annonse

Ho slår i bordet når det er nødvendig

Karianne Sørbøen
Karianne Sørbøen: - Det skjer noko når eg set meg i passasjersetet i ein lastebil. Det er då sjåførane opnar seg og begynner å prate. (Foto: Tor Folgerø)
Karianne Sørbøen

+ – Og det er det, frå tid til annan. Eg er inga kruttønne, men eg har blitt mykje meir sinna enn eg var før.

Tor Folgerø

Ho er dagleg leiar i ei stor entreprenørbedrift. Ein jobb som luktar steinstøv, olje, nylagd asfalt og testosteron. Dette er ein bransje der vegen til sjefsstolen gjerne går via førarhuset på ei anleggsmaskin. Karianne Sørbøen har klatra ei anna trapp.

Eg kan nok til at eg kan late som eg har peiling, men eg likar ikkje intrikate oppfølgingsspørsmål.

– Kva er ditt forhold til anleggsmaskiner?

– Eg hadde ikkje så mykje greie på maskiner. Men eg er god til å grave og spørje og har lært mykje på den måten. Eg kan nok til at eg kan late som eg har peiling, men eg likar ikkje intrikate oppfølgingsspørsmål. Då fell eg fort igjennom, ler ho.

Det ho manglar av erfaring med gravemaskiner, hjullastarar, lastebilar og dumparar, veg ho opp med kunnskap om tal og økonomi. Sørbøen vart aldri skulelei. Etter vidaregåande hadde ho lyst til å studere, men hadde også eit behov for å lufte seg. Først studiar i Sogndal og Kristiansand, deretter eit halvår som utvekslingsstudent i USA. I 1998 tok ho eksamen som siviløkonom.

– Min fyrste ordentlege jobb var på hovudkontoret til NSB. Ja, viss du ser bort frå sommarjobbane på sentralbordet til Hallingdølen, seier ho. Etter nokre år på økonomiavdelinga til NSB i Oslo, lengta ho heim. Men fanst det spennande jobbar å få for ein siviløkonom i Hallingdal?

Kanskje hjelpte det på lokalkunnskapen og kontaktnettet å ha sommarjobb på sentralbordet i lokalavisa. Ho fekk tilbod om å bli rekneskapsførar og etter kvart avdelingsleiar i Visma Hallingdal. Og etter ei tid vart ho rekruttert som økonomisjef i T. Engene, ein jobb ho har hatt dei siste ti åra.

Eg gjorde eit fornuftig val då eg la opp.

Og i haust vart det ledig i sjefsstolen. Då tok ho steget opp.

Ho voks opp på gard, som yngstejente med to eldre brør. Karianne er glad ho ikkje hadde odel på garden. Ho forelska seg aldri i traktoren.

– Eg var aldri så interessert i gardsdrift, seier ho. Eilev er ti år eldre. I dag er det han som er bonden på farsgarden, Skjervheim. Og sju år eldre Arnstein vart i fjor rektor på Ål vidaregåande skole.

– Korleis har oppveksten prega deg?

– Eilev er så roleg. Han klarte eg aldri å terge. Men Arnstein var lett å trekke opp. Eg trur han syntest at eg generelt var ei irriterande veslesyster. Eg masa sikkert om å få vere med på alt dei dreiv med. Eg var litt gutejente. Alt var moro å prøve. I oppveksten dreiv dei med hopp og kombinert. Hopptrening i Bråtabakken. Men dei gav seg med hoppinga innan eg var stor nok til å sette utfor i ovanrennet, seier ho. I staden følgde ho i brørne sine skispor inn i skiskyttarmiljøet.

– Eg gjekk aktivt til eg var ferdig på vidaregåande. Det hadde ikkje gått så bra i sporet det siste året. Skikarrieren var på hell. Eg gjorde eit fornuftig val då eg la opp. Eg var meir motivert for å studere. Men eg synest framleis det er moro å gå på ski. Det hender eg går turrenn, både for mosjonen og fordi eg likar det sosiale i idretten. Og viss eg skal kople heilt av, reiser eg gjerne åleine til fjells eller på ski. Då opplever eg naturen på ein annan måte og får gå i mitt eige tempo, seier ho.

Det er berre tull at menn er meir «rett fram».

Norge har ein kjønnsdelt arbeidsmarknad. 85 prosent jobbar i eit kvinne- eller mannsdominert yrke, viser ein rapport frå Institutt for samfunnsforsking. Karianne Sørbøen har prøvd begge deler. Ho var avdelingsleiar på Visma, der 90 prosent av kollegaene var damer. Ho var spent på overgangen til anleggsbransjen.

– Frå ein kvinnearbeidsplass til ein rein mannsbastion?

– Eg hadde trudd det var større forskjell, seier ho.

