Det er harde tak når det er kolonnekøyring på Rv7 over Hardangervidda.
Det er harde tak når det er kolonnekøyring på Rv7 over Hardangervidda.

Uver i fjellet

Hardangervidda: 18. november 1980.

«Riksveg 7 over Hardangervidda er ein livsnerve for sambandet mellom aust og vest. Men Vidda er lunefull, og difor er kolonnekøyring vanleg på denne tid av året. Og dette kan vere dramatisk nok. Hallingdølen har vore med brøytemannskap frå Buskerud og Hordaland ein dag på Hardangervidda. Eivind Gauteplass og Knut Hvammen køyrde på Buskerudsida. På biletet står vestgåande kolonne fast i ein snøskavl like vest for Dyranut. Vidda går i ein einaste kok, og sikten er minimal. Her tel kvart minutt. Blir ein sittande fast her, sit ein i klemma. Dette er Hardangervidda på det hardaste». (Hallingdølen 22. november 1980)

«- Ditta e’ no reina fineveret, han var mykje verre i dag tidleg. Du skulle ha vore med ein dag det var verkeleg ille, seier brøytebilsjåfør Svein Tveit».

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med Arne Hereid var han mannskap på Hordaland Vegvesen sin brøytebil. Rett som det var, måtte dei stoppe. Og rett som det var, mangla det ein bil i kolonnen. Då måtte dei rygge til dei fann den ståande i ei fonn. Så få den laus. Dytte, spa den fram, eller røske den laus med kjetting. Og det måtte gå fort. Så bar det vidare i snøkaven.

«Plogen skjer seg inn i ei skulderhøg fonn. Spruten legg seg rundt bilen og tettar all sikt. Me ser ikkje eingong motorpanseret. Brøytebilen klorar seg langsamt fram i blinde til det verste fokket driv unna. Rundt oss står himmel og landskap i ein kok. Vi manøvrerer frå stikke til stikke. Plutseleg er det gjerne fri sikt i hundre meter før fokket igjen kastar seg over oss og mørklegg oss.» (Hallingdølen, 22. november 1980)

Dette var i 1980. Den tid var vegen vinterstengt. Når det vart for ille, stengde vegvesenet vegen og opna den att utpå våren. I dag er Rv7 heilårsopen. Difor kan det nok framleis gå «ei kule varmt» når vêrgudane slepp seg lause på Hardangervidda ein vinterdag.

Ein bil står fast og må hjelpast laus av brøytebilen. Rv7 over Hardangervidda.

Eit vogntog sneglar seg fram gjennom snøføyka. Rv7 over Hardangervidda.
Eit vogntog sneglar seg fram gjennom snøføyka. Rv7 over Hardangervidda.