Karina Hollekim er no i sin beste form etter ulykka i 2006.
Karina Hollekim er no i sin beste form etter ulykka i 2006.

Hardt kvesta i ulykka - no deltek ho i "Mesternes mester"

Ho kjem frå ein idrett som ikkje tidlegare har vore representert i «Mesternes mester» på NRK.

DÅ HALLINGDØLEN for nokre veker sidan møtte den tidlegare fristilkøyraren og BASE-hopparen Karina Hollekim, første kvinne i verda som gjorde basehopp på ski, hadde ho akkurat kome heim frå stisykling i Dolomittane.

– Ein kan ikkje kjede seg veit du, smiler ho og let seg falle ned i sofaen heime hjå far sin i Hemsedal. Er det ikkje Dolomittane, er det i surfebølgene på Stadt eller aktivitetar ved hytta på Sørlandet. Eller foredrag i inn og utland. Vintrane er framleis fylte med skiaktivitetar, om enn i andre utgåver enn for nokre år sidan. I tillegg er her kome eit par små, men ganske store, element til inn i livet hennar.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

I sommar kom ho heim frå opptak av Mesternes mester på Mallorca. Programmet kjem på skjermen utpå nyåret 2019.

FRÅ Å NESTEN KUNNE fly, måtte Hollekim lære seg å gå att etter ei BASE-ulykke frå helikopter i 2006. Det var verdscup i akrobatikk med paraglider i Sveits. Hollekim skulle demonstrere hopp med wingsuit. Ho er på den tida den råaste kvinnelege basehopparen i verda. Så går det gale.

Med eit bein som ikkje toler støyt, får Karina Hollekim nokre små sikringstiltak. Legg merke til setet som skal dempe eit fall om det kjem. Brekker ho beinet, kan amputasjon vere neste skritt.
Med eit bein som ikkje toler støyt, får Karina Hollekim nokre små sikringstiltak. Legg merke til setet som skal dempe eit fall om det kjem. Brekker ho beinet, kan amputasjon vere neste skritt.
Det er tydeleg ei sterk Karina Hollekim som deltek i Mesternes Mester 2019.
Det er tydeleg ei sterk Karina Hollekim som deltek i Mesternes Mester 2019.
Karina Hollekim, basehoppar og frikøyrar, på Catosenteret i Son i 2007.
Karina Hollekim, basehoppar og frikøyrar, på Catosenteret i Son i 2007.
Frå å nesten kunne fly, måtte Hollekim lære seg å gå att etter ei basehopp-ulykke frå helikopter i 2006. Det var verdscup i akrobatikk med paraglider i Sveits. Hollekim skulle demonstrere hopp med wingsuit. Ho er på den tida den råaste kvinnelege basehopparen i verda. Så går det gale. Høyr historia om korleis Karina Hollekim kjempa seg tilbake. På dette biletet er ho saman med regissør Hallgrim Haug frå Ål. Hollekim går her «Haute Route», ein skitur frå Chamonix i Frankrike til Zermatt i Sveits.
Frå å nesten kunne fly, måtte Hollekim lære seg å gå att etter ei basehopp-ulykke frå helikopter i 2006. Det var verdscup i akrobatikk med paraglider i Sveits. Hollekim skulle demonstrere hopp med wingsuit. Ho er på den tida den råaste kvinnelege basehopparen i verda. Så går det gale. Høyr historia om korleis Karina Hollekim kjempa seg tilbake. På dette biletet er ho saman med regissør Hallgrim Haug frå Ål. Hollekim går her «Haute Route», ein skitur frå Chamonix i Frankrike til Zermatt i Sveits.
Karina Hollekim med regissør Hallgrim Haug. Hollekim går «Haute Route», ein skitur frå Chamonix i Frankrike til Zermatt i Sveits.
Karina Hollekim med regissør Hallgrim Haug. Hollekim går «Haute Route», ein skitur frå Chamonix i Frankrike til Zermatt i Sveits.
Dennis og Liam er det viktigaste for tidlegare ekstremsportutøvar Karina Hollekim. Her frå haustdagar i Hemsedal.
Dennis og Liam er det viktigaste for tidlegare ekstremsportutøvar Karina Hollekim. Her frå haustdagar i Hemsedal.
Karina Hollekim ville ut av rullestolen. Her frå Catosenteret i Son i 2007.
Karina Hollekim ville ut av rullestolen. Her frå Catosenteret i Son i 2007.
Karina Hollekim kunne fly. Her frå Nebbet i Gudvangen.
Karina Hollekim kunne fly. Her frå Nebbet i Gudvangen.
Det er tydeleg ei sterk Karina Hollekim som deltek i Mesternes Mester 2019.
Det er tydeleg ei sterk Karina Hollekim som deltek i Mesternes Mester 2019.
Ekstremsportutøvar og Oslo-kvinna Karina Hollekim (t.h.) har sterke røter i Hemsedal. Rett over nyttår får me sjå henne på Mesternes mester 2019. Det er fyrste gong ein ekstremsport-utøvar er med i konkurransen.
Ekstremsportutøvar og Oslo-kvinna Karina Hollekim (t.h.) har sterke røter i Hemsedal. Rett over nyttår får me sjå henne på Mesternes mester 2019. Det er fyrste gong ein ekstremsport-utøvar er med i konkurransen.

