark

Frå og med i dag kan du låne sportsutstyr på Gol. Heilt gratis.

Det er Gol idrettslag som har tatt initiativ til den nye utlånsbua. Her kan ein enkelt låne sport og friluftslivsutstyr.

– Det er som eit bibliotek for sportsutstyr, og det er jo veldig miljøvennleg, seier Martin Kilmark som er administrator i Gol idrettsarena.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No har me på plass vinterutstyr med langrennsski, alpinski, akebrett og litt meir. Men til våren får med vårutstyr slik at me kan låne ut utstyr for alle sesongar, seier han.

Les også
No kan du låne gratis sportsutstyr på biblioteket

Tilbodet om å låne sportsutstyr slik som ein låner bøker på biblioteket er på plass i andre kommunar i Hallingdal allereie. Gol IL har slått seg samen den nasjonale foreininga BUA, som bidrar med grafisk profil, logo og nettside. Det er det same som har blitt gjort i Ål tidlegare i år.

Med støtte frå kommunen

Arve Rustberggard som er dagleg leiar i Gol IL seier at støtta frå kommunen har vore bra, og at arbeidet med bua har halde på sidan hausten:

– Gjennom kommunen har me fått Bufdir-tilskot. I starten har me fått 250.000 kroner, og me vil få årleg støtte frå neste år på 75.000.

Ein god del ski er på plass allereie. Og det er planlagt at det kjem meir utstyr på plass etter kvart. - For barnefamiliar er dette eit bra tilbod. Då slepp ein å kjøpe nytt utstyr som barna veks ut av på to år, påpeikar Rustberggard.

Rustberggard seier samarbeidet med kommunen har vore bra. No er to gamle kontor i klubbhuset gjort om til ei utlånsbu, utstyret er heilt nytt og kjøpt inn frå lokale sportsbutikkar.

– Me har kjøpt frå Intersport og Sport1 på Gol. Då støtter me lokalt næring og sportsbutikkane kan også sende opp kundar som er usikre på å kjøpe, då kan dei få teste utstyret hos oss, seier Kilmark.

Ei veke

Bua kjem til å vere open kvar tysdag og torsdag. Vanleg lånetid er ei veke, låner ein i feriar som jul og påske, når bua er stengt, kan ein låne i to veker.

– All informasjon om opningstider finn ein på Bua, men det er ikkje mogeleg å reservere. No har me 15 alpinski og 20 langrennsski i ulike storleikar. Alt er nytt og «fresht», seier Kilmark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utstyret er kjøpt inn frå lokale sportsbutikkar. - Eit godt eksempel er om ein kjem heim til jul og skal stå i bakken berre ein dag og ikkje vil drasse med seg ski på toget. Då kan ein låne her hos oss, seier Kilmark.

Rustberggard seier at dei no kjem til å ta det litt suksessivt og sjå an utstyret etter behov og etterspørsel:

– Me har bestilt ein container som me skal bruke som lager. Slik kan me oppbevare utstyret som ikkje er i sesong.

Les også
Får pengegåve til Utlånsbua

Dei to understrekar at tilbodet er for alle. Det einaste ein må gjera er å opprette ein brukar på nettsida. Opninga blir markert tysdag ettermiddag med både besøk av ordførar Heidi Granli og Bua-sjef Monica Vogt:

– Me har hengt opp flagg, dette må markerast. Marsipankake blir det og med Bua-logoen på, seier Rustberggard.