Kjetil Andrè Bjerkrheim vart best av hallingane i Meråker.
Kjetil Andrè Bjerkrheim vart best av hallingane i Meråker.

Bjerkrheim beste halling

Fleire av hallingane gode løp i NM-opninga i Meråker.

Langrenn: Som venta stod kampen om medaljene mellom landslagsløparane.

Men 148 deltakarar stilte til start på 15 km klassisk på opningsdagen i Meråker. Av desse var det fleire hallingar. Best av desse vart Kjetil Andrè Bjerkrheim (Nesbyen/Team Hallingdal) på 38. plass, to minutt og 37 sekund etter NM-vinnaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Junior i senior-NM

Mest merksemd på førehand fekk sisteårsjunior Kristen Mikkelsplass. (Bromma)

Han kvalifiserte seg til senior-NM med ein god plassering i distansecupen for juniorar, og var spent før debuten i seniormeisterskapen. For høvet stilte han i faren, Pål Gunnar, sin gamle trikot, merka med godt synleg namn.

- Den fungerer framleis godt, og eg har vaska han, forsikra Kristen før start.

Kristen Mikkelsplass gjekk ein god 15-kilometer i Meråker.
Kristen Mikkelsplass gjekk ein god 15-kilometer i Meråker.

Han har sin styrke på dei lengre distansane, og det viste han i Meråker. I mål var han nummer 53, tre minutt og tretten sekund etter Emil Iversen, som tok Kongepokalen på heimebane.

Knut Skrindo (Gol/Team Hallingdal) har teke store steg i vinter, og vart nummer 54.

Best i dalen

Iversen vann før Martin Løwstrøm Nyenget og landslagskollega Hans Christer Holund.

Fredag står sprint på programmet, før det er skiathlon (10/15 km klassisk+ 10/15 km klassisk) laurdag og stafettar sundag. Både Gol, Hemsedal og Bromma har lag på herrestafetten. I fjor var Hemsedal best av hallingdalslaga.