annonse

Alpint: Poeng til Tviberg

Bjarne Tormodsgard

Maria Tviberg frå Geilo køyrde inn til ein 20.-plass og sikra seg 10 verdscuppoeng under storslalåmrennet i tsjekkiske Spindleruv Mlyn sist fredag. Vinnar vart Petra Vlhová frå Slovakia føre Viktoria Rebensburg frå Tyskland og Mikaela Shiffrin frå USA. Beste norske vart Mina Holtman som enda på ein 12.-plass. Ragnhild Mowinckel vart nest beste norske med ein 14.-plass medan Kristin Lysdahl kom på plassen bak.

Tviberg var snautt to sekund bak vinnaren Petra Vlhová.

annonse