Det er ein «Splash park» som denne i Meldon i Essex som blir den nye attraksjonen i Bjørnepareken.
Det er ein «Splash park» som denne i Meldon i Essex som blir den nye attraksjonen i Bjørnepareken.

Plaske, plaske i plaskeland

Rugg og kompani har sitt eige plaskeland. Men no får barna det også. Midt i Bjørneparken.

– Kvifor?, spør me administrerande direktør Kees Oscar Ekeli. Han let seg ikkje be to gonger.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bjørneparken har mangla aktivitetar som har med vatn å gjere.

Slik pratar ein som kjem frå Akvariet i Bergen. Då blir ein vane med vatn. «Noko med vatn må me ha», tenkte han. Resultatet blir noko av det nyaste og hottaste, ein «Splash park» for barn. Eller på godt norsk: Eit plaskeland.

– Det er årets nyheit i Bjørneparken, seier Ekeli, og set seg på ein stubbe.

Her skal det byggjast plaskeland. Administrerande direktør Kees Oscar Ekeli ser fram til sommarsesongen med store forventningar.
Her skal det byggjast plaskeland. Administrerande direktør Kees Oscar Ekeli ser fram til sommarsesongen med store forventningar.
Det er ikkje berre bjørnemødre og bamseungar som skal få plaske i Bjørneparken til sommaren. No blir bading også eit tilbod til borna.
Det er ikkje berre bjørnemødre og bamseungar som skal få plaske i Bjørneparken til sommaren. No blir bading også eit tilbod til borna.
Bjørneparken bygger ein barneattraksjon til nærmare tre millionar. Administrerande direktør Kees Oscar Ekeli har stor tru på «plaskelandet».
Bjørneparken bygger ein barneattraksjon til nærmare tre millionar. Administrerande direktør Kees Oscar Ekeli har stor tru på «plaskelandet».
Det er ein «Splash park» som denne i Meldon i Essex som blir den nye attraksjonen i Bjørnepareken.
Det er ein «Splash park» som denne i Meldon i Essex som blir den nye attraksjonen i Bjørnepareken.

NOKRE METER NEDANFOR er arbeida med leikebadelandet i full gang. I sommar skal det opnast. Og det er viktig for parken. 80 prosent av årsbesøket er i to hektiske sommarferie-månader. Då toler ein verken drepande varme som i fjor, eller ein sommar der det bøttar ned. Men «plaskelandet» kan gjere ein forskjell, håpar Ekeli, slik at den største utandørs sommarattraksjonen i Hallingdal når målet om 75.000 gjester i år.

– Me må ha breidda, seier han. For denne parken er meir enn store og farlege dyr.

Nærmare tre millionar kroner blir investert i det nye «plaskelandet». Det er det verdt, meiner Ekeli. På to område kan barna plaske og leike blant vasskanonar og fontener. Det blir eitt for barn i alderen to til fire år og eit anna for dei frå fire til tolv år. Vatnet renn ned i eit avløp og blir resirkulert. Det held 30 grader.

– Det er ein ny måte å leike i vatn på. Den artigaste delen av eit svømmebasseng. Dette konseptet er svært populært ute i Europa. Og så er det ufarleg. Derfor kan me senke skuldrene, seier Ekeli.

For å få plass til leikebadelandet må hinderløypa vike plassen. Det er ikkje Ekeli lei seg for. For uhella som ein har hatt i parken, har vore i hinderløypa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er fornøgd med at den er borte.

DET ER VIKTIG FOR BJØRNEPARKEN å ha noko nytt kvart år. I fjor var det ulven, i år er det «plaskelandet».

– Me må gi folk ein grunn til å besøke parken. Nyheitene bidreg til at besøkstalet blir haldne oppe. Eg er trygg på at folk vil elske det nye leikeområdet, seier Ekeli.

{{imageLeft}}

– Tek de merksemda vekk frå dei store norske rovdyra?

– Då parken berre hadde norske rovdyr, var det ein stad mellom 35.000 og 40.000 besøkande. Det var for dei mest interesserte. Me må gi folk eit breiare tilbod. Legge til rette for familiane. Og når du ser kva dyr barn er opptekne av, er det nok naturleg at me etter kvart får eit av desse plakatdyra.

– Kva slags dyr er det?

– Løve, for eksempel, smiler Ekeli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men han har alt eitt av desse plakatdyra i parken. Krokodillene er samla i eit eige krokodilleland.

– Det er dei norske rovdyra som er kjerneproduktet vårt. Men me er sikre på at eit breiare tilbod skapar ein betre park og dermed eit større potensial.

NESTE ÅR BLIR DET ei dyrenyheit. Ekeli vil ikkje lette på sløret. Berre at det kjem noko meir i parken.

Den store hannbjørnen Rugg er ikkje gløymd i alt dette nye. Han er veteranen.

– Rugg er 25 år. Han er ein av karakterane våre og ein sabla flott bjørn. Ein attraksjon.

Målet er å få folk til å vera i parken lengst mogleg.

– Gjestene har ei gjennomsnittleg opphaldstid i parken på fire og ein halv time. Kanskje blir det ein time til når det nye plaskelandet er ferdig. Då nærmar me oss ei to døgns-oppleving, som også er målsetjinga vår, seier Ekeli.

BJØRNEPARKEN ER EIT FYRTÅRN i Hallingdal med 68.500 besøkjande i fjor. Ein nedgang som Ekeli gir rekordvarmen skulda for.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur på ein god sesong i år. Berre i påska hadde me rekordbesøk, 5200. Eg er spent, det må eg seie. Men eg er ikkje fornøgd med dette året før me passerer 75.000.

– Kva må til?

– Den må verken vere for varmt eller plaskregn.

Men i Bjørneparken skal plaskast i sommar. Uansett.