Håvard Bøkko tok VM-sølv med Norge på lagtempo i Inzell.
Håvard Bøkko tok VM-sølv med Norge på lagtempo i Inzell.

Bøkko tok sølv

Norge med Håvard Bøkko på laget tok sølv i lagtempo under VM i Inzell.

Norge, som er regjerande olympiske meistrar, innfridde målet om medalje.

– Ikkje eit ideelt løp, men laget klarer likevel medalje, sa NRKs ekspertkommentator Even Wetten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det norske laget med Bøkko, Sverre Lunde Pedersen og Sindre Henriksen møtte Nederland. Nederland opna sterkt og opparbeidde tidleg ei stor leiing og vann til slutt klart. Nederland vann på 3,38,43 med Norge på 3,40,81. Russland tok bronse.

Det vart ein god norsk skøytedag i Inzell med sølv også til Håvard Holmefjord Lorentzen på 500 meter. Henrik Fagerli Rukke vart nummer 20, men Rukke gjekk fort. 34,93 var ny personleg rekord i låglandet og berre sju tidelar bak vinnaren Ruslan Murasjov på 34,22. Lorentzen sette norsk rekord med 34,35

Hege Bøkko gjekk også 500 meter fredag. Ho vart nummer 19 med 38,47.