Hollekim får problem med skjermen og dundrar i bakken i 100 kilometer i timen. Beina blir knekte på fleire stader. Det er opne brot. Eine beinet er tilnærma knust. Ho får beskjed om at ho aldri vil kunne gå att.

Etterfølgande infeksjonar set beinet i fare. Til alt hell blir det ikkje amputasjon. Ei 12 centimeter lang jernskinne erstattar lårbeinet i høgrefoten. Og ho klarar etter kvart å reise seg frå rullestolen. 20 operasjonar og fire år etter ulykka, kunne ho også stå på ski att.

Midt oppe i alt elendet klarte ho å motivere seg med positiv sjølvsnakk og hard trening. Ho fortalde seg sjølv at ho var sterk og tøff, sjølv om trusselen var der om at ho aldri skulle koma til å gå att. Ho let sigrane dominere, ikkje nederlaga. Erfaringane og kunnskapen frå denne tida nyttar ho i dag som foredragshaldar og mental-trener. Hollekim utførte rett og slett ein redningsdåd på seg sjølv.

– Eg snakkar om korleis hjernen og kroppen spelar på lag. Om korleis me kan styre ulike tilstandar. Om dei små endringane som kan gjere ein forskjell i det lange løp. Det betyr at eg har den kontorjobben eg sa at eg aldri skulle ha. Men det er variert, med mykje reising. Då er det gøy å gå på kontoret. Og eg utviklar meg heile tida som menneske. Historia mi får ein verdi utover meg sjølv når den kan påverke livet for andre, seier ho.

{{facts}}

Artikkelen held fram under annonsen.

KARINA HOLLEKIM er ein person verda ser opp til. Kanskje er det også difor ho vart invitert til å vere med på Mesternes mester. Programmet plukkar atletar frå øvste hylle. Ho har aldri late handikappet setja grenser når det gjeld å vera aktiv og å vera ute i naturen.

Men ho må vera forsiktig. Eit nytt beinbrot kan ende med amputasjon.

Då ho etter ulykka gjekk Houte Route, den utfordrande skituren frå Chamonix i Frankrike til Zermatt i Sveits, vart det laga dokumentar som har hausta fleire prisar. Det er gitt ut biografi om livet hennar, og ho har delteke i TV-seriear som "Kokkekamp" og "Oppdrag Sognefjorden", Ho har også fått spreidd sine tankar og idear som deltakar på den prestisjetunge konferansen TED-talks.

Men kanskje viktigast av alt: ho har fått sambuar og to born. Sambuaren Benjamin Jensen, norsk rekordhaldar i tikamp, glei rett inn i den sportslege familien til Karina – sjølv om han aldri hadde stått på ski.

