Kultureliten.
Kultureliten.

Jævla kultureliten

Eg har fleire gongar vore i Den Norske Opera, og har hatt stor glede av det. Men no veit eg ikkje om eg torer å snakke høgt om det.

Eg kunne bli oppfatta som ein kultursnobb. Som at eg tilhøyrer kultureliten. Og den gruppa er det ikkje så mykje pent å seie om.

Ein forskar har nemleg tatt for seg omgrepet «kultureliten»: Det er ei lita elitegruppe som framstår som «smakselitistisk, politisk korrekt, mektig, arrogant og privilegert»! Her får dei verkeleg høyre det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med omgrepet «kultur» tenkjer me som oftast på positive ting og skapande verdiar som spreier farge i kvardagen vår, enten det no er ein god film eller ein konsert med Øystein Sunde.

Kultureliten, derimot, er meir opptekne av «dikt som ikkje rimar, musikk som ein ikkje kan danse til, og skulpturar av bæsj».

Dei har vidare eit stort forbruk av sjampanje og dreg på weekendturar til Roma seks gongar i året. Og gjer alt dei kan for å neglisjere eller latterleggjere den folkelege, demokratiske kulturen. På eitt område spelar imidlertid kultureliten ei viktig rolle, nemleg som hatobjekt for alle dei andre. Sjølve ordet er då også blitt eit fyord. Jævla kultureliten.

Det er ikkje eg som påstår dette, men forskaren Anne Krogstad, professor i sosiologi, som har ført i pennen ein fyldig artikkel om emnet i Tidsskrift for samfunnsforskning.

Kultureliten er positive til innvandring, går på festane til kvarandre, utviser forakt og arroganse og framstår som nedlatande, dømmande, betrevitande og sinte, skriv ho.

Dette er kraftig kost, tenkjer eg etter som eg les meg gjennom artikkelen. Eg er glad eg ikkje tilhøyrer denne gruppa. Mitt alibi er at eg også likar svensktoppar, hardingfele og toradarmusikk. Og Beatles, ikkje minst.

Også her i Hallingdal kjenner me ordet.

Då Ål kulturhus vart bygd tidleg på 90-talet, var det dei som snakka om at dette var eit «smalt» bygg, tilpassa den lokale eliten, ei lita gruppe finkulturelle snobbar. Det vart til og med nemnt namn. Dette var ikkje eit bygg for folk flest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg veit om eit par karar som høgt og heilag svor på at dei ikkje skulle sette sine føter i Ål kulturhus så lenge dei levde. Aldri om dei skulle menge seg med «fiffen»!

Dei er borte no, og eg trur faktisk at dei heldt det dei lova.

Også i seinare tid har ordet vorte kviskra i krokane. I samband med utvidinga av kulturhuset dukkar ordet opp att med ny kraft.

No har det også kome til eit anna argument. Nemleg at det er me vanlege hallingar som betalar for nye Ål kulturhus gjennom straumrekninga. Dette siste argumentet har eg ein viss sympati for, i alle fall streifar tankane mine dit kvar gong eg opnar rekninga frå Ål kraftverk. Difor er eg nøye med å sløkkje unødvendige lys og held varmen på eit minimum.

Men ein ting undrar meg:

No har eg studert skisser og planar for det nye, ombygde Ål kulturhus. Her finn ein rom for vaksenopplæring, kulturskule med øvingsrom, landsdelsscene for dans, bibliotek, møterom for lag og organisasjonar, ungdomsrom, frivilligsentral, museum og turistinformasjon. Kort sagt, mykje til praktisk nytte og glede for oss vanlege folk.

Det rare er at eg ikkje har funne eitt einaste rom, ikkje så mykje som eit kott, som er avsett til «kultureliten». Same kor godt eg har leita. Har dei gløymt å sette av plass? Merkeleg.

God påske.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigve.