Jesper Taaje og Espen Garnås har vore viktige for HamKam og LSK. Hallingdølen har laga «Garnås-tabellen»i LSK og «Taaje-tabellen»i HamKam for å vise kor godt det har gått med klubbane etter at hallingane kom dit.

Alt har snudd med Garnås og Taaje på laget

Då Espen Garnås og Jesper Taaje gjekk til Lillestrøm og HamKam, låg laga på femte- og sisteplass. No kjempar dei om opprykk og kvalik til Eliteserien.

Fotball: Espen Garnås til Lillestrøm og Jesper Taaje til HamKam har vore av dei meir vellukka overgangane i OBOS-ligaen i haust. Dei to midtstopparane skifta begge klubb i septembervindauget. Om ein studerer «Garnås- og Taajetabellane» er det særdeles triveleg lesing sett med hallingauge.

— Jaså? Når du seier det, så er det ikkje overraskande. Det har stort sett vore gode resultat i haust. Me hadde ei solid sigersrekke ei stund, seier Garnås og refererer til 32 poeng på dei fjorten kampane LSK har spelt med nesningen på laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Espen Garnås og Frode Kippe etter seriekampen mot Sogndal tidlegare i haust.

— Det har vore moro å kome til eit lag som kjempar heilt i toppen. LSK var storfavorittar før sesongen, men låg litt bakpå då eg kom dit. Det har vore moro å hente inn gapet. I lange periodar har me spelt veldig god fotball, utan frykt og som eit topplag.

Fått sjølvtillit

Då Taaje kom til Hamar låg laget desidert sist på tabellen, med fattige ti poeng på 15 kampar. Etter å ha scora i debutkampen har han vore fast i startrekkja til trenar Kjetil Rekdal. På dei 13 kampane med hemsedølen i klubben har det vorte 25 poeng.

Hallingdølen har laga «Garnås-tabellen» i LSK og «Taaje-tabellen» i HamKam for å vise kor godt det har gått med klubbane etter at hallingane kom dit. Denne tabellen er gjeldande frå den dagen dei kom til klubbane. Alle kampar spelt før dette, er altså ikkje tatt med.

Med to kampar att kan framleis laget kjempe om kvalikplass, med full pott og marginane på si side. Noko «nedrykksspøkelse» pratar dei ikkje lenger om på Hamar.

— Det har vore veldig kjekt å spele på eit lag som har fått sjølvtillit. No går me på banen med tru på at me kan slå kven som helst. Det er utruleg kult. Då eg signerte, brukte eg ikkje ein kalori på at kvalik til Eliteserien skulle vere eit alternativ, seier hemsedølen.

— Kva gjer det med deg?

— Eg har spelt på meg meir sjølvtillit, eg òg. Det gir motivasjon til å legge ned den innsatsen som krevst til vinteren for å bli meir stabil på eit høgare nivå. Duellspelet mitt er bra nok, men elles meiner eg eg må heve meg litt på det meste.

Slik ser serieinnspurten ut:

HamKam:

Ligg på niandeplass per 25.11.

Møter:

UllKisa heime

Øygarden FK borte

Lillestrøm SK:

Ligg på andreplass per 25.11

Møter:

HamKam borte

KFUM heime

Grorud heime

No tør han seie høgt at han drøymer større oppgåver enn OBOS-ligaen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jesper Taaje scora i debuten for HamKam.

— Eg vil ta det siste steget. Det er ikkje noko å legge skjul på. Når eg har moglegheit, må eg ta sjansen. Rekdal gir meg ikkje sjansen for å vere grei, eg har fått spele fordi eg er god nok. Det gir meg ei sikkerheit, og eit håp om at dette kan vere eit godt mellomstopp før det siste steget, seier Taaje.

Lagkameratar

Felles for dei er at begge har ei fortid i Hallingdal FK. Dei to OBOS-stopparane spelte sju kampar saman våren og sommaren 2013, før Espen Garnås forlét Hallingdal FK. Seinare spelte dei ein kort periode i lag i Kjelsås i andredivisjon.

Jesper Taaje og Espen Garnås våren 2017, då dei begge var midtstopparar i Kjelsås. (Foto: privat)

No er Garnås og Taaje sentrale i kvart sitt OBOS-forsvar, for LSK og HamKam. Begge har vorte nemnt heilt i toppen av hovudsterke stopparar i årets fyrstedivisjon.

— Espen var viktig for at eg reiste til Kjelsås, og ei god sikkerheit for meg den fyrste tida der. Det er skikkeleg kult det han har fått til, det gir motivasjon for meg til å prøve på det same. No er han i ein skikkeleg kul klubb, spelar kampar på gras og eit skikkeleg anlegg, seier Taaje.

Er de litt like som spelartypar?

— Me har ein del av dei same kvalitetane. Men han har nok meir trykk i duellane enn meg, og dreg på seg litt fleire gule kort. Der er han god, det trur eg dei set pris på på Åråsen.

Jesper Taaje og Espen B. Garnås i HFK-drakt på Norway Cup sommaren 2013.

Garnås rosar Taaje for utviklinga han har hatt dei siste åra, og meiner den tidlegare lagkameraten lenge har vore av dei beste spelarane i andredivisjon.

Jesper Taaje har vore eit viktig bidrag for HamKam i haust.

— Endeleg tok han steget opp. Det var veldig kjekt. Om han held fram med den utviklinga, så vil han spele i Eliteserien før eller seinare. Han har nokre kvalitetar som klubbane ser etter hos midtstopparar i dag. Han er god til å forsvare boks og bidreg i det offensive spelet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spennande duell

Laurdag skulle dei to laga møtast på Briskeby, til kampen som begge hallingane meiner dei «må vinne». Grunna koronakarantene i LSK etter kampen mot Jerv sist veke, er den utsett. Onsdag kveld kom NFF med ny plan for dei siste seriekampane i OBOS-ligaen. Fleire kampar vart utsett grunna fleire lag i karantene. HamKam-LSK har blir spelt sundag 6. desember.

— Det blir skikkeleg artig å møte Espen og LSK. Det er ein kamp begge lag må vinne, men eg håpar sjølvsagt me tek det. Føresetnadene er der for ein skikkeleg kul kamp. Eg gler meg, og håpar me får nokre duellar, seier Taaje.

Espen Garnås håpar han kan kalle seg Eliteseriespelar i starten av desember.

For Garnås og LSK er situasjonen andreplass og direkte opprykk per i dag. Men dei har tre kampar att og Sogndal jagande to poeng bak, med ein kamp meir før runden til helga.

— Det blir ein tøff kamp. Me møttest sist i ein cupkamp mellom Kjelsås og Kisa. Jesper har vore veldig god, og HamKam har vore i god form. Han har kanskje ein cm eller to på meg i høgda, men høgde er ikkje alt. Me må vere på heile vegen. Me får ikkje noko gratis på Briskeby, seier Garnås.

Espen Garnås feirar heimesigeren mot Ranheim med resten av Lillestrøm-laget tidleg i haust.
Jesper Taaje meiner han har heva seg etter overgangen frå Kjelsås til HamKam.
Espen Garnås trivst godt i gult og svart.