For fyrste gong kan Vetle Sjåstad Christiansen hake av for alle måla han hadde sett seg for ein vinter.
For fyrste gong kan Vetle Sjåstad Christiansen hake av for alle måla han hadde sett seg for ein vinter.

Tett på Vetle Sjåstad Christiansen: Meir enn gull

I skiskyttarmiljøet er han er kjend som ein showmann, han som tek mikrofonen og syng i målområdet, og som likar å få folk til å le. Men Vetle Sjåstad Christiansen har fått erfare at toppidrett har mange sider.

No bur 27-åringen frå Geilo eit steinkast unna eit av dei travlaste vegkryssa i Oslo, etter fleire år på Lillehammer.

– Å flytte til Oslo var noko av det smartaste eg har gjort. Det var veldig bra på Lillehammer òg, men her har me alt i nærleiken, så dei fleste på landslaget bur her no, seier Christiansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han slappar av med ein kopp kaffi, har nettopp hatt ei treningsøkt i Holmenkollen. Etter gjennombrotssesongen går han vinteren i møte med meir sjølvtillit og optimisme. I vinter kunne han hake av for alle måla han hadde sett seg. To VM-gull og tre pallplassar i verdscupen vart det. For eit tilsvar til dei som meinte han aldri ville kjempe i verdstoppen!

– Det vart like bra som eg hadde trudd og håpa på, kanskje endå betre, seier han.

Eg hadde vel vore såpass tøff i trynet på trening at dei følte dei kunne ta sjansen.

Sterkast i minnet til 27-åringen sit anker- etappen på mixedstafetten i Östersund. Då han fyrst danka Tarjei Bø ut av laget, og så fekk tillit som ankermann. Eit overraskande val for mange, men Christiansen har overbevist på sisteetappar ved andre høve.

Vetle Sjåstad Christiansen vann IBU-cupen samanlagt.
Vetle Sjåstad Christiansen vann IBU-cupen samanlagt.
– Eg likar å vere han som får folk til å le, men er ikkje redd for å si ifrå om det er noko, seier Vetle Sjåstad Christiansen.
– Eg likar å vere han som får folk til å le, men er ikkje redd for å si ifrå om det er noko, seier Vetle Sjåstad Christiansen.
Med skiløyper like i nærleiken og gode treningsmoglegheiter trivst Vetle Sjåstad Christiansen som osloborgar.
Med skiløyper like i nærleiken og gode treningsmoglegheiter trivst Vetle Sjåstad Christiansen som osloborgar.
– Det er ikkje mange renn far min ikkje var med meg på før eg vart senior. Han har vore viktig, seier Vetle Sjåstad Christiansen om faren, Georg.
– Det er ikkje mange renn far min ikkje var med meg på før eg vart senior. Han har vore viktig, seier Vetle Sjåstad Christiansen om faren, Georg.
Dei gode resultata frå vinteren gjer at han tek fått på treningssommaren med meir sjølvtillit.
Dei gode resultata frå vinteren gjer at han tek fått på treningssommaren med meir sjølvtillit.
Vetle Sjåstad Christiansen vann talentrennet Young Star som 16-åring og møtte Kong Harald og president Tore Bøygard i Holmenkollen.
Vetle Sjåstad Christiansen vann talentrennet Young Star som 16-åring og møtte Kong Harald og president Tore Bøygard i Holmenkollen.
– Å vere på eit elitelag er ikkje som eit rekruttlag. Det er ikkje den same lagkjensla sjølv om me er kompisar er me også konkurrentar, seier Vetle Sjåstad Christiansen.
– Å vere på eit elitelag er ikkje som eit rekruttlag. Det er ikkje den same lagkjensla sjølv om me er kompisar er me også konkurrentar, seier Vetle Sjåstad Christiansen.
Vetle Sjåstad Christiansen var ein populær mann å få selfie med under NM på Liatoppen i vinter.
Vetle Sjåstad Christiansen var ein populær mann å få selfie med under NM på Liatoppen i vinter.
I fjor vann Vetle Sjåstad Christiansen IBU-cupen samanlagt.
I fjor vann Vetle Sjåstad Christiansen IBU-cupen samanlagt.
Ole-Einar Bjørndalen var Vetle Sjåstad Christiansen sitt store førebilete som ung løpar. Her er dei på same stafettlag under NM i 2009.
Ole-Einar Bjørndalen var Vetle Sjåstad Christiansen sitt store førebilete som ung løpar. Her er dei på same stafettlag under NM i 2009.
Vetle Sjåstad Christiansen gjekk over mål som ankermann for juniorlaget som tok gull i 2012. Også då var Johannes Thingnes Bø ein av lagkameratane.
Vetle Sjåstad Christiansen gjekk over mål som ankermann for juniorlaget som tok gull i 2012. Også då var Johannes Thingnes Bø ein av lagkameratane.
Vetle Sjåstad Christiansen er ikkje framand for å lage litt show for publikum i samband med renn.
Vetle Sjåstad Christiansen er ikkje framand for å lage litt show for publikum i samband med renn.
Vetle Sjåstad Christiansen med sju av juniormedaljane frå internasjonale meisterskap.
Vetle Sjåstad Christiansen med sju av juniormedaljane frå internasjonale meisterskap.
– Det har vore ein lang veg hit eg er no, men no kjenner eg på at det har vore verdt det, seier Vetle Sjåstad Christiansen.
– Det har vore ein lang veg hit eg er no, men no kjenner eg på at det har vore verdt det, seier Vetle Sjåstad Christiansen.

