Det er eitt hundre år sidan Mikkjel Fønhus udødeleggjorde jakten på slagbjørnen Rugg i boka «Der villmarka suser».
Det er eitt hundre år sidan Mikkjel Fønhus udødeleggjorde jakten på slagbjørnen Rugg i boka «Der villmarka suser».

Thomas har Fønhus-dilla

Ein gjetargut som vart drepen av ein bjørn. Historia er udødeleggjord i ei bok som skapte ein myte – og slagbjørnen Rugg.

Historia er ein villmarkstragedie. Ein tragedie som er sann. Forfattaren Mikkjel Fønhus baserer seg på ei faktisk historie i «Der villmarka suser», som han slo gjennom med for 100 år sidan.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var starten på eit langt forfattarskap med villmarksromanar, dyreskildringar og formidling av trolske stemningar. Og det er i denne boka at han lyftar fram den dramatiske historia om jakta på bjørnen som drap ein gjetargut i Flå. Bjørnen fekk namnet Rugg, som «ble den farligste slagbjørnen folk minnes i Vassfarfjella», slik Fønhus skildrar han. Han var større enn bjørnar flest og han hadde villmarkas fargar i pelsen. «Mørk som en seinvoksen fjellskog, som en vass-siklende bergvegg».

For ein elegant karakteristikk av kjempebjørnen. Mikkjel Fønhus var ein meister med eit språk med ein særeigen poesi.

{{imageLeft}}

Thomas Mørch i sitt første bjørnehi som han fann i eit bratt og tett terreng, inne i ei stor maurtue.
Thomas Mørch i sitt første bjørnehi som han fann i eit bratt og tett terreng, inne i ei stor maurtue.
Thomas Mørch har bokhylla full av Fønhus-bøker, men for han er «Der villmarka suser» den beste.
Thomas Mørch har bokhylla full av Fønhus-bøker, men for han er «Der villmarka suser» den beste.
Thomas har fått eit ark frå eit handskrive originalmanus av Mikkjel Fønhus.
Thomas har fått eit ark frå eit handskrive originalmanus av Mikkjel Fønhus.
Thomas Mørch med eit originalmanus av Mikkjel Fønhus og ei bok som han aldri blir lei av. «Der villmarka suser», som kom ut i 1919, blir rekna som noko av det beste av villmarksforteljingar.
Thomas Mørch med eit originalmanus av Mikkjel Fønhus og ei bok som han aldri blir lei av. «Der villmarka suser», som kom ut i 1919, blir rekna som noko av det beste av villmarksforteljingar.
På venstrearmen har Thomas tatovert inn signaturen til forfattaren Mikkjel Fønhus.
På venstrearmen har Thomas tatovert inn signaturen til forfattaren Mikkjel Fønhus.
På vinteren er alt så tett, stilt og mystisk i Vassfaret. Lite folk å møte på, og ein får ei heilt spesiell ro i sjela.
På vinteren er alt så tett, stilt og mystisk i Vassfaret. Lite folk å møte på, og ein får ei heilt spesiell ro i sjela.
Ofte går tankane til boka «Der villmarka suser», når ein sit åleine ei sommarnatt i Vassfaret.
Ofte går tankane til boka «Der villmarka suser», når ein sit åleine ei sommarnatt i Vassfaret.
Jeg og gordonsetteren min, Rugg, på Likkistefjell i Flå kommune. Gir vakkert panorama mot Vassfaret.
Jeg og gordonsetteren min, Rugg, på Likkistefjell i Flå kommune. Gir vakkert panorama mot Vassfaret.
Fotografert på viltkamera, påskeveka 2011. Mellom Aurdalsfjorden og Nevlingskollen.
Fotografert på viltkamera, påskeveka 2011. Mellom Aurdalsfjorden og Nevlingskollen.
På Flå kyrkjegard er det reist ei minneplate over Johan Sagadalen.
På Flå kyrkjegard er det reist ei minneplate over Johan Sagadalen.
På denne staden vart Johan Sagadalen angripen av bjørnen. Ei minneplate fortel om dramaet.
På denne staden vart Johan Sagadalen angripen av bjørnen. Ei minneplate fortel om dramaet.

I Nesbyen sat ein skuleelev og sleit med eit særemne.

På biblioteket kom han tilfeldigvis over «Der villmarka suser» på biblioteket. I dag sit Thomas Mørch (32) heime i stova med signaturen til Mikkjel Fønhus tatovert på venstre arm, og i handa held han eit A4-ark, eit originalmanus med handskrifta til Fønhus. Det fekk han av dottera til forfattaren.

