Hallingdolen

Reportasje

Opera i Votndalen: Vilt, vakkert og dristig

Opera i Votndalen: Vilt, vakkert og dristig

Ho vil bygge konsertsal og synge opera i eit gamalt fjøs i Ål.

MARIT SEHL er profesjonell songar. Operasongar. Mezzosopran. Det finst ikkje flust av jobbar for folk med slik spisskompetanse på stemmebruk.

Ikkje i Hallingdal og ikkje i Norge heller, for den saks skuld.

Se dette bildet i full størrelse
 - Songar Marit Sehl er operasongar med bakgrunn frå Norges musikkhøgskole og operaskulen ved Sydney Conservatorium of Music.

Songar: Marit Sehl er operasongar med bakgrunn frå Norges musikkhøgskole og operaskulen ved Sydney Conservatorium of Music.

DET ER BERRE 13 solistar med fast jobb på Den Norske Opera i Bjørvika. Sehl har livnært seg som frilansar. I ti år var ho fast i Det Norske Solistkor. I tillegg har ho hatt talrike solistroller, instruktør- og dirigentoppdrag, eit puslespel av jobbar som samla har gitt ei inntekt det går an å leve av.

I sommar braut ho ut av bylufta utanfor Drammen. Tok med seg mann, tre ungar, to hundar og tre kaninar for å ta over slektsgarden Sehl i Ål. Garden ligg høgst oppe i bratta i Votndalen. Det er «uren, luren, himmelturen», stupbratt, skredutsett og tungdrive. Låven står på pålar ut over avgrunnen. Det har ikkje vore gardsdrift på garden dei siste 50 åra. I 1968 slakta oldefaren dei siste dyra og la ned.

– FARFAR FORTALDE at dei måtte bruke vinsj i slåttonna for å få opp fôret, seier ho. Både farfar og far vart skulefolk. Dei såg seg betre tent med å tene til livets opphald som lønsmottakarar i offentleg sektor enn å lempe høy opp motbakkane i Ål. Sjølv voks Marit opp på Filtvedt i Hurum saman med to lærarforeldre og tre søsken. Det var ikkje skremmande urbant der heller.

– Eg voks opp ved eit fyr i Oslofjorden. I tillegg til fyret, er det i dag ein Joker-butikk på Filtvedt. Det er alt, seier ho. Barndomssomrane ferierte dei på Sehl. På 1980-talet sette familien i stand garden som feriebustad.

– Det var ein idyll å kome hit. Eg var hestejente heime på Hurum. Me ordna stallen, slik at me kunne ha hesten med på ferie om sommaren. Både garden og stølen på Fekjastølen var reine sommarparadiset, seier ho.

Se dette bildet i full størrelse
Sindre Thoresen Lønnes - Potensial Når meklarane seier at ein eigedom har «potensial», er ikkje det eit godt teikn. Marit Sehl ser likevel potensial i låven på slektsgarden. I januar inviterer ho til nyttårskonsert i lokala.

Potensial: Når meklarane seier at ein eigedom har «potensial», er ikkje det eit godt teikn. Marit Sehl ser likevel potensial i låven på slektsgarden. I januar inviterer ho til nyttårskonsert i lokala.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

MEN DET ER IKKJE BERRE idyll å eige ein landbrukseigedom. Det er også eit stort ansvar. I tillegg til jorda, skogen og landarealet, rommar garden kulturminne som er verd å ta vare på. Det tømra våningshuset er frå 1700-talet. Himlinga i den gamle halling- stugu er ein kunstskatt, måla av Kristen Aanstad, ein kjent rosemålar som flytte til Ål frå Gudbrandsdalen på slutten av 1760-talet.

– Far min er fødd under dette rosemåla taket, seier Marit. Det var ikkje aktuelt å la ein slik eigedom gå ut av slekta. Men samtidig var det heller ikkje innlysande kven som skulle ta over. Kva skulle dei gjere med eigedomen? Og kva skulle dei leve av i Ål?

