Påsketur i Skarvheimen, her frå den kvista løypa mellom Kongshelleren og Iungsdalshytta.
Påsketur i Skarvheimen, her frå den kvista løypa mellom Kongshelleren og Iungsdalshytta.

Her er fire flotte vårskiturar

Endelaust med snødekt vidde. Lange solrike dagar. April og mai er tida for dei lange skiturane i høgfjellet.

Etter påske legg mange bort skia, men det er no den finaste delen av sesongen startar. Lite kan måle seg med ein vårskitur i mjuk og jamn snø, såkalla verdsmeisterføre. Pakk sekken, smør skia og kom deg av garde!

1) Hallingskarvet på langs 

Å gå den langstrakte fjellryggen frå Finse til Geilo er rekna for å vere ein av landets flottaste skiturar. Her er du høgt heva over terrenget rundt og utsikta er fantastisk. Størsteparten av platået ligg mellom 1700 og 1900 moh. delt av ein rekke skard. Det høgaste punktet er Folarskardnuten (1933 moh.), som også er det høgaste fjellet i Buskerud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er ein tur som krev godt vêr. Den er om lag 50 kilometer lang og har ei stigning på 1600 høgdemeter. Les meir påwww.tinderangel.no.

2) Jøkulrunden 

Ein vakker tur i spektakulære omgjevnader med utsikt til Skarvheimen i nord og Hallingskarvet i nordaust. Denne skituren startar og sluttar på Finse, er 25 kilometer lang og går over breplatået av Hardangerjøkulen – Norges sjette største isbre. Løypa er kvista når tilhøva er trygge slik at ein kan gå turen utan bruk tau. (Sjå DNT sitt kvistekart for når den er merkt). NB! Hald deg til kvistaløypa. Snøbruer og opne sprekkar i isbreen kan vere vanskelege å sjå.

Om ein ikkje ønsker å gå heile jøkulrunden, kan ein tur til Appelsinhytta (1343 moh.) eller Jøkulhytta (1850 moh.) vere gode alternativ. Desse hyttene er berre betent i påska og 17. mai. Les meir påwww.finse1222.no.

Tur frå Breistølen til Finse i Skarvheimen.
Tur frå Breistølen til Finse i Skarvheimen.

3) Høgeloft 

Høgeloft er ein flott skitopp som byr på ein fantastisk panoramautsikt over Skarvheimen, Hemsedalsfjella og Jotunheimen. Med sine 1920 moh. er toppen det nest høgaste fjellet i Buskerud, berre Folarskardnuten på Hallingskarvet er høgare. Toppen dannar grensepunkt mellom Lærdal i Sogn og Fjordane og Hemsedal i Buskerud. Toppmassivet består av fleire mindre toppar og kallast Store Jukleeggi. Det er vanleg å starte turen frå Eldrevatn ved Rv52. Totalt er turen 15–16 km med 800 høgdemeter stigning. Alternativt kan ein gå turen frå Kljådalen og den sjølvbetente DNT-hytta Kljåen. Frå nordsida er det ein fin tur å gå frå Sulebu. Les meir påwww.peakbook.org.

4) Langtur i Skarvheimen:

Har du lyst på ein skikkeleg langtur med fleire overnattingar på hytter, kan turen mellom Breistølen på Hemsedalsfjellet og Finse anbefalast. Skarvheimen er et av landets finaste område for fjellskiturar, med imponerande fjellformasjonar og passe kupert terreng. Her er flotte utforkøyringar, freistande toppar og fin avstand mellom hyttene. Turen er ca. 75 kilometer og tek alt frå to til fem dagar, avhengig av kor lange dagsetappar du ønskjer. Hyttene langs ruta er Breistølbu, Bjordalsbu, Iungsdalshytta, Kongshelleren, Geiterygghytta og Finsehytta. Om du startar turen frå Breistølen, går du med sola i andletet heile vegen. Løypa er kvista (Sjå DNT sitt kvistekart for når den er merkt). Dette er også ein klimavenleg tur. Det går buss til Breistølen og tog til Finse. Les meir påwww.ut.no.