Ola Fauske ved peisen. Oktober 2005.
Ola Fauske ved peisen. Oktober 2005.

Ola Fauske

Tuv, Hemsedal; oktober 2005.

I oktober 2005 besøkte Hallingdølen Fausko skysstasjon i Hemsedal og laga ei stor reportasje som kom i Vintermagasinet same året. Fausko var året før tildelt NHO Buskeruds nyskapingspris. Dette var noko av juryen si grunngjeving:

« ... Fausko er et annerledes møtested. Etter kort tid kjenner du atmosfæren som er båret oppe av generasjoners erfaring satt inn i en ny tid ...»

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein av dei generasjonane det vart referert til her, var Ola Fauske, som då var 85 år og tredje generasjon på garden. Kulturpersonen Ola Fauske var ein institusjon i bygda, kjent som spelemann, dansar og historieforteljar. Hans muntlege forteljekunst gav stoff til to bøker som dottera Marit Fauske Bjerkan redigerte og gav ut. Bøkene kom i 2010 og 2011.

I oktober 2005 sat Ola ved peisen og fortalde humoristisk og opplagt frå gardshistoria, krydra med anekdotar.

«Det var oldefaren Ingvar som la grunnlaget for storgarden, då han i 1853 kjøpte og slo saman to Fauskogardar. I 1872 starta Ingvar skysstasjon saman med sonen Ola. Den daglege postvogna trengde ein stad dei kunne bytte hestar og gje postmannen og passasjerane mat og kvile». (Hallingdølen oktober 2005/Vintermagasinet).

«Stordomstida var på 1890-talet, men mellom 1915 og 1920 var det slutt. Bilens inntog gjorde at det ikkje lenger var behov for skysskifte, fortel Ola».

I dag er det Knut Fausko som driv Fausko. Han har skapt ein særprega stad, med den årlege Fauskivalen som høgdepunktet.

«Fausko Skysstasjon er en av de viktigste kulturhistoriske gårdene i Hemsedal, særlig på grunn av sin sentrale historie som skysstasjon på hovedveien mellom Oslo og Bergen». (Wikipedia).

«Eg synest Knut har skapt ein flott stad, og det er stas at folk trivst så godt når dei kjem til Fausko. Men bonden i meg blir aldri borte. Eg er nok ingen turistmann eg, sa Ola Fauske». (Hallingdølen oktober 2005/Vintermagasinet).

Ola Fauske døydde i juni 2012.