Bjørn Brudevoll er på europacuplaget og har imponert i slalåm.
Bjørn Brudevoll er på europacuplaget og har imponert i slalåm.

Brudevoll med godkjent i Adelboden

Bjørn Brudevoll (Hemsedal) fekk sjansen i verdscupen denne helga.

Etter to pallplassar på to dagar i Europacupen sist veke, fekk han køyre slalåmrennet i Adelboden sundag.

Artikkelen held fram under annonsen.

På eit seint startnummer køyrde han inn til 38. beste tid i fyrste omgang. Han var 2, 35 etter austerrikaren Marco Schwartz, som leia etter fyrste omgang, og Brudevoll måtte sjå andre omgang frå sidelina. Men berre verdscupkøyrarane, Henrik Kristoffersen, Sebastian Foss Solevaag og Leif Kristian Haugen var betre av dei norske. Til slutt tok storfavoritten, Marcel Hirscher sin niande siger i Adelboden, medan Henrik Kristoffersen tok tredjeplassen.