Sigve Brekke i full gang med brødbaksten.
Sigve Brekke i full gang med brødbaksten.

Kva trur du det vart av denne karen?

Han sa ifrå seg odelsretten på heimgarden i Uvdal – og steig til vêrs.

Rett til himmels, for å seie det slik, som leiar for eit av dei mest prestisjetunge selskapa i fedrelandet, Telenor, med 175 millionar kundar over heile verda og 110 milliardar i omsetning.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre minutt tidlegare har han midt i hjartet av teknologihovudstaden Kongsberg presentert Skandinavias første 5G-pilot på ein stor teknologi og innovasjonskonferanse. Med prosjektørane midt i ansiktet og ein stim av mediefolk framfor scena og med teknologi-nerdar i salen har han på engelsk med numedalssleng fortalt om det råaste mobilnettet i verda som Telenor testar ut i Kongsberg. Ikkje i stilsikker dress. Men ungdommeleg kledd i ei mørk telenorskjorte står numedølen fram både lealaus og engasjert. Og det er ikkje noko han finn på der og då. Det slår meg der eg sit nokre få meter ifrå mens han «showar» på scena at det på same tid både er noko internasjonalt og noko sjarmerande guteaktig over han. Sigve Brekke er ikkje redd for å by på seg sjølv. Men det var ikkje her han eigentleg skulle vere.

– Eg skulle bli bonde. Eg var odelsgut til garden i Uvdal. Det var derfor eg gjekk på skogskulen etter ungdomsskulen og arbeidde i skogen. Eg prøvde meg som lærar også, for ein sjetteklasse.

{{facts}}

– Eg føler presset.
– Eg føler presset.
Magne Madsen, Sigve Brekke, Dag Utklev og Lars Madsen.
Magne Madsen, Sigve Brekke, Dag Utklev og Lars Madsen.
Sigve Brekke i full gang med brødbaksten.
Sigve Brekke i full gang med brødbaksten.
Konsernsjef Sigve Brekke var midt- punktet under lanseringa av 5G-piloten på Kongsberg.
Konsernsjef Sigve Brekke var midt- punktet under lanseringa av 5G-piloten på Kongsberg.
Konsernsjef Sigve Brekke var stolt då han kunne presentere framtidas supernett på teknologi og innovasjonskonferansen i Kongsberg.
Konsernsjef Sigve Brekke var stolt då han kunne presentere framtidas supernett på teknologi og innovasjonskonferansen i Kongsberg.
Sigve Brekke, kort og godt.
Sigve Brekke, kort og godt.
Konsernsjef Sigve Brekke demonstrerte framtidas teknologi då han vart fjerndiagnostisert av kardiolog Henrik Brun på teknologi og innovasjonskonferansen Kongsberg Summit.
Konsernsjef Sigve Brekke demonstrerte framtidas teknologi då han vart fjerndiagnostisert av kardiolog Henrik Brun på teknologi og innovasjonskonferansen Kongsberg Summit.
– Ein drivkraft for meg er å spele ei rolle for å gjere samfunnet betre.
– Ein drivkraft for meg er å spele ei rolle for å gjere samfunnet betre.
Lealaus ...? Det er eit godt uttrykk.
Lealaus ...? Det er eit godt uttrykk.
– Det har vore nokre stormar.
– Det har vore nokre stormar.
Her er han, konsernsjefen, framfor tekno-ekspertar og mediefolk då han presenterte den første 5G-piloten i Skandinavia.
Her er han, konsernsjefen, framfor tekno-ekspertar og mediefolk då han presenterte den første 5G-piloten i Skandinavia.
Lett og ledig i stilen på den store teknologi-konferansen i Kongsberg saman med Arne Hjeltnes.
Lett og ledig i stilen på den store teknologi-konferansen i Kongsberg saman med Arne Hjeltnes.

MEN HAN BEGYNTE Å TVILE. Var gardsbruket noko for han?

– Bror min er halvtanna år yngre, men meir nevenyttig enn meg. Han ville kunne drive garden betre enn det eg kunne gjere. Han driv garden framleis.

– Du var ein livat gut i ungdommen ...?

????

– Eg meiner: Ein gut med stor vilje og entusiasme?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Entusiast er eit rett ord – og litt utolmodig. Eg sat i styret i idrettslaget, eg var med i ungdomslaget, vart valt inn i kommunestyret som 18-åring og dreiv diskotekverksemd nedover i Numedal. Alt drive av eit brennande engasjement for å få til noko. Skape aktivitet blant ungdom, rett og slett.

– Men du drog frå bygda?

– Far var politikar og ordførar. Det var naturleg for meg å prøve meg i politikken. Eg vart med i AUF. I 1985 begynte eg i avisa Fremtiden som annonsekonsulent her i Kongsberg. Eg vart vald inn som leiar i AUF i Buskerud og vart faglegpolitisk sekretær på AUF-kontoret då Jens Stoltenberg var leiar. Det vart politikk på heiltid. Eg flytta til Drammen, var innom LO ein tur, kom tilbake i AUF som generalsekretær og vart rådgjevar og statssekretær for forsvarsminister Johan Jørgen Holst og seinare Jørgen Kosmo.