– Det er berre tull at menn er meir «rett fram». Dei er ikkje så tøffe som dei vil ha det til. Mange er redde for å stå i ein diskusjon, sjølv om dei kan vere direkte når dei skal tøffe seg. Eg saknar at menn er opne. At dei tør å ta kontakt og fortelje kva som plagar dei. Eller at dei i det minste tør å gje eit ærleg svar på eit direkte spørsmål. Eg er litt skuffa over mannfolk som trekkjer seg. Og så synest eg at enkelte karar skryter for mykje.

– Har du låg terskel for mannfolkskryt?

– Eg hugsar ein middag eg var i der mannfolka la ut om eigne prestasjonar på jobb, kor gode resultat dei hadde og kor mykje dei tente.

– Er ikkje det litt sexy?

– Nei, veit du, då ler eg for meg sjølv.

Viss eg sit i passasjersetet og har dei på tomannshand, då kan dei prate om alt som er.

– Kvinneleg sjef i eit mannfolkyrke. Kva gjer du for å setje deg i respekt?

– Eg føler eg får respekt sjølv om eg ikkje kjenner alle dei praktiske detaljane. Eg trur det hjelper at eg viser interesse. Eg skulle sikkert vore meir ute på byggeplassane, men eg passar på å kome meg ut av kontoret og lufte meg når eg kan. Viss eg er på eit møte i Oslo, stikk eg alltid innom til dei som jobbar i Osloområdet. Det skjer noko når eg set meg i passasjersetet i lastebilen. Det er ofte då dei opnar seg, seier ho.

– Dei beste samtalane skjer side-ved-side, med utsikt mot ein anleggsveg?

– Ja, viss eg har møte med sjåførane i plenum, då er det ingen som seier noko. Men viss eg sit i passasjersetet og har dei på tomannshand, då kan dei prate om alt som er, samlivsbrot og nye forhold. No er det likevel berre jobbsituasjonen eg kan gjere noko med. Og det er ikkje alltid det er råd å gjere alle til lags. Det ligg til leiarjobben at eg av og til må gjere upopulære vedtak og stå i det, seier ho.

T. Engene AS har hatt 30–40 mann i arbeid med utkøyring av tunnelmasse på Follobaneprosjektet. Dette er det største enkeltprosjektet bedrifta jobbar med. I fjor vinter måtte dei stoppe arbeidet på Follobanen og permittere tilsette. Bakgrunnen var likviditetsproblema til den italienske totalentreprenøren, Condotte. Det gjekk nesten to månader før T. Engene kunne ta opp att arbeidet for fullt.

– Dette var før du tok over som leiar. Korleis ville du takla ein slik situasjon?

– Det er ikkje moro når det går ut over enkeltpersonar. Men som leiar har eg eit ansvar for økonomien i ei stor bedrift. Då handlar det om å ta vare på folk, vere der og støtte dei som blir ramma. Det er viktig å lytte til tilsette, finne løysingar som begge partar kan leve med og at begge partar forstår kvifor situasjonen er som han er.

Eg har lært meg ein teknikk der eg fleipar og slår i bordet på same tid. 

Bygg- og anleggsbransjen er ikkje fri for pengekranglar. Det er ofte eit stort konfliktnivå i samband med oppgjer. I fjor vår gjorde NRK ei undersøking som viste at norske entreprenørar meiner dei har 2,5 milliardar uteståande berre hos statlege byggherrar. Statens vegvesen toppa statistikken. Etaten hadde blitt saksøkt meir enn 30 gonger dei seinaste åra av entreprenørar som meinte dei hadde pengar til gode. Også T. Engene har konfliktar som må løysast i retten.

– Me har to saker for retten. Det er viktig å få rett oppgjer for den jobben me gjer. Me har advokatar som hjelper oss med dette, men det tek mykje tid og krefter, seier Sørbøen.

– Hender det at du må slå i bordet?

– Eg trudde eg var roleg og hadde lang lunte. Eg kan sitje roleg og halde kjeft lenge, men når grensa er nådd, seier eg frå. Eg har blitt flinkare til å slå i bordet. Det gjer eg når det er heilt nødvendig, og det er det frå tid til annan. Men eg har lært meg ein teknikk der eg fleipar og slår i bordet på same tid. Det kan fungere, for som regel er det nok til at dei skjønar kva eg meiner. Men det hender også at eg må legge vekk fleipen og bli skikkeleg sinna. Eg hugsar ikkje at eg var så sinna før. Det er framleis ikkje ofte at det skjer, men langt oftare enn tidlegare.

– Du har blitt ein trykkokar som kan eksplodere?

– Nei. Eg er ingen trykkokar, ler Karianne Sørbøen.

annonse