Hallingdolen

Reportasje

Gulden gir alt for sporten

Gulden gir alt for sporten

Sport er livet for Bjørn Gulden. Han var balltalentet som i løpet av to sesongar tok steget frå breiddefotball i Hallingdal til Bundesliga i Tyskland.

No styrer han ein av verdas største sko- og utstyrsprodusentar, kallar verdas raskaste mann, Usain Bolt, for ein god ven og spelar golf med Manchester City-manager Pep Guardiola. Tysdag 23. juli på Amerikalinjen Hotell i Oslo sentrum:

Klokka 11.30 presenterer Puma den norske verdsmeisteren på 400 meter hekk, Karsten Warholm, som sin nye profil. Den tyske utstyrsfabrikanten sparar ikkje på noko når Warholm blir ein del av Puma-familien. På ein eigen vegg heng plakatar med Pumas store stjerner opp gjennom åra. I fire montrar står signerte piggsko. Her er skoen til Colin Jackson frå verdsrekordløpet på 12,91 på 110 meter hekk i 1993, skoen til dansk-kenyanske Wilson Kipketer som i 1997 senka verdsrekorden på 800 meter til 1,41,11. I eit anna hjørne står den signerte skoen til Tommie Smith, OL-meisteren frå USA på 200 meter i Mexico i 1968. Og sjølvsagt, den raskaste av dei alle, Usain Bolt. Det er i dette selskapet Warholm no blir lyfta inn. Merksemda er stor. Her er alle dei store norske avisene og TV-kanalane. Midt i sirkuset står Bjørn Gulden.

 - Ambisjonar Bjørn Gulden trur på eit langt samarbeid med Warholm og trenaren han Leif Olav Alnes (t.v.). Rundt han er det sjeldan dårleg stemning.

Ambisjonar: Bjørn Gulden trur på eit langt samarbeid med Warholm og trenaren han Leif Olav Alnes (t.v.). Rundt han er det sjeldan dårleg stemning.

Sidan 2013 har mannen som i fleire år av ungdomstida budde på Geilo og spelte både handball og fotball for Geilo og Gol, vore øvste sjefen i Puma. Då var Usain Bolt Pumas desidert største profil. Lista over legender med dei tyske skoa omfattar tre av dei største i fotball også: Pelé, Johan Cruyff og Diego Armando Maradona. Det er likevel alltid noko ekstra med verdas raskaste menneske. Frå 2013 til Bolt la opp i 2017 fekk Gulden følge han på nært hald. For Gulden og Puma er det viktig å ha profilar også etter at Bolt la opp.

– I sommar-OL er friidrett det største. For oss som omset for 50 milliardar kroner, er det viktig å vere med. Friidrett er kjernen i all sport. Det gjeld alle, anten du køyrer eller går på ski, spelar fotball eller basket. Dei som driv med friidrett, er dei beste. All utvikling innan sport startar og sluttar med friidrett.

Se dette bildet i full størrelse
 - Interesse Inne på Amerikalinjen Hotell var alle dei største norske avisene og TV-kanalane på plass. Bjørn Gulden sjekkar at Karsten Warholms antrekk er i orden.

Interesse: Inne på Amerikalinjen Hotell var alle dei største norske avisene og TV-kanalane på plass. Bjørn Gulden sjekkar at Karsten Warholms antrekk er i orden.

 
Se dette bildet i full størrelse
 - Lansering Puma og Bjørn Gulden spara ikkje på noko då Karsten Warholm skulle presenterast som selskapets nye frontfigur.

Lansering: Puma og Bjørn Gulden spara ikkje på noko då Karsten Warholm skulle presenterast som selskapets nye frontfigur.

I 2018 signerte Puma avtale med Norges Friidrettsforbund og kom for alvor sterkt tilbake i Norge.

Den forrige store profilen i Norge var Marius Bakken. Før det var Geir Moen den store.

– Då Karsten skulle bytte utstyrsleverandør, var det naturleg å prate med han. Me og han har testa utstyr i seks månader og funne ei løysing for han. Og så er økonomien på plass.

– Er Puma for alvor tilbake i idrett no?

