Hallingdolen

Reportasje

Han lever bak ei maske

Han lever bak ei maske

Røysta er grov. Replikkane kjem kvikt på engelsk. Han er høgreist. Stolt. Sjølvtilliten verkar botnsolid. Så tek han av seg maska.

Dei blå augo er audmjuke. Snille. Sårbare på ein måte. Han er stille. Den høge, breiskuldra kroppen lutar litt der han viser veg inn på skulen. Som om han prøver å gøyme seg. Som om dei høge fjella gjer han mindre enn han er. Sanninga er at skulen her ved Hardangerfjorden har vore ei brikke på vegen mot ei sterk ryggsøyle i det nye livet til Ludvig Solheim frå Nesbyen. Eller Lois Cosplay som han kallar seg i dag.

Privat - I London Louis Cosplay som Deadpool, her i lag med Aqua woman.

I London: Louis Cosplay som Deadpool, her i lag med Aqua woman.Foto: Privat

COSPLAY – EVERY SINGLE DAY. Han smiler. Og syner den styrken folk får når dei har noko som engasjerer i livet. Noko dei har lært seg og kan ein del om. Han fortel og om seg sjølv. Om vesle Ludvig som hadde det tøft. Som vart vrang. Som kom i fosterheim. Dysleksi gjorde ikkje ting betre.

Se dette bildet i full størrelse
 - Louis Cosplay Det er tredje året Hardanger Folkehøgskule tilbyr cosplay. I år er lina nær dobla med 20 elevar.

Louis Cosplay: Det er tredje året Hardanger Folkehøgskule tilbyr cosplay. I år er lina nær dobla med 20 elevar.

– Eg vil nok aldri fortelje heile historia.

Han ser bort, summar seg og kikkar opp att. Han har brukt mange år på å godta handikapet sitt når det gjeld lesing og skriving. Han har jobba hardt for å bli betre, også som menneske. Han har jobba mykje med å finne ut kven han vil vere i livet. Han vil la fortida vere fortid.

– Det er det eg gjer i framtida som betyr noko, seier han bestemt. Han ser ikkje på seg sjølv som heilt normal. Kikkar ned når han seier det. Men kva er eigentleg normal? Og kven kan seie at dei er normale? Han seier han manglar sjølvtillit.

– Eg har jobba hardt med å styrke sjølvtilliten slik at eg kan gjere det eg vil med livet mitt. Til å finne eit miljø der eg passar inn.

27-ÅRINGEN JOBBA i mange år på Nesbyen kro. For eit og eit halt år sidan tok støttespelaren hans, Thor Renslemo, med Louis på ein con i Oslo, ein arena for dei som likar cosplay. Desucon på Norges Varemesse myldra med likesinna.

– Det var som å vere i himmelen, smiler Louis og takker støttespelaren sin for at cosplay endeleg vart ein verkeleg del av livet hans. I haust starta han på Hardanger folkehøgskule.

Se dette bildet i full størrelse
 - Forvandling Louis blir ein heilt annan når han får på seg kostyme.

Forvandling: Louis blir ein heilt annan når han får på seg kostyme.

Se dette bildet i full størrelse
 - Forandring Louis Solheim frå Nesbyen, tidlegare Ludvig, merkar stor forskjell når han ikler seg kostyme.

Forandring: Louis Solheim frå Nesbyen, tidlegare Ludvig, merkar stor forskjell når han ikler seg kostyme.

- Cosplay er ein pause i det som kan vera ein kjedeleg kvardag, smiler han. Cosplay er ein fristad der ein kan vere superhelt. Ein stad der ein kan framstå som alt anna enn sky og forsiktig. Ein stad der ein kan lære seg å byggje sjølvtillit. Og på cons kan ein møte andre som ikkje er dømmande. Og ein får respekt.

- Seriøst. De burde prøve. Det er heilt utruleg.

Se dette bildet i full størrelse
 - Effektar Spesielle effektar gjer at utstyret ser gamalt og slite ut.

Effektar: Spesielle effektar gjer at utstyret ser gamalt og slite ut.

LOUIS HAR ALLTID LIKT å kle seg ut til Halloween. Han kunne kjøpe kostyme eit år i førevegen for å vere klar til den store dagen. Bak maska vart han ein heilt annan, ein som ikkje sleit med å tilpasse seg. No kunne han passe inn. Denne eine dagen i året gav han eit høve til å gjere noko han verkeleg likte. Men kunne det vere noko meir?

