annonse

Alpint: Godkjent av Tviberg

Tilbake
Tilbake: Maria Tviberg trener i skianlegget på Geilo. (Foto: Mona N. Stensvold)

Maria Tviberg hadde eit lovande comeback i europacupen i dag.

Mona N. Stensvold

Alpint: Geiloalpinisten køyrde sitt fyrste renn på fjorten månader sist veke.

I dag prøvde ho seg i eit storslalåmrenn i europacupen i sveitsiske Zinal. I fyrsteomgang var Tviberg nummer 30, 2 sekund og 68 hundredelar etter sveitsiske Franziska Gritsh. Med det kom ho vidare til andre omgang. Der køyrde ho seg opp til 18.-plass. I mål var ho dryge tre sekund etter Gritsh, som vann på heimebane.

Planen er at Tviberg skal trene og konkurrere med europacuplaget dei neste vekene, og alt tysdag er det eit nytt europacuprenn i storslalåm same stad.

annonse