– Puma vart litt borte frå sport nokre år, men me har siste åra investert meir. Friidrett, fotball, basket. Det er ein del av strategien. Me skal ikkje berre vere eit motemerke. Me har mange utøvarar no. Me jobbar mellom anna tett med Jamaica og Andre De Grasse (canadisk sprintar).

Se dette bildet i full størrelse
 - God stemning Bjørn Gulden, Karsten Warholm og tidlegare verdsrekordhaldar på 100 meter hekk, Colin Jackson var fornøgde med den nye sponsoravtala.

God stemning: Bjørn Gulden, Karsten Warholm og tidlegare verdsrekordhaldar på 100 meter hekk, Colin Jackson var fornøgde med den nye sponsoravtala.

Med Warholm og trenaren Leif Olav Alnes i stallen ser Gulden store moglegheiter.

– Pakka med Leif Olav Alnes og den «norske Usain» er så spennande at me trur me kan marknadsføre han som ein stor, global utøvar. Ikkje berre spring han fort, men det er måten han gjer ting på, pratar med folk og korleis dei arbeider. Folk over heile verda legg merke til dette no.

Duoen Warholm/Alnes er mykje omtala, etter kvart også internasjonalt. Forholdet mellom trenar og utøvar er unikt – og særleg i friidrett. Ofte er det ein føresetnad for å nå det høgaste nivået. Friidrettshistoria er full av slike samarbeid som Puma vil lyfte fram med Warholm og Alnes. Og Puma har då også hatt to av tidenes beste sprintarar med sine heilt spesielle trenarar.

Ein av sprintarane er Tommie Smith og trenaren hans, Budd Winter.

Winter var trenar ved San Jose State University, og suksessen han hadde med mange utøvarar førte til at San Jose etter kvart berre vart kalla «Speed City». Her gjekk det unna. Høgdepunktet kom under OL i Mexico i 1968 då Smith vann og sette verdsrekord på 200 meter på 19,83. Meir kjend vart medaljeseremonien då Smith saman med bronsevinnar John Carlos protesterte mot USAs rasepolitikk. Biletet frå sigerspallen er ikonisk. Direkte etter medaljeseremonien vart utøvarane sende rett heim av det amerikanske friidrettsforbundet og OL-komiteen. Heime venta hets og drapstrugsmål mot både dei og familiane. Men det var dei vane med. Dei hadde vorte truga mange gonger også før OL. «Iblant vart me gjeve 48 timar å leve, og iblant var me berre niggerar som levde i den kvite manns land», sa Smith seinare. Gulden har dei siste åra vorte godt kjend med Smith. Han kallar Smith for ein av dei modigaste personane i verda.

– Historia til min kjære ven Tommie, at han torde å stå på for det han trudde på, er fantastisk. Og at Puma støtta han i den tida han opplevde så mykje hets frå alle hald, er me stolte av.

– Og kva hadde vel Usain Bolt vore utan trenaren Glen Mills?

– Eg veit ikkje kva Glen Mills har, men måten han løyser ting på, er vel noko av det same som med Karsten og Leif. Dei som blir einarar har alltid hatt folk rundt seg som dei har hatt eit tillitsforhold til. Dei er utsett for eit trykk når dei må ut på banen mens 100 millionar menneske ser på og ventar at du skal vinne. Då må dei ha ein dei kan stole på og som kan fortelje ein dei rette tinga.

– Korleis var det å jobbe med verdas raskaste mann?

– Det å skjøne korleis dei arbeider, har vore artig å følge. Usain er ei blanding av ein fysikk som han er fødd med, men samstundes det han har gått gjennom på trening. No var ikkje Usain den som likte å trene. Men han trena kanskje best når han trena. Å komme så nært innpå som ein bleik nordmann, var spesielt. No er Usain vorten ein ven.

– Men kor god var han eigentleg i fotball?

– Oi. Han mangla 12.000 treningstimar, ler Gulden.

Bolt var på dei mykje omtala treningsvekene i Strømsgodset, Borussia Dortmund og Central Coast Mariners i Australia i fjor. Han hadde aldri trena i eit fotballmiljø, og fekk vere med på trening som ledd i oppkøyringa til ein velgjerdskamp på Old Trafford i Manchester.

Se dette bildet i full størrelse
 - Spesialsydd Karsten Warholms spesialsydde piggsko.

