Ralph Johannessen under ei kvilepause i Neiden. Men på grunn av koronapandemien vart han og resten av deltakarane i Finnmarksløpet stoppa eit døgn før dei var framme i Alta. (Foto: Trude Liverød Poulsson)

Bråstopp i Finnmarksløpet

Koronapandemien stoppa Ralph Johannessen og konkurrentane i Finnmarksløpet eit knapt døgn før dei var framme i Alta.

I seks døgn hadde deltakarane på den 1200 kilometer lange rundturen på Finnmarksvidda kjempa seg gjennom snødrev og minusgrader då det var det bråstopp torsdag ettermiddag.

– Tryggaste plassen i verda

På grunn av faren for koronasmitte vart Finnmarksløpet stoppa i Levajok, like før innspurten. Då hadde dei vore ute i seks døgn og køyrt nesten 1000 av dei 1202 kilometerane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deltakarane var både skuffa og overraska då dei fekk beskjeden om å stoppe. Hanna Lyrek som var med i tetkampen tok til tårene.

Kristian Walseth frå Alta som låg på tredjeplass, trudde fyrst det var tull frå arrangøren og la ikkje skjul på at han var skuffa, overraska og forbanna.

– Dette er eit antiklimaks og eit helvete. Den tryggaste plassen du kan vera i heile verda akkurat no er vel på Tanaelva i motvind. Men det er ikkje så mykje å gjera med det, sa ein skuffa Walseth til NRK Troms og Finnmark.

Ralph på sjuande

Svensken Petter Karlsson, Lasse Austgarden og Walseth kom omtrent likt til Levajok då Europas lengste hundeløp vart stoppa.

Ralph Johannessen frå Dagali som både har vunne og hatt mange topplasseringar, låg på sjuandeplass då løpet vart stoppa. Det var veldig tett blant dei åtte-ni fremste som alle hadde sjansen til å koma fyrst til Alta fredag ettermiddag.

Den andre lokale deltakaren på langdistansen, Inger-Marie Haaland, måtte bryte litt over midtvegs.

– Ingen alternativ

Det var etter råd frå helsestyresmaktene at Norges idrettsforbund torsdag bestemt at all idrett, treningar og konkurransar opphøyrer straks. Det gjaldt også Europas lengste hundeløp sjølv om det var i sluttfasen.

– Dette får dessverre store konsekvensar for idrettsaktiviteten over heile landet. Men me må ta føringane frå norske helsestyresmakter på største alvor og gjera dei tiltaka som er nødvendig for å hindre smittespreiing av koronaviruset, uttala idrettspresident Berit Kjøll torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me måtte følgje avgjerda til Norges Idrettsforbund. Det var ingen andre alternativ for oss enn å stoppe løpet, uttala dagleg leiar i Finnmarksløpet, Svanhild Pedersen, på nettsidene til arrangøren.