Ola H. Tretterud og Steinar Aa med gåvebrevet.
Ola H. Tretterud og Steinar Aa med gåvebrevet.

Vingåva

Ål helsetun: 20. oktober 1983.

«Dette har eg tenkt på lenge. Dette seier 75 år gamle Ola H. Tretterud frå Torpo. I eit gåvebrev datert 5. oktober har han gitt 100 000 kroner til Ål sjuke- og aldersheim. Rentene, rundt 10–11 000 kroner årleg, skal nyttast til å kjøpe «alkoholfri vin, vanleg vin, raudvin og brennevin» som det står i gåvebrevet. Og det er vidare spesifisert at med brennevin meiner ein konjakk, likør, whisky og akevitt». (Hallingdølen 22. oktober 1983)

«Styrar Steinar Aa ved sjuke og aldersheimen er sjølvsagt både glad og takksam for denne gåva, Noko utsvevande liv trur han ikkje det vil bli på helsetunet heretter. Det søte liv er no ein gong ikkje ei livsform dei fleste av pensjonærane der har ført».

Artikkelen held fram under annonsen.

«Men no skal dei altså få smake. Me skal sette fram vin til sundagsmiddagen, også alkoholfri vin, sjølvsagt – og til høgtider skal det bydast på dram til den som vil, slår Steinar Aa fast».

«- Ja, slik skal det vere, nikkar Ola H. Tretterud. Alle som vil, skal ha, og dei skal ha likt. Ingen skal ha for mykje».

Det var styret for heimen som skulle administrere gåva og sørgje for at det vart innkjøpt varer i samsvar med det som er føreskrive:

«Det som vert kjøpt inn, skal bjodast fram til dei som bur i Ål sjuke- og aldersheim, og til tider som styraren finn høvande ...» (Hallingdølen 22. oktober 1983)

Ål var ikkje først ute med ei slik vingåve. Både Gol og Nes hadde allereie fått sine vinlegat. Og kven veit, kanskje eksisterer desse vinlegata framleis?