– Det tok eit år, så køyrde han frå oss. Eg såg Benjamin første gong då eg trena på Olympiatoppen. Han jobba der. Det var hyggeleg å ha noko pent å sjå på medan eg trena, smiler Hollekim. Ho ser opp til sambuaren, og meiner han er den komplette idrettsutøvaren. Han har ein svært allsidig måte å bruke kroppen på.

Benjamin var med då ho gjekk Houte Route i 2009. Då ho stod på toppen, sa ho for ope kamera at no kunne dei gå heim og lage barn.

– Og det løftet heldt eg. Benjamin er fantastisk. Ivrig. Leiken både i fjellet og på sjøen. Eg treng nokon som er litt ivrig. Sjølv om eg kanskje ikkje er like svolten lenger. I lag med Benjamin blir eg ein person som er eventyrlysten i nærområda. Eg som har vore bortskjemt med dei flottaste fjella og det beste skiføret. No kan eg dra på eventyr i eigen bakgard og finne skjulte skattar. I ein alder over 40 er det godt å få oppleve det. Og me er ekstremt privilegerte som kan kome til pappa og Kathe her i Hemsedal og nærmast bu på hotell. Pappa er skitrenar for gutane. Og gommo Kathe passar dei, så eg og Benjamin kan ha kvalitetstid saman. Me er utruleg heldige, smiler ho.

– Korleis er kroppen din i dag?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det hender eg har vondt. Og det er ting eg ikkje kan gjere. Som å springe, vindsurfe eller spela ball. Eg kan ikkje gjere brå rørsler. Men eg kan sykle stigar og stå på ski. Og bølgesurfing har eg også starta med. Det stod eigentleg på lista over ting eg ikkje kan gjera. Men eg gir meg sjølv god tid.

– Eg toler jo ikkje det folk flest toler. Eg kan ikkje smelle borti ein stein. Men eg bølgesurfar på sandbotn. Eg likar å kjempe litt mot elementa. Det handlar om å meistre, smiler ho.

OG DET ER NETTOPP meistring det handlar om på Mesternes mester. Her kjem Hollekim frå ei sportsgrein som aldri tidlegare har vore representert. I tillegg stiller ho med eit handikap. Mykje av muskulaturen i eine beinet er borte. Det er ikkje kontakt der. Det påverkar sjølvsagt fleksibiliteten hennar. Og ho kan ikkje falle.

– Eg er stiv «i skøyta», for å seie det slik, nikkar ho og tek imot ein spretten liten kar som er bortom mor for å klemme litt. Før han sprett vidare. At han slektar på foreldra, er tydeleg.

Mor til Karina vart hardt skadd i ei ulykke då Karina var berre nokre få år.

– Det har alltid handla om meistring for meg. Heilt frå eg var liten har det handla om å flytte grenser. Det handla om å vere ute i naturen. Det har vore pappa sitt språk. Mamma har vore «borte» på ein måte frå eg var fire år. Etter det har eg nok gjort alt eg kan for å bli sett og få merksemd av pappa

For henne er det viktig å overføre den aktive livsstilen til eigne born.

At ungane vil få vite kor dristig ho sjølv har vore, kjem ho nok ikkje utanom. Sonen Liam kom heim frå barnehagen og hadde fått vite at mamma hans hadde «falle ned frå himmelen», og at ho «kunne fly». Det ville han gjerne ha bevis for.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kan berre håpe dei lærer å respektere naturkreftene, og at dei ikkje treng å bevise noko. Eg hadde eit tomrom. Det måtte eg fylle med ekstremsport. Det var jo andre ting eg ikkje meistra. Eg håpar å gi ungane våre ein oppvekst der dei slepp unna tomrommet, seier ho.

Ungane har sjølvsagt sett alle arra hennar.

– Men eg trur ikkje dei tenkjer på det, smiler ho. Ho meiner ho har ting å lære av ungane også. Minstemann Dennis ville ha henne til å hjelpe seg med ei øydelagt leike. Karina fortalde at det kunne ho ikkje. Leika var øydelagt.

– Då kom det frå han; - Mamma. Du må ikkje gi opp så lett. Det er det mantraet eg har fora dei med: Me gir oss ikkje! Me prøver igjen, ler ho.