– Eg vart heilt frelst etter å ha lese boka. Sidan har eg lese ho mange gonger, seier han.

Ungguten levde seg helt inn i historia om Rugg og den lange og intense jakta på bjørnen. Ei gammal historie, men spennande og fascinerande likevel.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når eg les Fønhus, er det som å vera med på ei reise der ein er eitt med naturen.

Det var i 1919 «Der villmarka suser» kom ut, to år etter at Mikkjel Fønhus frå Sør-Aurdal debuterte med «Skoggangsmann». Han brukte Vassfaret som ramme for mange av sine romanar. I «Der villmarka suser» tek han dette heilt ut.

{{imageLeft}}

Boka byggjer på historia om den då 13 år gamle gjetarguten Johan Sagadalen frå Flå. 16. august 1906 vart han overfallen og hardt skadd av ein bjørn ved Blåfjellhaugane ikkje langt frå Domfet, ei setergrend i fjellskogen ovanfor Olsonheimen i Vassfaret. Johan og den yngre broren Andreas var ute med kyrne denne dagen. Johan smatt inn i ein tett bjørkeskog for å sjå etter sauene då broren like etterpå høyrde eit redslesskrik og eit skrik frå eit stort dyr, omtrent som «boff» frå ein sint gris. Guten la på sprang ned til setra for å varsle gardbrukaren som dei tente hjå. Gardbrukaren, Ole K. Hilde, tok geværet og gav seg i veg opp til Blåfjellhaugane. Etter ein halv time kom han fram, og fann gjetarguten medvitslaus på bakken. Då han kom til seg sjølv, fortalde guten at då han kom til bjørkekrattet og fram mot ei dvergbjørg, kom bjørnen farande fram.

– Eg prøvde å springe, fortalde Johan.

Men bjørnen tok han att.

– Han høgg meg i låret, og så drog’n meg under seg og beit over heile andletet mitt, forklarte han.

I boka har gjetarguten Johan fått namnet Ola. Han kjem småspringande fram mot steinen der Rugg ligg med dei «hårlause fotskålene mot sola». Rugg høyrde han ikkje før han var like ved. Då såg Ola plutseleg eit veldig dyr som stod på to framfor han og korleis bjørnelabben høgg tak i hovudet hans. Myten er at Johan hoppa ned på ryggen til bjørnen. Det blir det stilt spørsmål ved.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forfattaren Per Hohle meinte at Fønhus som den bjørnevennen han var, har brukt diktarens fridom til å forsvare bjørnen. Hohle trudde ikkje at Johan hoppa ned på ryggen av bjørnen som låg og sov under ein stor stein. Vassfarkjennaren Magne Akervold i Flå meiner det same. «Ein bjørn ligg ikkje og søv blant sauer og folk», sa han ein gong. I 1932 skreiv gardbrukar Ole. K. Hilde, som fann Johan, ei melding til Stortinget, Riksarkivet og Statsarkivet om det som skjedde. Han skreiv at bjørnen låg under «en dvergbirk da den kom farande frem fra birken».

Johan Sagadalen døydde på Drammen sjukehus 14. september 1906 etter ei strabasiøs reise. Turen frå Domfet tok fire dagar. Han døydde av hjernebetennelse.

Men historia er ikkje slutt. I «Der villmarka suser» les me om ein halling som kom heim frå Amerika.

I boka heiter han Asle Søllrud. Hans verkelege namn var Steinar Steinarsson Ormerud. Han kom heim julaftan 1907. Tre månader seinare drog han inn i Vassfaret på jakt etter bjørnen som drap Johan Sagadalen. Han visste ikkje då at han sette i verk den mest segnomspunne bjørnejakta nokon gong her i landet. På det meste var 28 mann med på toktet i Vassfaret. Men jakta var vanskeleg. Ein etter ein gav seg. Berre ikkje Steinar Steinarsson Ormerud. I nærmare sju veker vart det jakta. Men den store bjørnen var rask og smart. Gong på gong rista han jegeren av seg.

13. mai fekk den uthaldande og innbitte jegeren nærkontakt med bjørnen som han hadde fotfølgd i desse vekene.

Han såg korleis bjørnen prøvde å kjempe seg fram i den lause snøen – vekk frå det opne terrenget. «Hundane følger han og henger i han. Da er det med eitt som om lufta eksploderer, rives i filler. Og der siger Rugg ende ned med splintret ryggrad». Slik skildrar Mikkjel Fønhus dødsstøyten.

Men var det Rugg som hadde drepe gjetarguten?