– Eg har brukt mange år av livet på å byggje ein karriere som utøvar. Eg har halde tilbake fordi eg ikkje har følt meg ferdig med den delen av jobben. «Du kan vel undervise i song?», seier folk. Ja, sjølvsagt kan eg det. Eg synest det er kjempeflott å få lov til å undervise. Men eg har også lyst til å vere utøvar. Hadde eg hatt ein internasjonal solistkarriere, hadde det vore tyngre å bryte opp og flytte.

Se dette bildet i full størrelse
 - Kulturskatt – Far min er fødd under dette rosemåla taket, fortel Marit Sehl. Taket er måla av Kristen Aanstad i siste halvdel av 1700-talet.

Kulturskatt: – Far min er fødd under dette rosemåla taket, fortel Marit Sehl. Taket er måla av Kristen Aanstad i siste halvdel av 1700-talet.

– At du flytta til Votndalen, betyr det at det er slutt?

– Nei, eg vil framleis vere utøvar og halde konsertar, men det er sjølvsagt meir krevjande å reise langt når me bur på Ål. Eg har lyst til å gjere andre ting enn eg har gjort før. Eg har møtt nye folk og oppdaga at det er flinke folk å samarbeide med også her. Me har eit prosjekt på gang for å markere at det er 300 år sidan Eivind Fredlaus vart fredlaus. Når du lukkar ei dør, vil det ofte blåse opp eit vindauge. Det er slik eg har opplevd det å flytte til Ål.

I FAMILIEN HAR SAMTALEN om å bryte opp frå bylivet gått føre seg gjennom mange år. Tanken har modnast. Dei siste to åra har dei sett huset i stand for å bli fastbuande.

– Mannen min ville flytte til Ål for lenge sidan. Det er eg som har halde tilbake og bremsa. Han var klar for å få meir tid til å drive med jakt, fiske og friluftsliv. Spenne på seg skia på gardstunet og gå på tur, seier ho. Ektemannen, Karl Kristian Mørch, er byggingeniør. Han har kompetanse det er lettare å ta med til bygda. I sommar la alt seg til rette. Han fekk tilbod om jobb som dagleg leiar i Hallingbygg AS. Ho fekk tilbod om jobb som songpedagog i kulturskulen i Ål.

Sindre Thoresen Lønnes - Spisskompetanse Mezzosporan Marit Sehl har spisskompetanse på stemmebruk, ikkje sauehald. Det er bakgrunnen for at ho vil byggje låven om til konsertsal med selskapslokale. – Draumen er å lage operapub der det før var fjøs, fortel ho.

Spisskompetanse: Mezzosporan Marit Sehl har spisskompetanse på stemmebruk, ikkje sauehald. Det er bakgrunnen for at ho vil byggje låven om til konsertsal med selskapslokale. – Draumen er å lage operapub der det før var fjøs, fortel ho.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Samtidig er planen å skape sin eigen arbeidsplass på slektsgarden. Som operasongar har ho ikkje dei beste føresetnader for å slå seg opp som bonde. Men så flytta ho heller ikkje til Ål for å drive garden på gamlemåten. Ideen er å bli «kulturbonde», skape opplevingar der det tidlegare var fjøs. Ålingar er kjent for å vere kulturinteresserte, men er dei mange nok til å gje grunnlag for eit «operahus»? I januar vil ho teste interessa når ho inviterer bygda på nyttårskonsert i gamlelåven.

– Det blir eit publikumsvenleg arie-program saman med ein av bassane i Operakoret. Draumen er å ha faste konsertar, kanskje éin gong i månaden. Og så har eg lyst til å med meg eit konsept som har trekt fulle hus i Oslo. Underwater på St. Hanshaugen har gjennom mange år hatt «operapub» to gonger kvar veke, seier ho.

På sikt er ideen å byggje fjøset om til ein «Glasslåve». Kombinasjonen av gamle tømmervegger, moderne arkitektur og spektakulær utsikt trur ho vil gje magasug både hjå fastbuande, hyttefolk og turistar.

Sindre Thoresen Lønnes - Gründeridé Operasongar Marit Sehl kom til finalen i konkurransen StartUpp Hallingdal for ideen om å byggje «Glasslåve» med konsertsal i fjøset.

