Alpint: Hemsedøler klatrar på listene

Fleire hemsedalsalpinistar viser lovande takter om dagen.

Andrea Skaaland Larsen (Hemsedal) har teke store steg i vinter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire gonger har ho vore på pallen i FIS-renn. Sist helg køyrde ho godt i slalåmrennet i Trondheim, og tok tredjeplassen under storslalåmen på Oppdal i starten av veka. Begge dagar låg ho på andreplass etter fyrste omgang. I tillegg er Tomas Markegård tilbake frå skadeavbrekk. Han har brukt den siste månaden på å køyre europacup og FIS-renn i utfor og super-G.

Gustav Rosberg Vøllo, som var teken ut til junior-VM rakk ikkje å kome i storslalåmform før meisterskapen startar til helga. Han pådrog seg ei leddbandsskade på trening før europacupstarten i Sverige i haust. Sist torsdag var han klar for å starte sesongen på Oppdal, men har sagt frå seg plassen til VM.

Om ein dryg månad arrangerer Hemsedal NM i alpint, då er det fleire lokale håp på start.