Sven Christjar Skaiaa i Hemsedal er både med i Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR) og ved 330 skvadronen, som lege på Sea King.
Sven Christjar Skaiaa i Hemsedal er både med i Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR) og ved 330 skvadronen, som lege på Sea King.

Han jobbar som lege i lufta

Han har jobba målretta mot draumejobben. No er han lege på Sea King.

Sven Christjar Skaiaa begynte med fjellklatring då han var 14. Han er ski-, bre- og klatregaid og tindevegleiar. I 2001 starta han fjellførarselskapet Norgesguidene. Han har køyrd hundar i Finnmark, gaida folk i Alaska. Og han er lege.

Etter seks år med studiar, eit og eit halvt år som turnuslege, fleire år med praksis og fem år med spesialisering, var han klar for å ta neste steg.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tre år no har Sven Christjar Skajaa representert spesialhelsetenesta utanfor sjukehus. Nærmare bestemt i eit helikopter. 330 skvadronen på Rygge gjennomfører 450 oppdrag i året. Han har permisjon frå jobben som allmennlege på legekontoret i Hemsedal. På 330-skvadronen er dagane annleis. Her er det action – eller øving – på programmet kvar einaste dag. På fritida er han med i Langfjella Alpine Redningsgruppe (LAR).

Sea King helikopteret er det einaste med heis. Maskina skal først og fremst drive redning, men det er utstyrt som ein luftambulanse og kan ta meir vanlege helseoppdrag også.

– Det klassiske eksempelet er hjartestans, fortel Skaiaa. Dei har som oftast berre ein pasient om bord, men har plass til seks.

Som både lege og fjellklatrar har Sven Christjar Skaiaa to roller. Her representerer han Langfjella Alpine Redningsgruppe under øvinga i Hemsedal i januar.
Som både lege og fjellklatrar har Sven Christjar Skaiaa to roller. Her representerer han Langfjella Alpine Redningsgruppe under øvinga i Hemsedal i januar.
330-skvadronen brukar framleis den gamle arbeidshesten Westland Sea King.
330-skvadronen brukar framleis den gamle arbeidshesten Westland Sea King.
Sven Christjar Skaiaa er til dagleg lege på redningshelikopteret Sea King på 330 skvadronen på Rygge.
Sven Christjar Skaiaa er til dagleg lege på redningshelikopteret Sea King på 330 skvadronen på Rygge.

I lag med redningsmann på helikopteret er det legen som tek seg av pasientane.

– Redningsmannen er sjukepleiar med redningsteknisk trening. Det er redningsmannen som hentar pasientane opp i helikopteret. Det er ein fordel å kunne litt om klatring og redningsteknikk, men på Sea King er eg lege. I LAR er eg medlem av redningsgruppa, fortel Skaiaa.

Kravet er at ein også må vere tilsett 30 prosent ved eit sjukehus når ein er operativ lege på Sea King. Sjølv jobbar han som anestesilege på Ullevål sjukehus.

– Eg skulle gjerne hatt ein helikopterbase her i Hemsedal. Det beste hadde vore å ha eit sjukehus. Men ein kan ikkje få alt her i livet.

Skajaa ler. Han stortrivst som tobarnsfar, og understrekar at han har ei tolmodig kone.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ser du føre deg fleire jobbutfordringar?

– Det handlar om å finne balanse når det gjeld jobb og familie. Akkurat no er eg veldig nøgd, smiler 45-åringen.

På Rygge flystasjon bur mannskapet ved basen og er på vakt 24 timar i døgnet. Dei andre er militært tilsette. Legen er sivil, tilsett i luftambulansetenesta i Oslo.

– Du får ikkje brakkesjuke?

– Nei, det rekk me ikkje, smiler han.

Alarmen kan gå når som helst. Då skal dei vere i lufta på 15 minutt. Som regel greier dei det i god tid. Snittet ligg mellom ni og 12 minutt.

– Eg likar at det skjer ting. Eg var veldig i tvil ein gong, om eg skulle halde fram med fjellguiding, eller bli lege. Dette er ein fin kombinasjon av begge deler, meiner han.

Noko av det Skaiaa set stor pris på med jobben på Sea King, er lagkjensla.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som fastlege løyser ein mange oppgåver aleine. Her er me heile tida eit team, seier han.

{{imageLeft}}

Kvardagen på 330 skvadronen består av trening og oppdrag. Det blir som regel ein treningstur i helikopteret både før og etter lunsj.

– Me er heldige og kan øve på ting me ikkje er borti så ofte, seier han.

Sea Kingen har oppdrag over heile Sør-Norge, på austsida av Langfjella.

– Me er ein dryg time unna Hemsedal. Er det redningsoppdrag der det trengst heis, er det Sea Kingen som rykker ut, fortel Skaiaa.

330 skvadronen er i ferd med å få nye helikopter.

– Det blir ei ny æra i redningstenesta. Våre helikopter er frå 70-talet. Dei nye er topp moderne redningshelikopter. Først og fremst får me lenger rekkjevidde. Me kan fly Oslo-Tromsø utan å lande. Og me får ei endå meir stabil plattform. Litt større kabin. Eit sterkare helikopter som går mykje fortare. Nær 50 prosent fortare på cruising speed. Det er ganske mykje, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er ulempa?

– Dei er større og tyngre, og ikkje så enkle å lande med overalt. Men me kan fly mykje raskare. Det er viktig for dårlege pasientar.

– Blir det kjedeleg å vere lege i Hemsedal etter at du har jobba på Sea King?

– Nei, Hemsedal har absolutt det mest varierte legekontoret i Norge. Men det er to forskjellige ting. Eg har permisjon til oktober. Så får me sjå etter det.

– Er det eit farleg å vera lege på Sea King?

– Hjartekirurgi på barn synest eg virkar skummelt. Då vil eg heller sitje i helikopteret, seier han. 

{{facts}}

* Norges eldste operative flyskvadron, starta på Island i 1941.

* Frå 1973 har 330 vore operatør av statens redningshelikopter.

* Utfører alle typar redningsoppdrag, frå å hente folk som står fast i bergveggen til personar i forliste båtar.

* Forsvaret driv helikoptera, men Justis- og beredskapsdepartementet er ansvarleg for tenesta.

* Har avdelingar i Banak, Bodø, Florø, Ørland, Sola og på Rygge.

* Nyttar i dag helikopter av typen Westland Sea King.

* Nye helikopter av typen Agusta Westland 101 er i ferd med å bli fasa inn.