– Isolert sett var det ikkje eit sjansespel. Men det er alltid litt ekstra trykk i eit meisterskap, spesielt sidan det var mitt fyrste. Eg hadde vel vore såpass tøff i trynet på trening at dei følte dei kunne ta sjansen. Både trenarane og eg hadde trua. Me sa til oss sjølve i forkant at me var nøgd med medalje, me var ikkje favorittar.

Då Vetle gjekk over mål til sitt fyrste VM-gull som senior, vart det mykje kjensler.

{{imageLeft}}

– Det er enorm glede, men også lette. Me legg så mykje press på oss sjølve at du blir letta over å lukkast.

– Den etappen er det næraste eg kjem det perfekte løpet. Eg trur ikkje eg kjem til å gå ein så bra etappe igjen. Alt berre stemde. Eg gjekk mitt eiget løp og lét meg ikkje stresse av konkurrentane. Det vart det beste minnet frå sesongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då han vart stafettmeister ei veke seinare, var det med familie og vener blant publikum.

– Eg føler at eg er ein del av noko større når eg går renn og ser at det eg gjer betyr noko for nokon. Under stafetten fekk eg med meg at familie og vener var der. Dei laga eit show utan like ved målgang og på premieseremonien.

{{imageLeft}}

Han kjem frå ein idrettsfamilie. Turar og aktivitet var ein naturleg del av kvardagen.

– Eg er glad for alt dei har teke meg og systera mi, Tiril, med på. Når du er barn kan du ikkje nok til å ta rasjonelle val, kanskje vil du berre sitje inne heile dagen og spela data. Eg fann tidleg min idrett og hadde foreldre som involverte seg mykje. Eg føler det på mange måtar er mykje pappa si ære at eg har kome dit eg har. Det var ikkje mange renn han gjekk glipp av før eg vart senior. Han reiser ikkje så mykje no, men var på stafetten i Östersund. Det var stort.

{{facts}}

DEI NÆRASTE VEIT kor lang vegen til suksess har vore.

Vinteren for fire år sidan hadde geilingen treningsforbod. Nokre dagar eller veker med sjukdom er ikkje unormalt for dei som pressar kroppen på grensa til det ekstreme. Men Christiansen vart ikkje bra att.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

– Eg trudde det skulle ta nokre månader, kanskje eit halvår. Så vart det to-tre år før eg var heilt oppe att, seier han.

