F.v. Redaktør Sigbjørn Tormodsgard, Einar Gerhardsen, Terje Snare (teknisk sjef i Hallingdølen) og disponent Erling Vindegg.
F.v. Redaktør Sigbjørn Tormodsgard, Einar Gerhardsen, Terje Snare (teknisk sjef i Hallingdølen) og disponent Erling Vindegg.

Landsfaderen på besøk

Sundre, Ål: 6. november 1979.

«Med sine 82 år er vår tidlegare statsminister Einar Gerhardsen ein usedvanleg sprek pensjonist. Torsdag kveld gjesta han ei tilstelling som arbeiderkvinnene hadde i Ål». (Hallingdølen 6. november 1979)

Han besøkte då Ål Arbeiderkvinnegruppe, som hadde hyggekveld på Ål Gjestgiveri. Der vart han fotografert saman med «den unge songfuglen Reidun Vestenfor» som underheldt. «Gerhardsen har ein særleg appell til folket, anten han talar om politikk eller om hendingar i sitt eige liv», skreiv referenten. Den tidlegare statsministeren fekk overrekt ein trebolle, utskoren av Oddemann Haugen, som eit minne.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Fredag morgon ville han sjå seg rundt, og før morgonekspressen gjekk av garde til Oslo klokka 11 hadde han rukke å besøke både Ål Helsetun og Hallingdølen. Han gav tydeleg uttrykk for at han var imponert over helsetunet. I Hallingdølen orienterte han seg om framstilling og tilhøve i ei landssens lokalavis, og her vart det servert snittar og kaffi før han gjekk på toget. Heile tida var Gerhardsen i storform, og samveret vart krydra med talrike anekdotar og historier, som han er landskjend for. Gerhardsen opplyste at han har trappa ned på sine gamle dagar. No held han «berre» 100 foredrag i året. Men den eine veka er ikkje den andre lik: Denne veka skal han halde seks foredrag rundt i landet. Den som var like sprek om han vert så gammal!» (Hallingdølen 6. november 1979)

«Einar Henry Gerhardsen (født 1897 som Einar Henry Olsen, død 1987) var norsk politikar som representerte Arbeiderpartiet. Han var Norges statsminister frå 1945 til 1951, frå 1955 til 1963 og frå 1963 til 1965». (Wikipedia)