Luna Telle, Tonje Haugen Ødegård, Eilev Kirkebøen Øynebråten, Ingvild Intelhus Markegård, Mia Olsen og Maria Bu-Ryum. Framme f.v.: Iris Mikkola, Synne Elise Siljebøl Christensen og Tuva Møllerplass Mythe.
Luna Telle, Tonje Haugen Ødegård, Eilev Kirkebøen Øynebråten, Ingvild Intelhus Markegård, Mia Olsen og Maria Bu-Ryum. Framme f.v.: Iris Mikkola, Synne Elise Siljebøl Christensen og Tuva Møllerplass Mythe.

Kodeord: Sanoj

Kapittel ni skrive av 7.-trinn ved Hemsedal barne- og ungdomsskole.

Dette er vaksenbusiness Jonas, du har ikkje noko med dette å gjere» seier foreldra til Jonas strengt. «Nei! Eg er så lei av dette, og eg veit kva de driv med. Dette er ikkje business, dette er ulovleg» ropar Jonas. Han tek opp telefonen og skal til å ringe onkel Ivar, han er politi og kan sikkert hjelpe. Men mor til Jonas grip den og seier: «Om du seier dette til ein einaste sjel så…ææh… DREP eg deg, skjønnar du det, eller?» «Det tør du ikkje» svarar Jonas.

Jonas og Samira spring opp på rommet til Jonas for å snakke om korleis dei skal finne mor til Samira, og stoppe bankranet. Dei blir einige om å følgje godt med på foreldra til Jonas slik at dei ikkje får rana bankane. «Men kva tyder eigentleg kodeord sanoj?» spør Jonas. «Det er jo Jonas baklengs, så den kan tyde at det handlar litt om deg da, Jonas» seier Samira.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt seinare går foreldra ut. Då får Jonas moglegheit til å snike seg ned til det hemmelege rommet. Dei finn eit kart over Hallingdal. Der er det ein raud ring rundt banken på Geilo, Ål og Gol. «Kva skal det tyde?» spør Samira. «Det er dei bankane dei skal rane» seier Jonas. «Kanskje vi skal ringe onkel Ivar?» «Nei, eg vil ikkje at mamma og pappa skal komme i fengsel».

Jonas finn eit bilete. «Kven er det?»

«Det er mamma». «Trur du foreldra dine har gjort noko med mamma?»

«Eg veit ikkje, men vi må finne ut av det» seier Jonas.

Plutseleg høyrer dei nokon komme ned trappa. Dei gøymer seg bak tidsmaskinen.

«Eg trur ikkje Jonas og Samira har merka noe om planane våre, håper dei ikkje blander seg inn no som vi nesten har fullført planen. Vi må gøyme mora til Samira betre. Ho begynner å bli meir og meir bekymra. Kanskje vi skal flytte henne frå kjellarleilegheita til naboen og til sykkelbutikken på hjørnet», seier foreldra til Jonas. Så går dei ut.

«Vi må komme til kjellarleilegheita til naboen før foreldra dine», seier Samira kjapt.

«Einig, dersom vi spring no, så kanskje vi rekk det», seier Jonas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei spring så fort dei kan bort til naboen. Dei kjem på at dei må spørje om nøkkelen. Når dei ringer på seier naboen at dei ikkje har nokon kjellarleilegheita. Dei må ha tatt feil nabo. Dei spring til neste nabo på andre sida av vegen, og spør om dei kan gå ned i kjellarleilegheita. Samtidig som dei skylder på å ha mista ein fotball gjennom kjellarvindauget, men dei hadde heller ikkje ein kjellarleilegheit.

«No har eg det, det er jo mitt hus», roper Samira.

Jonas og Samira spring rett ned til kjellaren, men det var for seint. Døra står på vidt gap. Moren til Samira var vekk. Samira begynner å gråte. «Eg er så lei av alt dette, kan ikkje berre mamma komme heim» seier Samira fortvila. Kom så går vi heim og ser om vi finner fleire spor. Seier Jonas trøstande og gjer Samira en lang klem. Dei går sakte heim att.

Då dei kjem heim høyrer dei eit DUNK. Kva var det? Dei løp etter lyden. DUNK, DUNK, DUNK. Dei kjem inn i rommet med tidsmaskinen igjen og ser at mor og far til Jonas er på veg inn i maskinen. «Kom!» kviskra Jonas til Samira. Dei smyg seg inn i tidsmaskinen. Døra glir igjen og maskinen begynner å riste.

Plutselig blir det heilt stille og døra glir opp. Moren og faren til Jonas spring ut med ein stor sekk og nokon kasser. Det var sikkert utstyret til pengemaskinen. Jonas og Samira kjem seg ut etter, og gøymer seg bak ein kommode. Pappa tek på seg plastikkhanskar og eit stetoskop. Klikk, klikk, klikk, klikk. «Yess» kvisker han.

«Stopp, eg må på do» seier mora til Jonas.

«Vi kan ikkje stoppe ranet nå, da kjem vi til å bli ferska. Då kjem vi oss aldri til Canada», seier faren til Jonas.

«Jammen, eg må veldig på do, vil du at eg skal tisse på meg?»

Artikkelen held fram under annonsen.

«Eg må også på do, men vi må skynde oss så ingen ser oss» seier faren til Jonas.

Jonas og Samira ser at faren lukker skapet for å gå på do. Dei ser at det er ein kode på skapet faren akkurat lukka. «Kva skal vi gjere no?» seier Samira. «SANOJ!» seier dei i kor. Dei går bort til pengeskapet og trykker 7 2 6 6 5, sanoj. «7» klikk, «2» klikk, «6» klikk, «6» klikk, «5» klikk. Døra går opp og dei gjer kvarandre ein høg five. Så skynder dei seg og bytter om pengane. «Kom igjen!» høyrer dei frå gangen. Jonas og Samira gøymer seg, men dei gløymer å lukke skapet. «Stengde ikkje pengeskapet?» seier moren.

«Jo, eg gjorde det» seier faren.

Jonas og Samira har kome på sporet av mora til Samira som døydde i 2003. Foreldra til Jonas har ein tidsmaskin som har fått dei tilbake til tida før mora døydde. Men akkurat no er det store problem ...