Utfordringane førte til at suksessen i vinter har betydd endå mykje meir. Han var tidleg spådd å vere «den neste store» i lag med eitt år yngre Johannes Thingnes Bø. I junioralder konkurrerte dei to om medaljane i internasjonale meisterskap, i lag med fleire løparar som i dag er i verdstoppen. Men virussjukdommen vart tøffare enn venta. Mange meinte han måtte gi seg, at det ikkje var verdt å presse seg sjølv slik, fysisk og mentalt.

– Eg har alltid vore veldig glad i å trene, og eg trur det berga meg. Det var det som heldt meg oppe då eg var sjuk, at eg hadde så stor glede av å trene. Sommaren og hausten var best, og så kom vinteren som var heilt jævlig når resultata ikkje kom.

– Kor «mørkt» var det?

– Veldig. Og drit kjedeleg. Det er nok fleire av dei som meinte eg burde gitt meg, enn av dei som sa eg skulle fortsette. Eg starta på skulen igjen, der får du igjen for innsatsen din på ein annan måte enn i idretten, og lærer deg etter kvart å få noko av den same gleda og meistringskjensla. Men eg kjente at eg framleis hadde noko å gjere i idretten og ville gi det eit forsøk. Det handla om å finne sin eigen veg og stole på seg sjølv, litt som når du skal finne opningsfarten eller løpsopplegget i eit skirenn. Det har kosta mykje å kome hit, men då blir gleda endå større. I det store biletet har det likevel vore mest moro på vegen. Eg har funne gleda i å jobbe meg tilbake og i å takle dei små tinga undervegs, seier han.

Tårene var ikkje tilfeldige då han tok verdscupsigeren. Det har kosta, men denne februardagen i Soldier Hollow fekk han stadfesta at han hadde hatt rett då han ikkje gav seg.

I lag med landslagstrenar Egil Kristiansen har geilingen øvd på å vere tolmodig og ikkje jakte på toppformen tidleg i sesongen. Dei har òg jobba mykje med løpsopplegg, å nytte sine beste eigenskapar der ein får mest igjen for det. «Å finpusse alt det som alt låg der» har Christiansen kalla det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Egil har vore veldig viktig for den sesongen eg har hatt i år. Han har gitt meg mange innspel når det gjeld det fysiske. Det er enkelt å ha han som trenar, for han har alltid svaret når det er noko. Han seier det er lov å ha eigne og andre meiningar, men han veit best kva som skal til, seier skiskyttaren og ler.

– Han tvang meg til å vere meir tolmodig i treningsarbeidet slik at kunne ha meir på lager til vinteren. Før hadde eg hatt fem-seks harde økter når me kom til midten av mai, no hadde eg hatt to. Eg trenar meir mengde og meir fornuftig. Det er godt å kjenne at eg er såpass i rute at eg med godt samvit kunne ta treningsfri 17. mai. Dei seier at du berre har ei viss mengd harde økter i kroppen i løpet av eit år. Det er dumt å ha «brukt dei opp» når du kjem til desember.

{{imageLeft}}

Han meiner noko av det som har gjort lagkamerat Johannes Thingnes Bø til best i verda er at han er veldig god til å slappe av, og kjenne kva kroppen treng.

– Eg prøver å lære. Mentalt er det godt å ikkje vere så framoverlent på denne tida på året. Berre ta det piano, det er det Johannes er best på. Han var på ferie då me hadde fyrste samlinga. Det er kanskje eit rart val, men det er det som skil dei beste frå dei nest beste. Det å ha samvit til å ta slike val, som kanskje høyrest feil ut, men som er heilt rett for dei det gjeld. Det er vanskeleg når du elskar å trene og pushe deg så mykje som eg gjer.

I internnotata til landslaget står det om Vetle Sjåstad Christiansen at «han alltid er i godt humør, og er veldig oppteken av fotball og børs.»

– Stemmer det?

– Eg er nok den som trivst best på trening, og den som kosar meg mest med treningsarbeidet. Eg har vore seriøs i idretten så lenge at det er det som er store delar av livet mitt. Eg har det moro på samling, og tenkjer ikkje så mykje at eg heller ville vore heime. Dei andre synst det er veldig moro at eg kan vere så entusiastisk over småting på trening. Eg trivst med å vere den som får andre til å le. Det trengst når me er på tredje veka i høgda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis er samlingslivet?

