Hallingdolen

Reportasje

Her jobbar dei på høgtrykk

Her jobbar dei på høgtrykk

Høgt tempo og stinn brakke er standard i høgsesongen på Storefjell Resort Hotel. Samtidig har dei tilsette låge skuldrer og smil frå øyre til øyre når dei dekker på for 600 personar. Korleis klarar dei det?

Påska 2018: Det er langfredag og hotellet på Golsfjellet er fylt til randa av gjester. Til lunsj er alle invitert til grilling og konsert i alpinanlegget og det myldrar av folk ute i snøen. Fleire av dei tilsette har teke jobben med ut av hotellbygninga og står i baren, kiosken eller i skiheisen.

Sindre Thoresen Lønnes - Nøyaktig Medan gjestene er ute på ski er førebuingane godt i gang i matsalen. Langfredag er det 600 menneske til bords.

Nøyaktig: Medan gjestene er ute på ski er førebuingane godt i gang i matsalen. Langfredag er det 600 menneske til bords.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Kim André Hyrve har jobba fast på Storefjell i 17 år. Til vanleg har han ansvar for kurs og konferansar, men i påskeveka styrer han skiheisen.

– Her er det fullt trykk og det er veldig moro. Eg har ein hektisk kvardag til vanleg. Difor er desse avbrota viktig for meg, smiler han.

Ei dame med tre ungar på slep stikk hovudet inn i bua og ber om heiskort til alle saman. Kim André trykker konsentrert på skjermen framfor seg.

 - I solveggen Førstekokk Kim Ove Nilsen og resepsjonssjef Stine Holmøy trivst på jobb i påska.

I solveggen: Førstekokk Kim Ove Nilsen og resepsjonssjef Stine Holmøy trivst på jobb i påska.

– Så du meiner det er mindre stressande no?

– Dette er noko heilt anna. Eg hentar ny motivasjon. Dessutan har me eit bra arbeidsmiljø med mykje humor og god stemning, smiler han.

Eit par slalåmsvingar lenger unna fresar det når marinerte kyllinglår landar på grillen. Førstekokk Kim Ove Nilsen er til vanleg å finne på storkjøkkenet, men no står han bak ein bardisk laga av snø.

– Det er heilt topp å få nyte sola, seier han og grip tak i grillpølsene med klypa.

Sindre Thoresen Lønnes - Resepsjonist Ragnhild Sundet er utdanna innan turisme og hadde eit ønske om å jobbe på eit stort hotell.

Resepsjonist: Ragnhild Sundet er utdanna innan turisme og hadde eit ønske om å jobbe på eit stort hotell.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Også Kim Ove har mange års erfaring frå påskehelga på Storefjell.

– Det er av dei travlaste helgene i året. På storkjøkkenet er det viktig å planlegge. Om maten er varma opp på førehand, går serveringa fortare, forklarar han.

Når det er stressande dagar, gjeld det å vere glad og positiv.

– Eg prøver å spreie glede og så smittar det over på de andre, smiler førstekokken.

Sindre Thoresen Lønnes - Luftig Ørnene vaktar over gjestene.

Luftig: Ørnene vaktar over gjestene.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Når afterskien er i full gang, er det også høgt tempo inne på hotellet. Servitørane jobbar på spreng. 600 middagsgjester skal til bords. Knivar, gaflar, tallerkar og serviettar – alt må ligge på riktig plass.

– Det er veldig moro med så mange gjester. Det er mange hyggelege folk på besøk, fortel Astrid Rindom Nielsen.

Ho er sesongarbeidar frå Danmark og kom til Gol i januar. Planen er å jobbe på Storefjell til juni.

– Eg ønska å jobbe i Norge, ha eit friår for å få gode opplevingar og tene litt pengar, smiler ho.

Sindre Thoresen Lønnes - Mat til folket Det går mange kilo med kylling og pølser på utegrillen.

Mat til folket: Det går mange kilo med kylling og pølser på utegrillen.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Kvar dag blir det sett opp buss for dei tilsette frå Gol sentrum og opp til hotellet.

– Det er ein slags fristad for oss der me pratar saman og førebur oss mentalt på arbeidsdagen. Me er mange gode kollegaer, både servitørane og på kjøkkenet. Alle er fokuserte på å ha ein god dag, fortel ho.

Astrid og dei andre dekker på, serverer og ryddar. Målet er å gi gjestene gode opplevingar. Arbeidsskiftet er over kl. 23.45.

Sindre Thoresen Lønnes - Vil til topps Sjølv om afterskien er i full gang er det masse folk i skitrekket.

Vil til topps: Sjølv om afterskien er i full gang er det masse folk i skitrekket.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

I resepsjonen er dei fleire personar på jobb. Dei hjelper gjestene med alt dei skulle trenge eller måtte lure på. No er det ikkje lenge før folk kjem tilbake frå skiturar eller konsert.

– Det er viktig å førebu seg godt her òg. Me har alt av infoskriv, turkart og plakatar klare. No har dei aller fleste sjekka inn. Då blir det litt rolegare for oss, fortel Espen Personbråten.

Han har arbeidd seks år på Storefjell, og synest det er gøy å jobbe når andre har ferie.

– Akkurat no er det mange barnefamiliar her. Slik sett skil påska seg frå andre deler av året då det er mykje kurs, konferanse og konsertar, fortel han.