– Eg hadde sett cosplay berre på YouTube. På Desucon i Oslo den gongen opplevde eg at alle respekterte alle, fortel han. Louis var utkledd som Green Arrow, ein karakter frå ein tv-serie.

– Eg opplevde fridom. Gjorde stemma grov og snakka med fleire. Eit par jenter eg trefte har eg kontakt med også i dag. Eg fekk venner, fortel han. I Norge blir det arrangert fleire cons i året. Louis, som vanlegvis er tilbakehalden og ikkje likar store samkome, opplevde ingen ukomfortable soner under cons.

– Det vart ei trygg sone for meg. Eg har ingen problem under slike arrangement. Det kjennest naturleg. Eg berre gjer det, fortel han.

HAN VIL SKAPE kostymer. Kle seg ut.

– Eg vil at folk skal få opp augo for cosplay, seier Louis. Han vil besøke skular, barnehagar og sjukehus i ei snill spiderman-drakt, for eksempel. Gi folk ein positiv inspirasjon. Han vil hjelpe, så også andre vågar å gjere det dei sjølv vil i livet.

– Er det fleire som driv med cosplay i Hallingdal?

– Eg veit ikkje. Men eg veit at eg elskar dette her, smiler han.

Og det handlar ikkje berre om å kle seg ut. Det handlar om å lage kostyma sjølv. Gjere dei så bra som mogleg. Og tre inn i rolla som karakteren. Gjere om stemma. Kunne replikkane og rørslene.

 - Lære teknikkar Skulen sørger for at elevane lærar å både sy og måle, i tillegg til å forme kostyme i spesielle foam-materiale. Lærar Mari Lid og Louis med det nye batman-kostymet.

Lære teknikkar: Skulen sørger for at elevane lærar å både sy og måle, i tillegg til å forme kostyme i spesielle foam-materiale. Lærar Mari Lid og Louis med det nye batman-kostymet.

– Lære å sy for eksempel. Eg fekk ikkje sy skjorta til vampyr-Batman før eg hadde sydd to prøveskjorter. Læraren min var streng på det, seier Louis og syner fram prøveskjortene. Så dreg han fram resten av Vampyr-Batman-drakta som snart er klar.

– Det er fint å lære å sy. Det er også greitt å kunne fikse ei skjorte i staden for å kjøpe ny. Eg hugsa faktisk nokre teknikkar frå 5. klasse under arbeidet no i haust, smiler Louis og tek den store skinnfrakken av prøvedokka.

– Eg fekk vite om cosplaylina i Hardanger først no i sommar. Då var det eigentleg ikkje plass, men så var det ein som trekte seg. Dette er alt eg kunne ønskt meg.

Han strålar og fortel kva for teknikkar han nyttar for å få ein svart frakk til å sjå tøff, støvete og brukt ut. Grovt sandpapir på alle saumar, babypudder og kasting i bakken ute. Brunmåling for å etterlikne blod. Spennene har og fått litt blodmåling på seg.

– Slitasje vart den første teknikken eg lærte, fortel Louis. Til og med pistolen og sverdet har fått rette looken. Louis har kasser med måling til rekvisittane sine.

– Utstyret skal sjå ut som om det har vore med i fleire kampar, påpeiker han. Skjorta har fått sin omgang med kaffi og skopuss.

FOLKEHØGSKULEN HAR OPNA ei ny verd for nesningen.

– Cosplay starta som ei form for teater i Japan. Tema henta dei frå tv-seriar og filmar om superheltar. Ein kan ha klassiske kostyme, med eigen vri. Cosplay er sett saman av orda costume og play. Me kler oss ut og spelar karakterane våre. Sosialiserer, fortel han. I konkurransar skal utøvarane i høg grad ha laga kostyma sjølve, samt at ein opptrer med karakteren.

Louis har ikledd seg kostyme ikkje berre på cons, men også på Hallingmarken og på Goldagane. Då går han der som cosplayer. Spesielt ungar blir veldig imponert. Draktene har dei kan hende sett i teikneseriar. Og skal Louis sjå ein kul film på kino, ja då ber han også kostyme med maske. Han kan ikle seg fleire karakterar. Og då forandrar han stemma og også språket. At han meistrar engelsk, er faktisk ikkje så rart. Den vesle guten sat ofte framfor tv-en.

– Då eg starta på skulen, kunne eg snakke engelsk Eg absorberte alt eg såg og høyrde, på mellom anna Cartoon Network. Eg lærte meg flytande engelsk. Svensk også. Faktisk likar eg betre å snakke engelsk enn norsk, smiler han.