– Sist veke fekk me beskjed om å skjerpe oss på det med romfordeling. Du veit, han som vil sove med glaset ope kan ikkje bu med han som vil ha det att, og slike ting. Dei syntest det vart litt mykje. Toppidrettsutøvarar er ikkje av dei som tek mest omsyn til andre, så når du samlar mange egoistar på eitt lag, blir det litt slik. Men eg føler eg kjem godt overeins med alle og at eg er han alle kan ha det greitt med.

Eg prøver å vere litt folkeleg og ålreit oppi alt jaget.

DÅ HAN KOM INN på elitelaget for eitt år sidan, var det med eit litt anna utgangspunkt enn då han var inne i 2014/15.

{{imageLeft}}

– Eit elitelag vil alltid vere annleis enn eit rekruttlag eller eit privatlag. Det er vanskeleg å få eit samla lag når alle har følgd sin eigen veg og gjort sine ting for å få dei dit dei er. Det er litt meir opp til deg sjølv kva du gjer kvardagen der til. Lagkameratane dine er også dine største konkurrentar. Det er ikkje sjeldan me i utgangspunktet skal ha same økt, men så endar det med seks ulike treningsøkter fordi alle har ulike tilpassingar. Men det gjer ikkje så mykje, det same fungerer ikkje for alle, og alle må gjere det som er best for dei. Eg har nok måtte lære den biten. I utgangspunktet passar eg nok best på eit rekruttlag eller privatlag, ettersom det er ein annan mentalitet der. Eg burde kanskje drive med lagidrett, seier han.

– Toppidrett handlar om å tenkje på seg sjølv, eg må det eg òg. Men eg prøver å vere litt folkeleg og ålreit oppi alt jaget. Eg merkar at det er litt fleire spørsmål enn før om å vera med på ting. Det er mest moro, men eg seier ikkje ja til alt, eg må prioritere idretten. Eg set medaljar framfor Farmen Kjendis, seier han med eit vennskapeleg spark til systera som vann realityshowet sist sesong.

Når han no ser fram mot neste sesong, er det med eit litt anna utgangspunkt enn før.

– I fjor begynte me å jobbe meir med taktikk og løpsplanlegging, såg på opningsfarten og kor eg kan gå fort og kor eg kan spare krefter. Det å gå sitt eiget løp og ikkje bli for ivrig og bli dratt med av andre. Det å halde ut løpet og bruke kreftene rett er nok det eg kjem til å jobbe mest med. Eg kjem nok til å ha nokre renn som er heilt «kamikaze» til vinteren òg, men eg håpar det blir ein mindre prosentdel.

Artikkelen held fram under annonsen.

For fyrste gong er han ein det er forventningar til når verdscupsesongen startar i november.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

– Eg gler meg meir til å gå inn i ein ny sesong enn i fjor. No er eg tryggare og har med meg gode resultat. I fjor trudde eg at eg kunne gjere det bra. No veit eg at eg kan. Eg har større moglegheiter til å vinne og ta endå eit steg. I fjor la eg veldig mykje press på meg sjølv, ein kombinasjon av forventningar og forhåpningar. Slik er det med ambisjonar. Men eg håpar eg klarer å nytte moglegheitene eg får, og klarer å ha det moro undervegs. 

* Frå Geilo, bur i Oslo. n Fødd 12. mai 1992.

* På elitelaget i skiskyting.

* Tok sin fyrste verdscupsiger 15. februar i Soldier Hollow, og vart nummer to på jaktstarten. Tok også andreplassen på normalen i Canmore. Før jul tok han ein tredjeplass jaktstarten i Hochfilzen.

* Var med då Norge tok VM-gull på stafett og mixedstafett i år

* Har ni medaljar frå junior-VM, både på stafett og individuelt.

* Har fleire medaljar for EM, både som junior og senior. Mellom anna EM-gull på sprint i 2012 og på single-mixedstafett i 2018 (med Thekla Brun-Lie).