Mai Britt og Helge Holm har drive Nystølkroken i fleire tiår.
Mai Britt og Helge Holm har drive Nystølkroken i fleire tiår.

Her får du både kos og real kost

I fleire tiår har Mai Britt og Helge Holm servert alt frå nykøyrde skiløyper til tradisjonskost på Nystølkroken.

SJÅ – SLIK SÅG det ut her i 1974, seier Mai Britt Holm.

Biletet ho held opp viser ei gamal bu, i omgjevnader som ikkje er så lett å kjenne att.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er her, seier Helge Holm.

Det er ikkje så lett å sjå for seg, her me står midt i det flotte kafébygget på Nystølen, at det berre for nokre tiår sidan ikkje var anna enn bua på biletet som sto her. No luktar det heimelaga mat frå eit travelt kjøkken, det store kaférommet er julepynta, og ute har det begynt å legge seg snø på bakken. Om ikkje lenge vil vinteren ha kome med såpass kraft at det vil strøyme skituristar inn på tunet. Då må Helge fyre opp løypemaskina og kome seg til skogs – men ikkje heilt enno. Enno er det relativt rolege dagar på Nystølen for ekteparet, som har dreve kafeen dei siste 20 åra.

DET HAR VORE EIT aldri så lite eventyr. Eit eventyr som starta på 50-talet, då far til Helge begynte å sette opp utleigehytter på fjellet som ei attåtnæring til gardsdrifta. Han og ein sambygding bestemte seg for at turistane som hadde begynt å innta Nesfjellet måtte aktiviserast. Så han kjøpte seg snøskuter og begynte å køyre løyper. Snøballen begynte å rulle.

På Nystølkroken får du servert alt frå nykøyrde skiløyper til tradisjonskost.
På Nystølkroken får du servert alt frå nykøyrde skiløyper til tradisjonskost.
Mette Helene Bjørnsen og Elisabeth Haraldset lagar forretten, grava elgkjøt med tyttebærrumme.
Mette Helene Bjørnsen og Elisabeth Haraldset lagar forretten, grava elgkjøt med tyttebærrumme.
Grava elgkjøt med tyttebærrumme.
Grava elgkjøt med tyttebærrumme.
Indrefilet av rein.
Indrefilet av rein.
Molteiskake med mandelbotn og karamellsaus.
Molteiskake med mandelbotn og karamellsaus.
Middagen er servert.
Middagen er servert.
Det var ein gong ei bu.
Det var ein gong ei bu.
Mai Britt og Helge Holm har drive Nystølkroken i fleire tiår.
Mai Britt og Helge Holm har drive Nystølkroken i fleire tiår.
Elisabeth Haraldset (f.v.), Mette Helene Bjørnsen og Mai Britt Holm har kontroll.
Elisabeth Haraldset (f.v.), Mette Helene Bjørnsen og Mai Britt Holm har kontroll.
Nystølkroken er kjende for dei intime konsertane sine.
Nystølkroken er kjende for dei intime konsertane sine.
Mai Britt og Helge Holm har drive Nystølkroken i fleire tiår.
Mai Britt og Helge Holm har drive Nystølkroken i fleire tiår.
F.v. Mai Britt Holm, Elisabeth Haraldset og Mette Helene Bjørnsen.
F.v. Mai Britt Holm, Elisabeth Haraldset og Mette Helene Bjørnsen.
Nystølkroken kan ha mange til bords.
Nystølkroken kan ha mange til bords.

– Etter eit par år begynte det å melde seg eit behov for skiutleige, fortel Helge. Den vesle bua me fekk sjå på biletet måtte bort, eit nytt bygg kom opp. Og far til Helge starta så smått med sal.

– Solo, Cola og ei eske med Kvikk Lunsj, ler Helge.

Så slik starta det altså, med ei bu, nokre sjokoladeplater, ein skibakke med heis og ein snøskuter.

– Så balla det berre på seg, seier Helge.

MEDAN FLEIRE OG FLEIRE turistar fann Nesfjellet, fann Helge ho Mai Britt. Dei to begynte å involvere seg meir og meir i drifta, og i 1996 tok dei over. Det vart starten på Nystølkroken slik me kjenner det i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

På bordet framfor oss står ein forrett – grava elg. Fire dagar har han lege i sukker, salt og timian – no ligg han pent dandert på ei skiferplate. Mai Britt har dei siste åra hatt to kokkar med seg på kjøkkenet, det har sørga for eit litt enklare tilvære. Før gjorde ho alt sjølv.

– Det hadde ikkje gått i dag, med den trafikken som me har no. Før skulle eg både kokkelere og vere vertinne i tillegg. Det var ikkje greitt.

– Eg kunne ikkje vere overalt. I dag er det ei heilt annan verd, fortel ho mens den grava elgen blir bytta ut med hovudrett: Indrefilet av rein. Medan den regelrett smeltar på tunga, fortel ekteparet om korleis dei fordeler arbeidet seg i mellom. Ho styrer kafeen inne. Helge driv med maskinar ute. Han driv Helge Holm Bygg og Maskin ved sida av, har mykje kontorarbeid og ein drøss med timar i løypemaskina vinterstid.

– Me har jo sagt me skal ha løyper opne her heile tida, uansett om det er fredag eller måndag. Det krev ganske mykje, seier han.

{{imageLeft}}

MEN DET ER INGEN stor belastning for Helge å ta løypekøyringa – tvert i mot kan det vere ein friplass.

– Det er ein enkel jobb, men den er viktig. For meg er det ein rekreasjon. Der kan eg tømme hovudet mitt. Eg er førstemann til fjells om morgonen, og får med meg soloppgangen. Eg ser reinsflokkar og dyrespor. Der inne har eg mange fine stunder, seier han.

På dei gode vinterdagane yrar det av liv på Nystølkroken. Ifølge Mai Britt kan det kome fleire hundre innom, for å kjøpe alt frå store vaffelplater til ekte tradisjonskost.

Artikkelen held fram under annonsen.

 Det har vore viktig for henne å servere mat som er «ordentleg».

– Det skal ikkje vere noko halvfabrikat. Me prøver å bruke så mykje lokale råvarer som me kan få tak i. Me produserer det her og lagar alt frå botnen av, fortel ho medan ho set si eiga moltekake på bordet. Dessertane står ho sjølv for.

{{imageLeft}} {{imageLeft}}

DET ER KANSKJE ikkje så rart det blir skikkeleg julepynta på Nystølkroken – gjennom jula er det stort sett her dei kjem til å opphalde seg, ekteparet Holm. Då er det full rulle – og i romjula kjem sjølvaste Jørn Hoel og skal ha lutefisk- og vinkveld. Dei siste åra har store artistar vore innom kafélokala og spelt – aller mest folk drog Ole Paus. Då måtte borda ryddast ut så det vart plass til alle.

Konsertane er det siste tilskotet på ekteparets liste over initiativ og idear på Nystølkroken. Men antakeleg ikkje det siste.

– Eg og Helge har nok litt for mykje pågangsmot, me hiv oss uti så mykje rart. Men det er moro og. Me har nok tatt noko risiko. Men om ein berre følger magekjensla, så går det som regel bra.