Redningsmann på Sea King frå 330 skvadronen, Bent Olav Aggvin, blir heisa opp med den «skadde».
Redningsmann på Sea King frå 330 skvadronen, Bent Olav Aggvin, blir heisa opp med den «skadde».

Når uhellet er ute: Berging i fossen

Det er godt å ha desse samspelte karane på vakt.

Tau og karabinar. Digre og tunge sekkar. Stegjern og hjelmar. Innøvde hender pakkar og fordeler.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Klargjeringa inne på golvet på Røde Kors-huset i Hemsedal går raskt unna. Utstyret skal vera enkelt å finne att oppe i ein fjellvegg eller ovanfor eit juv. Eller innanfor eit fjell. Eller oppi eit skred. Men først skal alt inn i eit helikopter.

– Det starta med at klatrarar skulle hjelpe andre klatrarar om uhellet var ute. Det skulle vera som hjelp til sjølvhjelp i eit lite miljø, seier Jørgen Aamodt. Slik starta Norske Alpine Redningsgrupper (NARG). Så har fjellsport og ekstremsport breidd om seg. Og behovet for alpine redningsgrupper har auka.

Det er full vinter i Hemsedal. Aamodt er ein av fire hallingar frå Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR) som er med og arrangerer øving denne helga i januar. Andre deltakarar har kome frå Oslo, Hønefoss og Rjukan.

Sea King inn for landing i Hemsedal.
Sea King inn for landing i Hemsedal.
330-skvadronen brukar framleis den gamle arbeidshesten Westland Sea King.
330-skvadronen brukar framleis den gamle arbeidshesten Westland Sea King.
Jørgen Aamodt i LAR klar for nedfiring. Maskinist Ketil Haug sørgar for at han er godt sikra.
Jørgen Aamodt i LAR klar for nedfiring. Maskinist Ketil Haug sørgar for at han er godt sikra.
Sea King helikopteret er 22 meter og stor kapasitet.
Sea King helikopteret er 22 meter og stor kapasitet.
Langfjella Alpine Redningsgruppe har kompetanse på å raskt hente ut folk frå tilgjengelege område der tyngdekrafta er eit faremoment. Med Sea Kingen kan dei hente folk ut enda raskare.
Langfjella Alpine Redningsgruppe har kompetanse på å raskt hente ut folk frå tilgjengelege område der tyngdekrafta er eit faremoment. Med Sea Kingen kan dei hente folk ut enda raskare.
Sven Christjar Skaiaa i LAR blir heisa ned i fossen.
Sven Christjar Skaiaa i LAR blir heisa ned i fossen.
Dei alpine fjellredningsgruppene er profesjonelle. Dei er  dei er einaste organisasjonen 330 skvadronen har oppretta eit fast samarbeid med.
Dei alpine fjellredningsgruppene er profesjonelle. Dei er dei er einaste organisasjonen 330 skvadronen har oppretta eit fast samarbeid med.
På glatt is, i bratt lende, er det vanskeleg å drive redningsoppdrag. Men med hjelp av samarbeidet mellom 330 skvadronen og Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR) lar det seg gjere.
På glatt is, i bratt lende, er det vanskeleg å drive redningsoppdrag. Men med hjelp av samarbeidet mellom 330 skvadronen og Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR) lar det seg gjere.
Bent Olav Aggvin.
Bent Olav Aggvin.
Dei alpine fjellredningsgruppene er profesjonelle. Dei er einaste organisasjonen 330 skvadronen har oppretta eit fast samarbeid med.
Dei alpine fjellredningsgruppene er profesjonelle. Dei er einaste organisasjonen 330 skvadronen har oppretta eit fast samarbeid med.
Jørgen Aamodt i LAR klar for nedfiring. Thomas Horgen (t.v.) syner fram på mobilen korleis det ser ut i området Aamodt skal ned i.
Jørgen Aamodt i LAR klar for nedfiring. Thomas Horgen (t.v.) syner fram på mobilen korleis det ser ut i området Aamodt skal ned i.
Redningsmann på 330 skvadronen på Rygge, Bent Olav Aggvin, klargjer stegjerna før han skal ned til den «skadde».
Redningsmann på 330 skvadronen på Rygge, Bent Olav Aggvin, klargjer stegjerna før han skal ned til den «skadde».
Maskinist Kjetil Haug og klatrar Jørgen Aamodt ombord i redningshelikopteret.
Maskinist Kjetil Haug og klatrar Jørgen Aamodt ombord i redningshelikopteret.
Dei som er med i Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR) har solid røynsle med klatring og fjellredning.
Dei som er med i Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR) har solid røynsle med klatring og fjellredning.
Sven Christjar Skaiaa i Hemsedal er medlem av Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR). Elles jobbar han som lege på Sea King.
Sven Christjar Skaiaa i Hemsedal er medlem av Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR). Elles jobbar han som lege på Sea King.
Medlemene i Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR) har høg kunnskap om klatring og fjellredning. Markus Landrø frå Gol er til dagleg fagekspert i snø og skred i NVE, men og medlem av LAR.
Medlemene i Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR) har høg kunnskap om klatring og fjellredning. Markus Landrø frå Gol er til dagleg fagekspert i snø og skred i NVE, men og medlem av LAR.
Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR) har medlemer med høg kunnskap om klatring og fjellredning. Jørgen Aamodt i Hemsedal (t.v.) er ein av desse.
Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR) har medlemer med høg kunnskap om klatring og fjellredning. Jørgen Aamodt i Hemsedal (t.v.) er ein av desse.

Det handlar om å trene for å bli god. Det handlar om teknisk avansert klatring og sikring. Det handlar om å hjelpe. Og å berge liv.

Samspelet mellom 330 Skvadronen på Rygge og den alpine redningsgruppa er tydeleg. Men det må øvast på. Erfaringsutveksling er viktig, og det betyr mykje at alle er godt kjende med kvarandre.

Det spesielle for medlemene i den alpine redningsgruppa LAR er stor kompetanse på bratt skikøyring og skred, i tillegg har alle i redningsgruppene lang og brei erfaring innan klatresporten. Nokon av dei jobbar med klatring i sitt daglege virke. Andre er minedykkarar, spesialistar på risikovurdering, skredekspertar, ambulansefolk, legar og redningsmenn. Felles er at ingen kvir seg for å hjelpe til, og sjølvsagt ikkje for å dingle under eit helikopter.

{{imageLeft}}

Mannskapa skal trene på superlongline og berging i bratta saman med Sea King`en. Eit anna og viktig mål er å trene i skred og på gode vegval inn i skredfarleg terreng. Stadig fleire køyrer offpiste. Og stadig fleire gjer det i svært bratt lende.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei alpine redningsgruppene må ofte inn i skred-terreng. Men dei er i utgangspunktet ikkje ein skred-ressurs, seier leiar i LAR, Simen Eldevik.

{{facts}}

Men når det er snakk om bratt skikøyring og klatrekompetanse, er det faktisk få aktuelle å spele på. Dette er svært avanserte operasjonar.

– Ein må vere høgst til stades med det ein driv med, seier Markus Landrø.

Landrø sjekkar stegjerna. Saman med Per Ola Seim, begge i LAR, skal Landrø ha med seg ei gruppe opp mot Harahorn for å lære bort meir om skred og vegval.

{{imageLeft}}

DEI VENTAR BERRE på å høyre rotorblada. Dei skal trene i bratt terreng. Snart landar den 22 meter lange maskina på plassen utanfor.

Berging i bratta er ikkje lett. Ofte er der snakk om alvorlege skader. Og når bergingsarbeidet i tillegg skjer i snø og is, set det endå større krav til mannskapa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppdraget går ut på å berge ut ein person frå eit bratt og islagt juv. Dette skal skje med hjelp frå Sea King-helikopteret og deira superlongline.

Hender sjekkar og dobbeltsjekkar. Det er alt ei årvaken, konsentrert stemning inne i helikopteret når gruppa med alpine redningsfolk kjem inn. Frå før er mannskapet på seks klare. To flygarar, ein systemoperatør, ein maskinist, ein redningsmann og ein lege. Når Sea King`en løftar seg, handlar dei fleste no på rutine. Alt skal drillast slik at det sit godt under ein ordentleg aksjon. Steg- jerna er berre ei av utfordringane.