– Det er ord mot ord. Det er ikkje vesentleg. Men det var ein bjørn, seier Thomas Mørch.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når han blir minnt på historia igjen, er det som om håra reiser seg.

– Romantiserer Fønhus?

– Nei, svarar han, og ristar på hovudet. - Men han var nok ein einsam ulv, som dottera hans, Gudbjørg, også nemnde. Naturen var jo noko religiøst for han, og ingen kjende den betre. Kanskje hans overdreiv litt i synet på vern av naturen. Folk skulle jo leve av den også. Men å skrike høgt er vel ein vanlig tendens når det kjem nye tankar. Eg kjenner meg att. Den som vil vekke, må overdrive.

Bjørnen som Steinar Steinarsson Ormerud skaut er den største som er skoten i Vassfaret, blir det sagt. Det skal ha vore halvmeteren mellom øyro, og kroppen var lang og kraftig.

Gjetarguten Johan fortalde før han døydde at bjørnen var stor som kalven som gjekk på vollen. Altså ein liten bjørn, og ikkje ei kjempe som «var så lang at når han reiser seg på bakbeina, ville sjølv ein stor kar ikkje ha kunne bryte kvist så høgt oppe på trea som han», slik Fønhus fortel om Rugg.

Bjørnedrapet var ein villmarkstragedie, som sette kjensler i sving. Og den lever framleis.

Skuleguten Thomas Mørch – som vart heilfrelst Fønhus-entusiast etter å ha lese «Der villmarka suser» – er vorten ein dyktig og omtykt naturfotograf som har hausta prisar. Han traskar i Vassfaret på ski og på trugar, og til fots sommarstid, med kameraet sitt på leiting etter motiv. I bakhovudet hans surrar bøkene til Fønhus.

– Eg føler på ein måte at Fønhus er med meg i Vassfaret, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Spesielt om vinteren er det fint der. For då er det nesten ikkje folk. Då legg eg reinskinnet på ei barseng ved sida av bålet og søv under open himmel. Det har gitt meg mykje.

{{facts}}

Han har gått på sporsnø etter bjørn i det gamle bjørneområdet som har vore eit slags Sinsenkryss for bjørn, og han har faktisk fanga inn ein bjørn med eit viltkamera. Eit skikkeleg blinkskot i måneskinet.

– Året etter fann eg hiet ved Strøen.

Når han sit i ørnebua si heime i Nes med kameraet og ventar på ørna, brukar han ventetida til å lese Fønhus. Han blir aldri lei dei.

– Kva bok er den beste?

– «Der villmarka suser». Eg har lese boka 10–20 gonger, trur eg.

– Kvifor?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fønhus er flink til å skildre korleis han oppfattar måten dyr er på, korleis dei tenker, spesielt bjørnen som er kjent som eit klokt dyr.

Villmarkstragedien i Vassfaret blir ikkje gløymd. Ikkje minst på grunn av Mikkjel Fønhus.

På Flå kyrkjegard er det festa ei minneplate på ein stor stein der historia om Johan Sagadalen blir fortalt. På Blåfjellhaugene ved Domfet der bjørnen angreip gjetarguten er det også sett opp ei minneplate. 13. mai 1998, på dagen 90 år etter at Rugg vart skoten, avduka Sør-Aurdal historielag ei minneplate på staden der Rugg stupte av kulene frå geværet til Steinar Steinarsson Ormerud.

Alt saman til minne om ein liten gut og ein stor bjørn. 

Kjelder:

Mikkjel Fønhus: «Der villmarka suser», H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) 1976

Per Hohle: «Vassfaret», Gyldendal 1964

Per Hohle: «I bjørnemark og villfjell», Gyldendal 1976

Foto: Thomas Mørch

* Mikkjel Fønhus vart fødd i Sør-Aurdal i Valdres 28. oktober 1894, han døydde 28. oktober 1973. Fønhus lèt etter seg eit stort forfattarskap, og han etablerte seg som ein av våre mest folkekjære forfattarar. Hans totale bibliografi tel opp mot 60 bøker.

* Skrivestilen hans blir karakterisert som malerisk, effektiv og med særeigne poetiske innslag. Han hadde også ei eigen evne til å skildre og leve seg inn i dyrs liv og åtferd. Han brukte Vassfaret som ramme for fleire av sine romanar.

* DNT Ringerike bygde i 2012 ei turisthytte ved Strøen i Vassfaret. Den har fått namnet Fønhuskoia, kalla opp etter Mikkjel Fønhus.

* Fønhus tok i 1963 imot Språklig samlings litteraturpris. Bøkene hans er oversett til ei rekkje språk.

Kjelde: Wikipedia