Marianne Gretteberg Engedal er teiknar og illustratør. Om sommaren driv ho Gretteberg Cafè ved Haugastøl.
Marianne Gretteberg Engedal er teiknar og illustratør. Om sommaren driv ho Gretteberg Cafè ved Haugastøl.

Ho har ein populær strek

Under namnet Skinkeape deler ho dei humoristiske og underfundige teikningane med tusenvis av følgjarar.

Marianne Gretteberg Engedal frå Geilo livnærer seg som illustratør og teiknar.

– Eg anar ikkje korleis det gjekk til. Eg er ikkje så god på sosiale medium, ler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Observante lesarar kjenner kanskje Marianne som vertinne på Gretteberg Kafe ved Haugastøl. Om sommaren serverer ho tradisjonsmat til reisande på Hardangervidda, men til dagleg bur ho i Oslo. Dei fleste jobbane får ho gjennom å dele arbeida sine på Instagram. Der har ho over 55.000 følgjarar, mange av dei frå utlandet.

Det starta med at ho la ut nokre teikningar og folk likte det dei såg. Det vart masse likarklikk og talet på følgjarar auka.

Det berre datt av.
Det berre datt av.
Pølse.
Pølse.
Vigdis Hjorth. Oppdrag for Morgenbladet.
Vigdis Hjorth. Oppdrag for Morgenbladet.
Ferie.
Ferie.
Fallet. Teikneserie i samlinga Byrjing.
Fallet. Teikneserie i samlinga Byrjing.
Hår.
Hår.
Nick Cave.
Nick Cave.
Hotel.
Hotel.
Sjå kvisten.
Sjå kvisten.
The Beach.
The Beach.

– No er Instagram den viktigaste kanalen for å få jobbar, det er slik eg klarar å leve av dette, fortel ho.

Ein mann i berre trusa med ei potteplante i fanget, ein kar på ein hest utan hovud – Engedal har ein karakteristisk strek med mykje humor. Ein teiknestil som folk kjenner att.

– Det er rart når nokon straks seier «dette har Skinkeape laga». Eg kjenner knapt igjen min eigen strek, seier ho.

Ho let merka etter viskelêret synast i dei ferdige arbeida.

– Eg er på ein måte perfeksjonist, samstundes som eg er ein slurvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var heilt tilfeldig at dette vart hennar stil.

– Men eg synest det vart fint og heldt fram med det. Då kan ein sjå kor det gjekk gale og at eg har retta det opp att. Det blir ei historie i teikninga, forklarar ho.

Sitjande menn er eit anna kjenneteikn som gjennomsyrar arbeida til Engedal.

– Eg hadde aldri før fått til å teikne heile kroppar. Men då eg sette dei ned, så gjekk det plutseleg likevel!

Det resulterte mellom anna i utstillinga «Det er godt å sitte» som vart synt fram i Bergen.

Marianne Gretteberg Engedal kjem frå Dagali og har vore på Haugastøl kvar sommar. I dag bur familien på Geilo. At ho vart teiknar og illustratør, er genetisk betinga.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

– Eg har teikna heile livet, og me har mange som teiknar i slekta. Slikt sett er eg nok arveleg belasta, fortel ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er utdanna illustratør frå Norges Kreative fagskule i Trondheim og har ein bachelorgrad i visuell kommunikasjon frå Kunsthøgskulen i Bergen.

– Ein lærer mykje forskjellig på disse studia. Grafisk design, typografi og slike ting som eigentleg ikkje interesserer meg. Men eg er glad eg måtte igjennom slike fag, for eg har god nytte av ulike programvare i dag.

Ho trudde ikkje at arbeidstittelen skulle bli illustratør og tør ikkje heilt å kalle seg kunstnar.

– Men du sel jo bilete til folk som vil ha dei på veggen heime og stiller ut arbeida dine. Er ein ikkje kunstnar då?

– Tja. Eg føler at eg ikkje har lov til å kalle meg kunstnar. Teiknar er meir rett, seier ho ettertenksamt.

Å selje teikningane som prints, utskrifter til å ha på veggen, var noko som starta fordi folk etterspurde det.

– Det er mange som synest det er stas, fortel ho.

Og mange seier dei kjenner seg att i bileta.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Eg står mykje på julemarknader og der ser eg reaksjonen til folk når dei ser teikningane mine. Til dømes teikninga av ein fyr i trusa med nokon planter i fanget. Folk roper «Sjå! Det er deg, og det er meg». Sjølv skjønar eg det ikkje, men det er vel derfor dei likar det.

Namnet Skinkeape dukka opp under studietida i Trondheim.

– Eg syntest det var verdas mest morosame ord. Eg gjekk rundt og sa det heile tida. Til slutt begynte folk å kalle meg Skinkeape.

Det er blitt eit kunstnarnamn som folk hugsar.

– Eg gruar meg til den dagen eg begynner å hate det namnet, ler Engedal.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

.

Arbeidsdagen startar tidleg. Det er då ho er mest produktiv. Ho har heimekontor og teiknar dagen lang.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Akkurat no har eg masse jobbar og teiknar det kundane ønskjer seg. Dei har klare ønske, men gir også frie tøyler. Folk kjenner stilen min, så dei veit jo kva dei får.

Kundane er mange – Morgenbladet, P3 Gull (NRK), Det Norske Samlaget – for å nemne nokre. Alle har oppdaga henne gjennom Instagram.

– For ei tid tilbake gjorde eg ein jobb for eit hipt hotell i Los Angeles. Dei skulle lage ei velkomstpakke til gjestane med forskjellige aktivitetskort, mellom anna finn-fem-feil og teikningar til fargelegging. Det var ein artig jobb, fortel ho.

Når det er rolegare tider, jobbar ho med eigne prosjekt. Ho liker at det er variasjon, og har mellom anna laga eit par animasjonsfilmar og musikkvideoar.

– Eg håper på å jobbe meir med slikt i framtida.

Engedal teiknar aldri heile teikninga i eitt. Ho teiknar del for del, og set det heile saman i Photoshop til slutt.

– Eg får heilt prestasjonsangst om alt må vere perfekt på første forsøk.

Difor har ho heller ikkje originalar av teikningane sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk kjeftar på meg fordi eg ikkje har originalar, de vil gjerne kjøpe dei. Men kor artig er det eigentleg å kjøpe ein arm?

Engedal ler. I det siste har ho begynt å måle litt.

– No skal eg utfordre meg sjølv på å lage eit heilt bilete på eit ark.

Til sommaren går turen igjen til Gretteberg Kafe. Det er ein tradisjon ho vil halde på.

– Eg kan like godt teikne der som her i Oslo. Men sommaren i år vart hektisk, eg skulle fullføre fleire illustrasjonar til eit bokprosjekt.

Det fine vêret førte til ville tilstandar og ekstremt mange kafegjester langs Rv7.

– Eg hadde planar om å teikne i pausane, men rakk knapt å ete, fortel ho.

Neste sommar er planen å ha litt færre oppdrag.

– Gretteberg Kafe er eit avbrekk for meg. Fjellet er inspirerande, sjølv om eg ikkje rekk å sjå meg så mykje rundt.

– Er nokon av teikningane dine basert på gjestene?

– Ikkje nokon bestemte. Men ein blir jo inspirert av utsjånad og oppførsel!