Snart står maskina stille i lufta. Langt nede i juvet ligg «pasienten».

{{facts}}

Dei brukar heisvaier når helikopteret ikkje kan lande. Vaieren er på 70–80 meter. Er avstanden til pasient lenger, kan dei forlenge lina med ei såkalla superlongline. Då utvidar dei rekkevidda. Teoretisk er avstanden nesten utan grenser ved superlongline-prosedyre.

Med meterpresisjon blir medlemene i den alpine redningsgruppa fira ned. Dei skal etablere standplass og klargjere tausystemet med superlongline. «Pasienten» ligg lenger ned i den islagde fossen. Ein etter ein blir redningsmennene festa til lina, og kan sleppe seg ut av maskina. Det er langt ned.

{{imageLeft}}

Mannskapet age}}på Sea Kingen kommuniserer rutinert. Klare instruksar, blikk og armrørsler går frå mann til mann. Maskinist Kjetil Haug, som også har røter i Hemsedal, jobbar tett med redningsmann Bent-Olav Aggvin. Flygarane gjer sitt, og systemoperatør Knut Knutsen fortel korleis det ser ut utanfor maskina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prosedyrar er viktige. Selar og karabinar, bårer og vaierar blir tekne hand om på ein måte som vitnar om mange timars terping. Dette må sitte når det er alvor.

– Det gjeld å fokusere og ta det roleg, seier Jørgen Aamodt idet han forsvinn ned i lause lufta.

{{imageLeft}}

Etter å ha fått taua på plass, blir pasient og redningsmann heisa heile den lange vegen opp. Maskinen har «henta» superlonglina på fjellhylla over pasienten. Ein skal ha greie på knutar for å få til dette her.

– Det er flott å kunne trene realistisk. Og så treng me mengdetrening, seier Thomas Horgen i LAR. Han jobbar med klatring dagleg. Jakob S. Fink frå Rjukan underviser i friluftsliv. På Rjukan er det også eit stort behov denne typen redningsmannskap. Difor er han med i LAR. Det er hans dugnadsinnsats.

Klatrarane i LAR stiller opp frivillig og utan betaling. Hovudredningssentralen kan ta kontakt når som helst.

– Samfunnet er avhengig av frivillige i mange ledd. Nokon er fotballtrenarar, andre er natteramnar. Me er med i alpine redningsgrupper. Eg gjer dette fordi dette er noko eg kan, seier Jørgen Aamodt som bur i Hemsedal.

Han er blant Folk som ikkje kvir seg for å hjelpe til. Han kvir seg heller ikkje for å sleppe seg seg ut frå eit helikopter eller fire seg ned ein steil fjellvegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

Norske Alpine Redningsgrupper (NARG)

* Redning i bratt terreng.

* 240 aktive fjellklatrarar frå heile landet.

* Driv på frivillig basis.

* Har oppdrag på område som krev spesialutstyr og høg kompetanse på alpint fjellredningsarbeid.

* Hjelper politi og hovudredningssentralane.

* Har eit tett samarbeid med 330 skvadronen og Norsk Luftambulanse.

Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR)

* Er ei regional redningsgruppe av NARG.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Vart stifta i 1979.

* Har 25 medlemmer frå sentrale Austlandet, Hallingdal og Rjukan.

* Sju av medlemene i LAR bur i Hallingdal.

* LAR dekker «Langfjella» – frå Sør-Jotunheimen til fjellområda i Telemark.LAR dekker «Langfjella» – frå Sør-Jotunheimen til fjellområda i Telemark.Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR)

* Norges eldste operative flyskvadron, starta på Island i 1941.

* Frå 1973 har 330 vore operatør av statens redningshelikopter.

* Utfører alle typar redningsoppdrag, frå å hente folk som står fast i bergveggen til personar i forliste båtar.

* Forsvaret driv helikoptera, men Justis- og beredskapsdepartementet er ansvarleg for tenesta.

* Har avdelingar i Banak, Bodø, Florø, Ørland, Sola og på Rygge.

* Nyttar i dag helikopter av typen Westland Sea King.

* Nye helikopter av typen Agusta Westland 101 er i ferd med å bli fasa inn.