Sigurd Evjen gler seg til å spele NM på heimebane i helga.
Sigurd Evjen gler seg til å spele NM på heimebane i helga.

Bridge-NM: Medaljekandidat på heimebane

I helga spelar Sigurd Evjen for fyrste gong NM på heimebane når bridgefolket møtest på Storefjell.

For fyrste gong på nærare 20 år kjem NM i Bridge tilbake til Austlandet.

I helga kjem det fleire hundre bridgespelarar i alle aldrar til Storefjell og Golsfjellet. Då går par-NM av stabelen. I tillegg er det sideturneringar og juniorleir for unge spelarar frå heile landet. Arrangementet går i regi av Buskerud Bridgekrets, med bridgeklubbane på Nes og Gol som hjelparar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimefavoritt

Sigurd Evjen frå Gol er den einaste lokale som har kvalifisert seg til sjølve meisterskapen.

Det gjorde han i ein kretsmeisterskap i vår. Evjen spelar for Vikersund Bridgeklubb, der han i mange år har vore makker med Vidar Smith. Dei har spelt saman sidan 2001, og kjenner kvarandre godt.

– Forventningane er å gjere det best mogleg og spele bra. Men du kan spele bra utan å nå heilt opp, du må også ha med deg flyten, seier Evjen.

Lars Nibstad og Tormod Røren gler seg til NM i bridge på Storefjell til helga.
Lars Nibstad og Tormod Røren gler seg til NM i bridge på Storefjell til helga.

Han veit kva han pratar om, for duoen har både NM-bronse og fleire topplasseringar frå tidlegare meisterskap.

– Kva må stemme for å nå langt?

– I ei slik turnering spelar me 160 spel på tre dagar, då er det viktig å halde konsentrasjonen gjennom turneringa. Det er tre seige dagar. Ein må ikkje la seg affisere av dårlege spel, men ta eitt spel om gongen, seier han.

Godt budd

Med mange år i gamet veit han kva som krevst for å vere best mogleg budd før eit NM.

– Mange spelar ein del, og pratar om dei systema dei har. Eg og Vidar hadde ein lengre prat for nokre dagar sidan der me gjekk gjennom ulike posisjonar som kan oppstå, ein god systemprat. Også må ein vere i god nok form fysisk, ikkje sliten av andre ting. Det er ein konsentrasjonssport og tankesport, og då er det viktig å ha overskot. Elles gjer eg ikkje noko annleis desse siste dagane, eg er på jobb og på fotball med ungane som vanleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han kvalifiserte seg til NM gjennom kretsmeisterskapen i vår, etter det har det ikkje vore mange turneringar.

– Eg spelte ei todagarsturnering i sommar, elles har det ikkje vore noko sidan april/mai. Bridgesesongen er eigentleg frå no utover til april/mai.

Nøgd med heimebane

Arrangørane er Buskerud Bridgekrets.

– Sist Buskerud hadde eit NM var tidleg på 2000-talet, på Sundvolden. Me er glad for at det blir på Storefjell, at me kan ta bridgen tilbake hit med eit NM, sa Tormod Røren, leiar i organisasjonskomiteen til Hallingdølen i sommar.

Evjen er nøgd med valet av NM-lokale.

– Eg gler meg til å spele på Storefjell. Sjølv om det er kort reiseveg kjem eg til å bu der oppe. Eg veit frå før av at det er fine lokale å spele i, med god lufting. Og det blir veldig ålreit sosialt, meiner Evjen.

– Kjenner du på favorittstempel som heimefavoritt?

– Me kjenner nok ikkje på anna press enn det me eventuelt legg på oss sjølv om å spele bra. Kva andre forventar tenkjer eg ikkje så mykje på. Også er ikkje heimebanefordelen like stor i bridge som til dømes i fotball.