 - Puslespel Det er mykje å passe på før gjestene kjem til middag.

Puslespel: Det er mykje å passe på før gjestene kjem til middag.

Ragnhild Sundet rundar hjørnet med ei bunke handklede som ho gjev til to jenter som skal i bassenget.

– Eg er ganske fersk. Det er mange rutinar å sette seg inn i. Heldigvis har eg tolmodige kollegaer, smiler ho og dultar venleg i Espen.

Ragnhild er utdanna innan turisme og hadde eit brennande ønske om å få jobbe på eit stort hotell.

– Dette er draumejobben for meg, strålar ho.

Sindre Thoresen Lønnes - Grillmeister Kim Ove Nilsen (t.v.) er førstekokk og har jobba på hotellet i 16 år.

Grillmeister: Kim Ove Nilsen (t.v.) er førstekokk og har jobba på hotellet i 16 år.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

– Har heile tida planen klar

- Korleis gjer hotellet seg klar for høgsesongen?

– Me ligg heile tida i forkant. Kvar veke har me planane klare for veka som kjem. Det bidreg til å fjerne eventuelle stresselement, fortel Andreas Nibstad.

Han sit i leiargruppa på hotellet og har noko personalansvar. Nibstad jobbar også med den daglege drifta og følgjer opp nye og faste gjester.

Se dette bildet i full størrelse
 - Passar på Andreas Nibstad.

Passar på: Andreas Nibstad.

– Viss folk ikkje veit kva som skal skje, kan det vere ein stressande faktor. Ingen må bli overlessa med arbeid. Det er viktig at folk har ei normal arbeidsmengd, sjølv om det er fullt av gjester på hotellet. Viss kapasiteten til dei tilsette er sprengt, går det ut over opplevinga for gjestene, fortel Nibstad. 

 - Kostyme Hotellgjestane slikkar sol i passande påskeantrekk.

Kostyme: Hotellgjestane slikkar sol i passande påskeantrekk.

 - Strigla Mat med utsikt.

Strigla: Mat med utsikt.

 - Stemning Fullt hus på afterski.

Stemning: Fullt hus på afterski.

 - Lang rekke Det er kø i kiosken.

Lang rekke: Det er kø i kiosken.

 - I resepsjonen Ragnhild Sundet (t.v.) og Espen Personbråten er av dei første gjestane møter på hotellet.

I resepsjonen: Ragnhild Sundet (t.v.) og Espen Personbråten er av dei første gjestane møter på hotellet.

Sindre Thoresen Lønnes - Har kontroll Espen Personbråten har jobba på Storefjell i fleire år.

Har kontroll: Espen Personbråten har jobba på Storefjell i fleire år.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

 - Fjellfrelse Storefjell Resort Hotell ligg på Golsfjellet, 1001 meter over havet.

Fjellfrelse: Storefjell Resort Hotell ligg på Golsfjellet, 1001 meter over havet.

 - I heisen Kim André Hyrve frå Gol har jobba fast på Storefjell i 17 år. Ansvarsområda er kurs og konferanse, men i påska styrer han skiheisen.

I heisen: Kim André Hyrve frå Gol har jobba fast på Storefjell i 17 år. Ansvarsområda er kurs og konferanse, men i påska styrer han skiheisen.

Sindre Thoresen Lønnes - Trivst Humor er viktig for å ha ein god dag på jobb.

Trivst: Humor er viktig for å ha ein god dag på jobb.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

 - Stille før stormen Før gjestene kjem til bords, et personalet middag saman.

Stille før stormen: Før gjestene kjem til bords, et personalet middag saman.

Sindre Thoresen Lønnes - Motivasjon Kim André Hyrve frå Gol har jobba fast på Storefjell i 16 år. Ansvarsområda er kurs og konferanse, men i påska styrar han skiheisen.

Motivasjon: Kim André Hyrve frå Gol har jobba fast på Storefjell i 16 år. Ansvarsområda er kurs og konferanse, men i påska styrar han skiheisen.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

 - Ping pong I kjellaren kan ein kople av med biljard og bordtennis.

Ping pong: I kjellaren kan ein kople av med biljard og bordtennis.

Sindre Thoresen Lønnes - God bok På Storefjell kan gjestene nyte late dagar i påskesola.

God bok: På Storefjell kan gjestene nyte late dagar i påskesola.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Sindre Thoresen Lønnes - Høgtid Dei tilsette er kledd i påskefargar.

Høgtid: Dei tilsette er kledd i påskefargar.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

 - I baren Stine Holmøy passar på drikkevarene.

I baren: Stine Holmøy passar på drikkevarene.

Sindre Thoresen Lønnes - Soldag Fullt trykk ute, roleg inne.

Soldag: Fullt trykk ute, roleg inne.Foto: Sindre Thoresen Lønnes

 - Nøkkelkort Mange rom å halde styr på.

Nøkkelkort: Mange rom å halde styr på.

 - Ny erfaring Astrid Rindom Nielsen (t.v.) er sesongarbeidar frå Danmark.

Ny erfaring: Astrid Rindom Nielsen (t.v.) er sesongarbeidar frå Danmark.

Sindre Thoresen Lønnes - Sofa God plass i foajeen midt på dagen.

Sofa: God plass i foajeen midt på dagen.Foto: Sindre Thoresen Lønnes