Spesialsydd: Karsten Warholms spesialsydde piggsko.

– Eg trur han med eit års trening kunne spelt norsk 1. og 2. divisjon. Han ville vore ein trussel berre med farta. Men han mangla fotballtrening.

Men, seier Gulden:

– Det gjeld alle idrettar i dag, også lagidrett. Viss det er noko du vil ha, er det hurtige spelarar. Er du raskast, har du meir tid. Og har du meir tid, kan du gjere meir. Det burde ikkje vere ein fotballspelar eller handballspelar som ikkje vil ha meir fart.

Om Usain Bolt mangla fotballtrening, var det stikk motsett med Bjørn Gulden.

Se dette bildet i full størrelse
 -  Piggskoen til Tommie Smith frå OL i 1968.

Piggskoen til Tommie Smith frå OL i 1968.

Og som han seier sjølv:

– Eg voks opp i ein garderobe.

Far hans var den kjende fotball- og handballspelaren Arild Gulden. Han klarte noko berre eit fåtal nordmenn har klart: Han spelte på øvste nivå i to idrettar med landskampar i både handball og fotball på seniornivå. I handball fekk han 52 landskampar og i 1961 spelte han på verdslaget. Gulden fann opp det som fekk namnet «kringleskotet». Det skulle etter kvart vise seg at Bjørn kom til å følge ganske så tett i desse fotspora. Det starta med fotball og handball på Geilo tidleg på 1970-talet då han kom flyttande saman med mora, dottera til gründeren og grunnleggjaren av Geilo Verktøy og Knivfabrikk, Erling Brusletto.

Se dette bildet i full størrelse
 -  Piggskoen til Colin Jackson.

Piggskoen til Colin Jackson.

Se dette bildet i full størrelse
 -  Wilson Kipketer.

Wilson Kipketer.

Etter at han var ferdig med ungdomsskulen, flytta han på hybel på Gol for å gå på det som då heitte Hallingdal Gymnas. Då spelte han både fotball og handball på Gol. Eit av dei første bileta som finst av Bjørn Gulden i Hallingdølens arkiv, er frå hausten 1978. Det hadde vore kretslagskamp mellom det som då var Valdres/Hallingdal mot Buskerud. Kampen enda med tap 0–7 der ingen av hallingane utmerkte seg. «Valdres/Hallingdal var nærmest scoring da Geilos Bjørn Gulden fra 18–20 meter sendte i veg et godt skudd som strøk like utenfor», skreiv Hallingdølen. Men sidan skulle det bli verre for angriparar å passere Gulden. Og dei neste åra, frå 1978 til 1982, utmerkte han seg meir og meir. Trenarar og leiarar i heile Hallingdal prata etter kvart om han. Om eit balltalent som leika seg og såg moglegheiter med ballen ingen av dei andre gjorde. I 1980 var han på gutekretslaget, men så kom eit lite gjennombrot: Sommaren 1981 vart han teken ut på gutelandslaget. I 1982 kom eit nytt. Då signerte 17-åringen for Strømsgodset.

– For å ta det neste steget, måtte eg vekk frå Hallingdal. Eg starta i Strømsgodset og pendla mellom Drammen og Gol. Ingen hadde meir fråvær enn meg på gymnaset. Det vart mange nattog frå Drammen. I 1983 spelte eg fotball i Godset og handball i Haslum pluss på landslag i begge idrettar, minnest han.

 -  Usain Bolt.

Usain Bolt.

I 1984 gjekk han til vesttysk fotball og vart proff i Nürnberg i 2. Bundesliga. Det gjekk i eitt for Gulden som Hallingdølen i eit intervju sommaren 1985, kalla «Askeladden frå Nürnberg». Då hadde han akkurat gjennomført ein god debutsesong og vore med på opprykket til Bundesliga.

På to år hadde han gått frå å spele for maksimalt eit par hundre tilskodarar i breiddefotballen i Hallingdal til 30.000 på tyske banar.

– Reisa verkar utruleg kort?

– Eg voks opp med ein far som var landslagsspelar. Eg dreiv ikkje med anna og konkurrerte i alt. Langrenn, alpint, friidrett. Eg trur ikkje det var ein idrett eg ikkje var med på. Data fanst ikkje, og musikk kan eg ikkje. Og så hadde eg vel talent. Då vart det slik. Eg veit ikkje om noko anna.