{{imageLeft}}

– MESTERNES MESTER var artigare enn det eg hadde drøymt om. Eg vart spurd eit par år tidlegare, men då var eg gravid med Dennis. Så eg sa nei. Men heldigvis spurde dei igjen. Det var ei ære. Eg hadde lyst, men den første kjensla var at eg ikkje var verdig. At eg ikkje var på same nivå. I tillegg er eg handikappa. Dei som er med er utruleg omtykte og suksessrike idrettsutøvarar. Kva vil sjåarane tenke? Då måtte eg vere streng med meg sjølv om det å vere bra nok. Eg måtte overtalast, men angrar ikkje, fortel Karina.

Med sine fysiske grenser er det fleire element ho ikkje vil kunne hevde seg i.

– Mesternes mester vart ei personleg reise for meg. Eg kunne jo berre seie at mi rolle vart å spela alle dei andre gode. Men for å klare å vere med, måtte eg hente fram konkurranseinstinktet. Eg måtte bevise for meg sjølv at eg hadde noko der å gjere. Ikkje for sjåarane, men for meg sjølv. Og det klarte eg, smiler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

For henne vart deltakinga ei solid gulrot.

– Eg trong den for å kome over dørterskelen. No fekk eg den eigentida eg trong for å trene, samt fire veker aleine på tur. Om eg rauk ut i fyrste program, var eg likevel lykkeleg og hadde oppnådd måla mine. Utifrå mitt mål vann eg, smiler ho.

Karina hadde ikkje store forventingar før ho reiste nedover til TV-opptak på Mallorca.

– Eg følte meg som ein outsider. Ekstremsport er ikkje heilt stovereint. Eg var redd for ikkje å passe inn. Eigentleg var eg redd dei såg på meg som ein joker. Men så fann eg ein fantastisk gjeng. Me utfylte kvarandre så utruleg bra. Me levde i ei boble med omsorg og kjærleik. Lo så me grein, fortel ho.

Alle måtte fylle ut spørjeskjema før oppdaga tok til.

– Når hadde du latterkrampe sist?, stod det. Eg måtte tenkje. Ikkje forrige veke. Var det eigentleg i år? Plutseleg innsåg eg at eg har eit A4-liv – hadde eg slutta med latterkrampe?

I Mesternes mester hadde eg latterkrampe kvar einaste dag. Eg veit no, at eg vil ha tilbake meir av den jenta. Vera meir her og no. Og nyte. Og ta tilbake latterkrampene.

Ho tok nokre riskar under tv-opptaka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei andre tok omsyn til meg. Men då Lars Berger skulle klatre på meg for å kome over eit hinder, var han så forsiktig at eg måtte seie ifrå. «Du må tråkke til», sa eg. Han svarte OK. Då endra noko seg. Han tråkka til så eg blødde. Men frå då vart eg sett på som ein ressurs på lik line med dei andre. 

Fødd 25. april 1976

Kjem frå Oslo og Hemsedal

Har fleire topplasseringar i diverse fristil-renn

Norges einaste profesjonelle basehoppar. Og verdas fyrste kvinnelege ski-basehoppar

Har hoppa fleire hundre basehopp over heile verda

Vart kraftig skadd i ei fallskjermulykke i 2006, men overlevde

Mesternes mester 2019

Elleve tidlegare toppidrettsutøvarar konkurrerer mot kvarandre. Vinnaren blir «Mesternes mester».

Eit av dei mest populære programma i Norge med over ein million sjåarar.

Årets deltakarar: Karoline Dyhre Breivang (38) handball, Ann Kristin Flatland (37) skiskyting, Hanne Haugland (50) høgdehopp, Tom Hilde (31) skihopp, Karina Hollekim (42) fristil skikøyring og basehopp, Glenn Solberg (46) handball, Pål Anders Ullevålsæter (50) motocross og enduro, Kine Olsen Vedelden (23) cheerleading, Ole Martin Årst (44) fotball, Lars Berger (39) skiskyting og langrenn.