Sigve.
Sigve.

Langt der oppe i fjellene

Eg i slett lune? Langt ifrå. Mitt gode humør er stabilt og langvarig. Men av og til blir det sett på prøve.

Til dømes når eg høyrer på NRK Buskerud om morgonen.

Der har dei med jamne mellomrom meldingar om korleis vêret skal bli i Drammen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og så hender det at dei tek med nokre ord om vêret oppe i «fjellene», der oppe i «Hallingdalen».

Då er det at busta reiser seg.

Å omtale oss med ein gammallitterær riksmålsfloskel frå dansketida demonstrerer ei urban nedvurdering av oss som faktisk bur heile vårt liv i fjelltraktene.

Det heiter ikkje «fjellene». Det er berre byfolk nedanfrå som seier det. Det heiter «fjellet» eller «fjella» eller «fjelltraktene» eller «fjellstroka». Og «Hallingdal».

Rett skal vere rett, ikkje alle seier «fjellene», men ho som gjer det, gjer meg altså så inni hampen forbanna. «Fjellene». Hah!

Å omtale oss med ein gammallitterær riksmålsfloskel frå dansketida demonstrerer ei urban nedvurdering av oss som faktisk bur heile vårt liv i fjelltraktene. Æsj!

Det er nesten like ille som då Stein Torleif Bjella deltok i «Nytt på nytt» i haust. Han vart behandla som ein kuriositet, ein sær raring og original frå ei anna verd. Kvart einaste spørsmål som vart stilt han, begynte med «Du som bor langt der oppe / oppi der, kan du / har du / vet du?»

Som om ein ikkje kan, har eller veit berre fordi ein er så heldig at ein bur i Øvre-Ål og har rikeleg med både gitarar, hestar, jord, skog og løbbel og veit korleis ein skal takle så vel jordsjuke som Sundretigerar.

Slik undrast dei fåkunnige.

Dei var tydelegvis usikre på om Stein Torleif budde i eit sivilisert område i det heile tatt. Lurte dei på om han hadde veg, vatn og elektrisk straum «langt der oppe»? Fanst det butikkar, helsetilbod, herrefrisørar og offentleg kommunikasjon «der oppe i dalom»?

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik undrast dei fåkunnige. Dei legg for dagen ein dumskap som får meg til å tenke på salige redaktør Per Håland i Gula Tidend og hans mantra om at «alle byfolk er dumme, og oslofolk er endå dummare ...»

Men all kjapp Marienlysthumor til trass, dei matchar ikkje dei sylskarpe, underfundige poenga til trubaduren frå Øvre-Ål når han på sitt langsamt stillferdige vis spikrar dei fast med eit lite smil. Men sjølv då forstår ikkje NRK-humoristane at dei er sett til veggs.

Visste du forresten at Hallingdal høyrde med til «dalstroka innanfor» den tid det var fast vêrmelding på radioen klokka halv sju om kvelden?

Men «fjellene» ... nei, veit du kva. Og korleis skal det bli når det blir NRK Viken? Tru korleis «fjellene» her oppe fortonar seg når ein skal sjå dei frå Halden, Fredrikstad og Moss?

No må eg visst stoppe før eg blir skikkeleg ilter ...

God vinter.

Sigve