Men, som han seier:

– Hadde eg gjort det igjen, hadde eg vel bremsa litt. Eg drog nok ut for tidleg. Så vart eg skadd og karrieren vart øydelagd.

For talentet som vart proff som 19-åring er eit eksempel på kor mykje skader kan øydeleggje. Før fotballklubbane fekk meir profesjonelt medisinsk apparat, var det ofte rein rovdrift på spelarar. Dei fekk ikkje fekk lov til å bruke den nødvendige tida til å bygge seg opp att etter skader. Dermed kom det fleire skader. Gulden var ein av dei som fekk merke det tøffe køyret.

– Det var lite langsiktig planlegging. Det var tøft og brutalt. Støtteapparatet no er noko heilt anna, seier han, og minnest korleis smertestillande og kortisonsprøyter heldt han på føtene.

Etter kort tid var profflivet over. Men i 1986 gjekk han til Bryne og fekk med seg ein tittel som Norgesmeister då Bryne vann cupfinalen mot Brann i 1987.

– Er cupfinalen det sportslege høgdepunktet?

– Nja, det veit eg ikkje. Eg hadde eigentleg lagt opp, men skulle studere. Så vart at det til at eg tok eit par år. Eg burde ikkje ha spelt, eg har eit kunstig kne no. Men det er mange høgdepunkt.

Første landskamp, første eliteseriekamp, første kamp i Nürnberg. Cupfinalen er ein draum som gutunge. Men det er veldig fort over.

Bjørn Gulden vart tvinga til å legge opp som 22-åring.

Men då starta eit anna løp som tok til med utdanning, både bachelor- og mastergrad, i økonomi. Og lik som i idretten gjekk han på ganske kort tid frå studiar til toppjobb etter toppjobb. Først i Adidas tidleg på 1990-talet der han enda som tekstilansvarleg. Sidan har han hatt leiarstillingar i det store tyske skoselskapet Deichmann og det danske smykkeselskapet Pandora. I 2013 vart han Chief Executive Officer (CEO) i Puma.

– Har du teke med mykje frå sport på vegen i næringslivet?

– Å jobbe i eit internasjonalt firma, eller arbeid generelt, er mykje av det same som i lagsport. Du spelar med folk som er betre enn deg, du spelar med folk du likar og ikkje likar. Du må innordne deg for å få resultat. Det same gjeld i arbeidslivet. Det heng mykje saman. Sport har gitt meg meir enn noko anna. I sport lærer du å tape og vinne. Og presset om å prestere for å vinne eller vere på eit lag, får du tidleg. Handterer du det, er det enklare i arbeidslivet.

I dag har han hovudkontor i Herzogenaurach i Bayern der Rudolf Dassler stifta selskapet i 1948. Då hadde Rudolf saman med den kjende broren Adi drive Gebrüder Dassler Schufabrik sidan 1924, og hatt den store sprintar Jesse Owens frå USA i stallen under OL i Berlin i 1936. Men forholdet mellom brørne rakna. Rudolf etablerte i 1948 sin eigen skofabrikk, først under namnet Ruda, i den eine delen av Herzogenaurach. I ein annan del av byen på andre sida av elva starta broren Adi selskapet med dei tre stripene: Adidas.

Rivaliseringa var stor, og i den vesle byen var det ingen Puma-tilsette som gifta seg med tilsette i Adidas. No er rivaliseringa er langt mindre enn før. Oppmjukinga skjedde særleg etter at begge brørne Dassler døydde på 1970-talet. Dei vart elles gravlagde på kvar si side av same kyrkjegard. Tru kva dei hadde sagt om Guldens overgang frå Adidas til Puma …

 - Sverre Hvammen, Knut Arne Wensaas, Jan Endrestøl, Jon Egil Walhovd, Kjell Gunnar Myhren, Bjørn Gulden, Pål Markegård og Lars Fosshagen. Framme Torbjørn Dahle, Steinar Aarset, Rolf Thomas Farmen, Bernt Jo Hole, Steinar Kaupang og Bjørn Arve Havikhagen.