 - Fantastisk Ludvig Solheim, alias Louis Cosplay, oppfordrar også andre til å starte med cosplay.

Fantastisk: Ludvig Solheim, alias Louis Cosplay, oppfordrar også andre til å starte med cosplay.

LOUIS ER KANSKJE den første som står fram som cosplayer i Hallingdal, men håpet er at det blir fleire.

– Verda utviklar seg. Småbygdene må også vere med på dette, meiner han.

Leilegheita heime i Nesbyen er arbeidsrommet han skal attende til etter skuleåret ved Hardanger folkehøgskule. Målet er etter kvart å ha cosplay som jobb. Han kan tenke seg å vera ein slags ambassadør for cosplay.

– Eg vil syne folk at det finst eit miljø for oss. Eit miljø som er ope for alle, seier han.

– Korleis var det å kome frå cosplay-einsemda i Nes og til ei cosplay-line med 20 elevar?

– Eg har aldri hatt det så moro i mitt liv. Det var tøft i starten. Eg måtte ut av komfortsona mi. Eg har slite med den sosiale biten. Det skremde livet av meg dei første vekene. Men eg lærer, nikkar han og fortel om karakterane han har så langt. Green Arrow, Flash, Batman, Spiderman og Deadpool.

– Eg likar best å vere Batman. Og så likar eg vampyrar, ler Louis. Difor er kostymet han jobbar med på skulen, den første drakta han lagar heilt frå botnen, ein vampyr-Batman.

Dei har hatt profesjonelle cosplayere som gjestelærarar. Dei har lært om sminke og parykkar. Nokon puttar lys i augo på karakteren dei ikler seg. Då må dei ha opplegg for straum. Det gjeldt å lære på proft vis.

– Neste prosjekt blir Tactical Batman. Med torsoen laga av foam. Eg hadde plan om det allereie før eg kom hit, fortel han og dreg på seg maska til vampyr-Batman. Ryggen rettar seg automatisk og stemma blir grov. Blikket fast. Det skjer noko.

NYLEG FEKK KLASSEN med seg tre dagars EM i cosplay under 2017 MCM London Comic Con. Her konkurrerte 30 nasjonar. Då skjer det på catwalk og på scena.

– Og ikkje i kjøpedrakter for å seie det slik. Finland vann, fortel Louis.

Under London-turen torde han ikkje å vere vampyr-Batman. Den var ikkje heilt klar og han hadde ikkje øvd på den versjonen. Han valde karakterar han har vore før, som Dead Pol og Nightmare Batman.

– Du skal lage karakteren. Vere den i hovudet ditt. Det krevst ein del øving framfor spegelen, fortel han og dreg av maska att. Blikket mildnar. – Er de nerdar som driv med cosplay?

– Ja, på vår eigen måte, smiler han. I kostymet blir han ein heilt annan person.

– Då er eg humoristisk. Eit menneske som ikkje har opplevd noko vondt. Eg gøymer ikkje fortida mi, men gløymer den litt. Fortida skal ikkje hindre meg i å utvikle meg vidare. Eg er her fordi eg vil. Og cosplay hjelper meg med å hanskast med det eg har vore gjennom. Eg får sjølvtillit og kjenner meg stolt. Eg kallar meg Louis. Eg hatar ikkje Ludvig, men Louis er den nye personen som vart skapt då eg aksepterte dette med cosplay. Og eg likar Louis betre. Ludvig har positive sider, men også negative. Som Ludvig hadde eg nok berre halde fram med jobben, og blitt gamal og grå. Som Louis er eg ein kombinasjon av det positive og det nye. Eg har lært meg å bli eit sterkare individ. Også håpar eg at eg kan hjelpe andre til å akseptere kven dei er, at dei kan bli kvitt aggresjon og at dei ikkje gjer noko vondt mot dei ein er glad i. Det skjedde med meg. Det tok meg mange år å gå vidare. Det er tøft for kven som helst. Ein må finne sine grenser og jobbe innanfor desse for å bli betre. Men når du finn ut kven du er, er det ingen som kan knekke deg, seier Louis Cosplay, med ein snev av Batman over seg. Det er nesten så me ser maska i armane til Louis blunke.

 - Fantastisk No vil Louis Solheim, alias Louis Cosplay, oppfordre også andre til å starte med cosplay.

Fantastisk: No vil Louis Solheim, alias Louis Cosplay, oppfordre også andre til å starte med cosplay.