BREKKE LENER SEG over bordet på ein ettermiddagstrøytt kafe, og fortel om det store spranget han gjorde. Det var i 1996, då han pakka kofferten og tok med familien til USA, til Harvard University som forskingsassistent og studiar. Tilbake i gamle-landet gjekk ferda rett til Telenor. Eit sjumilssteg inn i businessverda.

– Ja, eg var heldig som fekk vere ein del av det akademiske miljøet i USA i to år. Eg tok nokre fag, las om asiatisk økonomi, om forhold mellom business og styresmakter, økonomifag. Eg ville studere noko eg ikkje visste noko særleg om.

I Telenor begynte den lange reisa. Først til Singapore og seinare administrerande direktør i det thailandske teleselskapet DTAC som Telenor eigde 40 prosent av. I 2008 vart han øvste sjef for Telenor i Asia, stasjonert i Bangkok. Og frå 2010 til 2013 var han også administrerande direktør for Telenors indiske selskap, Uninor.

– Her har det gått brennfort?

– Jau, det gjorde jo det, då. Eg hadde flaks. Eg var på rett stad til rett tid. Eg er takknemleg for at dei hadde tru på meg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du har ingen utprega akademisk stil?

– Nei, nei, eg voks opp i eit typisk bygdesamfunn der dei fleste som eg gjekk saman med på ungdomsskulen valde yrkesfag.

– Men når eg ser deg, Brekke, har du heller ikkje denne utprega konsernsjefmåten å vere på?

– Eg veit ikkje heilt kva du meiner med det ...?

– For å seie det slik: Du er ein bygdegut!

– Ja, og det er eg stolt av. Det har prega meg veldig. Kva skal eg seie? Eg har vore gjennom nokre stormar. Men det fotfestet eg har frå oppveksten har hjelpt meg. Nærleiken til naturen, jorda og menneske gjer meg stolt.

DET ER MANGE NULLAR det dreier seg om i kvardagen hans. Store tal og store verdiar. Berre tenk på talet 110 milliardar. Det er omsetninga.

– Ein kan få frysningar av mindre?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg tek ein og ein dag av gongen. Bestefar var oppteken av det. «I dag har det regna, men i morgon skin sola igjen», pleidde han å seie. Då er det eit nytt oppdrag.

– Du lever etter denne filosofien?

– Det har prega meg. Det er stor avstand frå Bangkok til Uvdal. Men eg er ingen annleis person av den grunn.

– Ein folkeleg sjef?

– Når folk seier det, gjer det meg stolt. Eg bryr meg om folk.

Her er eit døme på det: Etter 5G-presentasjonen i Kongsberg durar han bort til den lokale Telenor-butikken på andre sida av Lågen. Han kunne ha droppa det.

– Det er ikkje noko eg set meir pris på enn å vere ute blant folk, tilsette og kundar. Eg er ingen typisk kontorsjef.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bryt du med stilen i business-miljøet?

– Du, det tenkjer eg ikkje på. Bakgrunnen min har gitt meg styrke og ei plattform. Det er moro – anten eg møter konsernsjefar i Norge eller kundar i Myanmar.

– Å vere seg sjølv?

– Ja, heile tida.

– Hadde du ambisjonar?

– Nei. Eg skulle bli odelsgut og skogsarbeidar. Det var aldri i tankane mine å bli konsernsjef. Min karriere er prega av å gjere så godt eg kan til kvar og ei tid og gripe moglegheita når den er der. Eg vil seie til dei unge i dag: Ikkje bruk masse tid på å tenke korleis de skal kome dit eller dit. Men grip sjansen. Og så blir framtida det den blir.

Det har storma rundt Brekke. Han nektar ikkje for det, mens han tek ein slurk av kaffien som Telenor spanderer. Det er ikkje berre solskinsdagar. CV-saka, konflikten med ein av toppsjefane, Berit Svendsen ...

– Trivst du?

Artikkelen held fram under annonsen.

HAN VIK IKKJE UNNA, og seier at han ikkje elskar storm og at han skulle vere desse sakene forutan.

– Men: Ein må handtere det som kjem. Ein konsernsjef skal ikkje berre handtere godversdagane, men også når det stormar. Derfor er det viktig å ha eit fotfeste, å ha evna til å sjå at det er ein ny dag i dag.

– Belastning?

– Ja, det er ei belastning å sjå bilete av seg sjølv på framsida i avisa. Samtidig er det berre å gå vidare. Ikkje leve i frustrasjon om kva som har skjedd, og gjere det beste ut av det.

– 16 Telenor-toppar skal visst ha slutta under deg, Brekke. Er du kontroversiell?

