Marte Mikkelsplass vart nummer fem og åtte på dei to individuelle distansane i junior-NM på Savalen.
Marte Mikkelsplass vart nummer fem og åtte på dei to individuelle distansane i junior-NM på Savalen.

Beste junior-NM på fleire år - her er dei lokale resultata

Junior-NM i langrenn viste at Hallingdal har fått opp fleire som kan hevde seg i toppen.

Medaljen mangla, men meisterskapet som vart arrangert på Savalen i Østerdalen, er eitt av dei beste juniormeisterskapa for Hallingdal.

Det er lenge sidan fleire løparar frå tre ulike klubbar har plassert seg blant dei ti beste på fleire distansar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Topp ti

Best blant hallingane vart skiskyttaren Filip Fjeld Andersen.

På 20 kilometer skøyting laurdag vart juniorlandslagsløparen i skiskyting nummer fire i klasse 19/20. Det er sterkt av Geilo-løparen etter å ha vore lenge ute etter ein operasjon i ankelen i desember. Elles viste desse løparane verkeleg gode takter:

* Kasper Anderson Herland (Hemsedal) vart nummer seks i 18-årsklassen på 15 kilometer skøyting.

* Marte Mikkelsplass (Bromma) nummer fem på fem kilometer klassisk fredag og nummer åtte på 7,5 km skøyting laurdag i 17-årsklassen.

* Kristen Mikkelsplass (Bromma) nummer ni på 10 kilometer klassisk fredag i eldste juniorklasse. (Nummer 13 på 20 kilometer).

Gode etappar

I tillegg hamna to løparar like utanfor topp ti:

* Ingrid Røe Gullingsrud (Bromma) følgde opp 12.-plassen på fem kilometer klassisk med same plassering på 7,5 kilometer skøyting.

* Bjørnar Stensrud Tyribakken (Bromma) nummer 14 på 20 kilometer skøyting.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to Bromma-løparane gjekk også gode etappar i stafetten som avslutta meisterskapet sundag. Tyribakken gjekk på Buskeruds andrelag som vart nummer seks. På dette laget gjekk også Mikkelsplass og Fjeld Andersen. Marte Mikkelsplass og Ingrid Røe Gullingsrud gjekk på Buskerud-laget som vart nummer 12.