Gründeridé: Operasongar Marit Sehl kom til finalen i konkurransen StartUpp Hallingdal for ideen om å byggje «Glasslåve» med konsertsal i fjøset.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

– Sjå det for deg. Du har nettopp hatt ei flott konsertoppleving i den intime konsertsalen. No står du og nippar til champagne på glasgolvet i den ombygde låven. Utsikta er til å få høgdeskrekk av. Hadde ikkje dette vore vanvitig flott?, spør Sehl og blottar tennene i eit gründersmil.

Høyrest «Glasslåven» ut som ein fullstendig usannsynleg plan? Kanskje er det i seg sjølv eit argument for at det kan lukkast. I fjøset ligg det framleis att fôrrestar og 50 år gamal sauemøk. Det er langt fram til det blir eit operahus. Men i haust var ho ei av tre finalistar i idekonkurransen StartUpp Hallingdal. Også Innovasjon Norge har vore positive. Fram mot nyttår skal ho gjere ferdig eit forprosjekt og ei marknadsundersøking. Skal ho satse pengar på prosjektet, må «Glasslåven» ha fleire søyler å stå på. I tillegg til konsertsal med topp akustikk, vil ho bygge eit selskapslokale for bryllaup, konfirmasjonar, gravferder og runde dagar.

– I februar må eg konkludere og bestemme meg. Skal eg bygge «Glasslåven» eller la vere? Viss svaret er «ja», er det berre å setje i gang. Men om ikkje grunnlaget er godt nok, må eg ha mot til å setje strek. Då må eg finne på noko anna, seier ho.

Sindre Thoresen Lønnes - Bykultur på låven Marit Sehl drøymer om å gje ålingane kortreiste operaopplevingar i den gamle låven på Sehl.

Bykultur på låven: Marit Sehl drøymer om å gje ålingane kortreiste operaopplevingar i den gamle låven på Sehl.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Operasongaren har erfart at det er eit spenn i kva type oppdrag du får som frilansar. Sehl har stått på scenen i operahuset i Sydney, men ikkje alle oppdrag er like glamorøse. Ho var ei av fire solistar i den første heilaftan operaførestillinga som nokon sinne er sett opp i Finnmark.

– Me turnerte til dei mest usannsynlege stader. Viss du klarar å skape noko som er tilstrekkeleg attraktivt, kan du få folk til å reise langt for ei konsertoppleving. Det lærte eg på turneen i Finnmark. I Berlevåg samfunnshus prata eg med ein som hadde reist 40 mil for å få med seg konserten. Tenk på det. Etterpå skulle han 40 mil heim att. Dei som har fast plass i Operaen vil kanskje ikkje reise eins ærend til Votndalen for ein konsert, men jammen er det mange som ikkje har abonnement i Operaen. Eg synest folk i Hallingdal også bør ha eit alternativ til å høyre opera, seier ho. 

Tor Folgerø - Fjøskultur På Sehl var det kyr som heldt kulturlandskapet i hevd heilt til på 1960-talet. No vil Marit Sehl byggje fjøset om til konsetsal.

Fjøskultur: På Sehl var det kyr som heldt kulturlandskapet i hevd heilt til på 1960-talet. No vil Marit Sehl byggje fjøset om til konsetsal.Foto: Tor Folgerø

Tor Folgerø - Nyttårskonsert I januar opnar operasongar Marit Sehl låvedøra for ein nyttårskonsert. Ho vil bruke konserten til å lodde operainteressa i Hallingdal.

Nyttårskonsert: I januar opnar operasongar Marit Sehl låvedøra for ein nyttårskonsert. Ho vil bruke konserten til å lodde operainteressa i Hallingdal.Foto: Tor Folgerø

Tor Folgerø - Glasslåven I dag er er det sauemøk, fôrrestar og skrot som fyller låven. I framtida håpar Marit Sehl ho kan skape kulturopplevingar i desse lokala. Planen er å byggje ein «glasslåve» - ein konsertsal med selskapslokale.

Glasslåven: I dag er er det sauemøk, fôrrestar og skrot som fyller låven. I framtida håpar Marit Sehl ho kan skape kulturopplevingar i desse lokala. Planen er å byggje ein «glasslåve» - ein konsertsal med selskapslokale.Foto: Tor Folgerø