Dette har me venta lenge på, sa Lilly Teigen (t.v.) og Ingjerd Berg Helleland.
Dette har me venta lenge på, sa Lilly Teigen (t.v.) og Ingjerd Berg Helleland.

To som venta lenge

Ål kulturhus: 24. november 1992.

Kulturhus i Ål var ein gammal tanke som kan sporast så langt attende som til 1930-talet. Men ting tek tid. Då Ål kulturhus endeleg opna 28. november 1992, var det to personar som hadde venta lenger enn dei fleste, og som gledde seg svært; Lilly Teigen og Ingjerd Berg Helleland. Begge hadde vore kulturstyreleiarar i mange år, og begge hadde arbeidd med å få til eit kulturhus i Ål.

«Lilly Teigen var den første formannen i Ål kulturstyre, frå 1975 til 1979. I denne perioden vart tanken om kulturhus på nytt teken opp, og etter eit stort folkemøte på Evjens Minne formulerte Lilly Teigen, Svein Helge Bekkestad og Håkon K.M. Skrindo det som etter kvart vart eit slagord: – Me treng ein sal der me kan sitte godt, sjå godt og høyre godt ...». (Hallingdølen 24, november 1992)

Artikkelen held fram under annonsen.

I 1979 overtok Ingjerd Berg Helleland som kulturstyreleiar og arbeidet gjekk vidare. Midt på 80-talet tok det til å dukke opp kulturhusløyvingar på langtidsbudsjetta. I 1986 vart det ei mobilisering av alle kulturinteresserte som kravde at arbeidet måtte få fart. Og det gjorde det.

«Som drivande kraft i Folkemusikkveka i Ål har Ingjerd Berg Helleland i mange år venta på eit kulturhus å by utøvarar og publikum. Og nettopp kulturhuset vil stå sentralt i neste års folkemusikkveke. Ingjerd Berg Helleland såg store moglegheiter. – Det er Griegjubileum neste år. Tenk berre på kva det vil seie å få eit flygel inn i konsertsalen. Eit hovudinnslag under jubileet er konsert med Griegs slåttar på klaver og fele. Ein konsert som i eit nøtteskal fortel om folkemusikken sin betydning for kunstmusikken». (Hallingdølen 24. november 1992)

Og det var framsyninga «Fossegrimen» som opna Ål kulturhus, laga av lokale krefter med Eldgrim Springgard, Knut Bry og Erik Wøllo i spissen.