– Nei. Telenor står overfor ei ekstrem endring. 160 års historie, frå Televerket til 175 millionar kundar er vanvitig reise. Men endringa no går mykje raskare, og me konkurrerer mot dei store globale aktørane. Det er eit globalt spel. Ikkje noko NM. Me skal endre kunnskap og kompetanse. Når du skal gjere det, må du ta val som kan få konsekvensar. Personar kan bli ramma. Det er min jobb. Eg oppsøker ikkje problem. Eg vil ikkje skape problem for kontroversens skuld.

– Kva er «Sigves way?»

– He, he, det var noko me prata om i Thailand. Det vart bok av det. Ei bok om leiing.

Ifølgje Aftenposten som intervjua Brekke den dagen han vart konsernsjef i 2015, gav enorme investeringar i Pakistan, India, Thailand og Myanmar resultat takka vere «Sigves way».

– Det dreier seg mykje om tru på mennesket, forklarar han.

– Det engasjerande mennesket. At engasjement er meir enn å kome på jobben. At det er ei meining med kva ein driv med.

– Telenor skal altså ikkje berre selje sim-kort?

– Det handlar om at det er ei større meining med det me driv med enn berre å tene pengar. Å tene pengar er viktig, men me må skape engasjement. Eg besøkte eit eldre ektepar i Bodø, der mannen i huset var handikappa. Me har ei løysing som gjorde at han kunne vere heime. Tryggleiksalarm med kommunikasjon over nettet endra dagleglivet til ekteparet. I Myanmar ser me korleis me kan vere med å forandre eit land på veg mot eit demokrati.

STATEN EIG 54 PROSENT I TELENOR. Resten er børs.

– Føler du presset?

– Heile tida. Eg skal levere avkastning til aksjonærane og samtidig levere noko til dei tilsette og ikkje minst til kundane. En føler ansvaret.

– Det er ingen sundagsskule?

– Nei, definitivt ikkje. Det er viktig å vere klar over når ein tek på seg ein slik leiarjobb. Me skal levere verdi til kundane. Det presset føler eg kvar dag.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

.

SIGVE BREKKE kjem inn under kategorien «kjendisar». Han ler det bort. Han er ikkje av det vanlege slaget her heller. For han har open telefon. Det er berre å ringe Brekke og bruke kjeft etter arbeidstid.

– Jøss?

– Det skulle søren meg berre mangle. Kundar som har eit eller anna å klage på ringer. Nokon gir meg også klapp på skuldra. Eg tek vare på bygdeguten i meg. Det er viktig – og naturleg.

– Viss ikkje er det ikkje moro å kome heim til Uvdal?

– Då det storma som verst, vart eg invitert til Rødberg til eit julebord for handelsstanden og næringslivet. Det var så artig! Dei spurte ikkje om CV-sak og VimpelCom, men heller om korleis det er å vere konsernsjef. Det finst eit liv utanfor Oslo og hovudstadsavisene.

– Betaler du forresten medlemsskapet i Ap?

– Ja, eg er stolt av å vere medlem.

– Har du lyst til å gripe fatt i noko i partiet, det har ikkje gått heilt på skjener?

– Nei, eg har gjort mitt og prøvd.

– Kva angrar du på?

– Eg er ikkje sikker på at eg angrar på noko som helst. Eg likar å seie at gjort er gjort spist er spist. Kva som skjedde i går er historie. Eg har ei bevisst haldning til ikkje å angre på noko eller bebreide meg for ting som har skjedd. Eg kunne ha vore mykje forutan, men eg må berre gjere det beste ut av det.

– Du er lealaus i stilen?

– Det er godt uttrykk. Ein må ha det litt moro. Ikkje vere for stiv.

– Og ha det artig?

– Ja, og eg har det artig. Den dagen det ikkje er artig, bør ein ikkje vere toppsjef.

– Kven er du eigentleg, Brekke?

– Eg er ein bygdegut som er driven av å vere med å endre ting og gjere nytte for meg.

– Gjere nytte?

– Ja, eg prøver så godt eg kan!

HAN MINNEST EIN AUGNEBLINK frå oppveksten i Uvdal. Han fortel om bestefar som meinte at ein må jobbe lenger laurdagar, for sundag er kviledag. Eit dårleg opplegg for ein ungdom som skulle på fest laurdagskvelden. Han lærte også Sigve å «gnega på».

– Kva betyr det?

– Å ikkje gi seg. Han sa også at du må ikkje ende opp som papirskjerar. «Papirskjeraren tilfører ikkje verdi. Det er dei som jobbar med jorda som gjer det», meinte bestefar. Han ville nok kalla meg papirskjerar i dag. Og så trur eg nok at han ville ha vore interessert i det eg driv med.

– Og litt stolt, kanskje?

– Det kan nok hende. 

Alder: 59

Yrke: Konsernsjef i Telenor

Sivilstand: Gift, tre søner

Aktuell: Sjef for norsk næringslivs største flaggskip ved sida av Equinor