Første dag i nytt år. Connie spring inn i 2018 ved Buvatn.
Første dag i nytt år. Connie spring inn i 2018 ved Buvatn.

(Sn)utefotografen - sjekk dei bileta

Det ligg mange timar med tur bak bileta til Ingebjørg Skulason. Og eit koppel ivrige hundar.

Gong på gong har ho forbløffa oss i Hallingdølen med dei flotte lesarbileta ho sender inn. Spesielt har me late oss sjarmere av dei firbeinte venene hennar.

– Ja, eg får nok aller mest respons på hundebileta, smiler Ingebjørg Skulason (48).

Artikkelen held fram under annonsen.

Som oftast er det labradorane Connie (3) og Kira (9) som er med på tur, men også andre.

Først og fremst er det turopplevinga ho er ute etter. Skulason slit ut meir friluftsklede enn kvardagsklede.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Det er nokon av oss som berre ikkje kan få nok av snø. Labradoren Connie i Nes austmark.
Det er nokon av oss som berre ikkje kan få nok av snø. Labradoren Connie i Nes austmark.
Ingebjørg Skulason og labradoren Connie leikar seg i nysnøen like ved heimen i Nes.
Ingebjørg Skulason og labradoren Connie leikar seg i nysnøen like ved heimen i Nes.
Ingebjørg Skulason tek ofte bileta sine med mobilkamera.
Ingebjørg Skulason tek ofte bileta sine med mobilkamera.
Luktar inn vårstemninga.
Luktar inn vårstemninga.
Engelsk setteren Ask (8) nyt ein stemningsfull solnedgang ved Tunhovd. (Alle
Engelsk setteren Ask (8) nyt ein stemningsfull solnedgang ved Tunhovd. (Alle
Ingebjørg Skulason er mykje ute på tur.
Ingebjørg Skulason er mykje ute på tur.
Ein gul labrador gir uttrykket heilt nytt innhald.
Ein gul labrador gir uttrykket heilt nytt innhald.
Når villdyret vaknar.
Når villdyret vaknar.
Wohoo, det er fredag!
Wohoo, det er fredag!
Connie og Kira tek ein drikkepause.
Connie og Kira tek ein drikkepause.
Connie har sin eigen måte å «gå fot» på i Nes austmark.
Connie har sin eigen måte å «gå fot» på i Nes austmark.
«Professor» Lulu.
«Professor» Lulu.
Krøll på tunga.
Krøll på tunga.
Inspirerande uteliv.
Inspirerande uteliv.
Soppkontrolløren er på plass.
Soppkontrolløren er på plass.
Kjølande badeliv på fjellet.

(Alle
Kjølande badeliv på fjellet. (Alle

– Bileta kjem som eit resultat av alle turane, forklarar ho.

Ingebjørg Skulason voks opp i Nes og turgleda er nedarva gjennom generasjonar.

– Pappa lengta alltid til fjells. Eg kjenner sjølv korleis det verkar når eg ser ein topp. Eg har vidareført turgleda til dottera mi, fortel ho.

Skulason har vore på mange høge fjell, men dei gode turopplevingane får ho i tett på heime eller i Nes austmark, på hytta ved Buvatn.

– Det treng ikkje alltid å vere fint vêr og sol. Turen kan vere like god i tåke, den blir berre noko heilt anna. Og så må ein lære seg kunsten å snu, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er ikkje av dei som tel kilometer eller som legg ut om kor langt ho har gått.

– Eg går så langt eg vil, og kjem heim når eg kjem heim, smiler ho.

{{imageLeft}}

Ingebjørg Skulason har fotografert i mange år, men det er først dei siste åra ho har begynt å vise fram bileta.

Facebook og Instagram er blitt som ein turblogg å rekne.

– Mange let seg inspirere til å gå dei same turane. Folk kontaktar meg og lurar på kor eg har vore, fortel ho.

Bileta tek ho med mobilkamera eller spegelrefleks.

– Det er mykje enklare å ta med seg mobilen i sekken. Men eg burde bli flinkare til å ta bilete med eit skikkeleg kamera også, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men dei aller finaste augeblikka har ho aldri fanga i på ei minnebrikke.

– Det er rett og slett umogeleg. Alle sansane er skjerpa når ein stor flokk med Filefjell-rein går forbi. Heile opplevinga – lydar og lukter. Dei beste bileta sit berre på netthinna, konstaterer ho.

Men attende til dei firbeinte turkameratane. Korleis blir eigentleg desse augeblikka til?

– Labradorar elskar å bade i snø eller rulle seg i gras. Det er noko hundane gjer heilt av seg sjølve. Eg synest dei ser artige ut og likar godt å ta bilete av kvardagslege situasjonar i staden for å be dei sitte stille, fortel Skulason.

Så lenge det ikkje er for kaldt, eller turen er for lang, får Connie og Kira lov til å vere med.

– Dei får mykje mosjon. Alle hundane på bileta er hundar eg har vore på tur med. Det er moro å sjå kor ulike dei er, smiler Skulason.