Lilleputt: Torbjørn Dahle, Steinar Aarset, Rolf Thomas Farmen, Bernt Jo Hole, Steinar Kaupang og Bjørn Arve Havikhagen.

Men Dassler-brørne var framsynte og skapande.

Det er ein stolt tradisjon Gulden styrer vidare som øvste sjef. Og om han slekta mest på faren i den aktive idretten, har kan hende arven frå familien på Geilo vore med på å forme forretningsmannen. Bestefar hans, Erling Brusletto, vil for alltid stå støtt i historia til Geilo og Hol, kjend for skaparevne og som ein idémakar med mange oppfinningar. Erling Brusletto har også ein sjeldan meistertittel ikkje mange hugsar i dag. I 1967 vart han saman med Geilo-laget norsk meister i curling og spelte VM same år. Med Brusletto som skip vann laget 10–9 mot Sveits i første kamp. Og med åra har Geilo betydd meir og meir for Gulden.

– Eg er tilbake kvar jul og påske. Det er heilag for meg. All familie kan gjerne kome dit, men eg kjem ingen andre plassar.

Det gjeld også svigerfamilien og svigerfar Steinar Pettersen, Strømsgodset-legende og alle tiders toppscorar med serie- og cupmeisterskap for Drammens-laget. Og utruleg nok har Pettersen klart det same som både Bjørn og Arild Gulden: Han har landskampar i to ulike idrettsgreiner. Men mens to blad Gulden spelte handball og fotball, kombinerte Pettersen fotball og bandy slik så mange gjorde i nedre Buskerud fram til 1980-talet. På hytta på Geilo er han rask med å smørje skia.

– Betre rekreasjon enn ein skitur på Geilo eller på Hardangervidda, finst ikkje. Du treng ikkje psykolog viss du har Vidda.

 - Tor H. Gauteplass og Bjørn Gulden (begge frå Geilo). Bak frå venstre Ole Skredegård (Gol), Tor Ove Spildrejorde (Nesbyen) og Odd Einar Havikhagen (Geilo). Dei tapte 0-7 for Buskerud.

Kretslag: Ole Skredegård (Gol), Tor Ove Spildrejorde (Nesbyen) og Odd Einar Havikhagen (Geilo). Dei tapte 0-7 for Buskerud.

Jula er også tida for å møte gamle kjende.

– Me er ein gjeng som kallast Rakfanten som møtast mellom jul og nyttår. Det har eksistert i over 30 år, og me møtest for rakfisk og akevitt.

Ofte ein gong elles i året møtest dei også. Og då er det Gulden som fiksar billettar til fotballkampar med lag Puma samarbeider med.

– Me har sett Borussia Dortmund, Arsenal og vore i Milano. I år reknar eg med at det blir Manchester City.

For mannen som voks opp i ein garderobe er jobben som toppsjef i Puma perfekt. Han er reisande i idrettsopplevingar. I mai saman med Formel 1-stjerna Lewis Hamilton, i juni spelte han golf med Manchester City-manager Pep Guardiola og i juli såg han Afrikameisterskapet i fotball. I oktober ser han Karsten Warholm springe for VM-gull i Doha i Qatar. Sport er og blir livet for Bjørn Gulden.

– Eg har jobba med sport heile livet. Eg kan ikkje tenke meg noko anna. 

 - Handball Bjørn Gulden (t.v.) saman med Torleif Brekko og Petter Rukke etter ein kamp i 4. divisjon mot Holmestrand. Gol tapte 22-26.

Handball: Bjørn Gulden (t.v.) saman med Torleif Brekko og Petter Rukke etter ein kamp i 4. divisjon mot Holmestrand. Gol tapte 22-26.

 - 1985 Bjørn Gulden skreiv under for 2. Bundesliga- klubben FC Nürnberg 9. desember 1984, og serie- debuterte i februar 1985. Men ein meniskskade stoppa proffkarrieren etter berre fire kampar. Alt i januar 1986 vart han lånt ut til Bryne.

1985: Bjørn Gulden skreiv under for 2. Bundesliga- klubben FC Nürnberg 9. desember 1984, og serie- debuterte i februar 1985. Men ein meniskskade stoppa proffkarrieren etter berre fire kampar. Alt i januar 1986 vart han lånt ut til Bryne.