Åttandeplass til Sjåstad Christiansen

Vetle Sjåstad Christiansen måtte sjå langt etter pallen under sundagens fellesstart i Oberhof.

Med sterk vind og krevjande forhold var det duka for ein spennande fellesstart under verdscupen i Oberhof sundag ettermiddag. Vetle Sjåstad Christiansen følgde tett med i teten gjennom dei fyrste fem kilometerane, og på fyrste skyting klinka han til med fullt hus. Det same gjorde Johannes Dale og Tarjei Bø. Men derifrå gjekk det gradvis nedover for alle dei fire norske utøvarane. Med to bom på andre skyting rykka Sjåstad Christiansen ned til 15.-plass. Med Johannes Thingnes Bø på benken, hadde Martin Fourcade rom for å vise seg. Franskmannen runda av med fullt hus og ein bom på dei to siste skytingane. Såleis hadde han så godt som sikra seg fyrsteplassen. Fourcade cruisa inn til ny siger, og tok med det leiinga i verdscupen samanlagt. Med ein fjerdeplass vart Johannes Dale beste nordmann. Vetle Sjåstad Christiansen tok åttandeplassen, 48.9 bak Fourcade.

Vetle Sjåstad Christiansen måtte ta til takke med åttandeplass under sundagens fellesstart i Oberhof. Foto: Mona N. Stensvold