Rolf M. Aagaard. Snow. The shadows of Wind.
Rolf M. Aagaard. Snow. The shadows of Wind.

– Folk lurer, veit du, dei trur gjerne at eg er ein "gærning"

Ein vinterdag, på tur i løypa frå Geilo og vestover langs Hallingskarvet, ser du kanskje ein raudkledd skiløpar som står heilt stille ved sida av sporet. Eller ligg rett ut, langflat i snøen. Han stirar intenst ned i bakken. Lenge.

– Folk lurer, veit du, dei trur gjerne at eg er ein «gærning» eller at det feilar meg noko, seier Rolf M. Aagaard (73) og ler.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Men så er det berre fotografen som har funne eit nytt motiv. Eit mønster, forma av snø og vind. Ein interessant komposisjon, som forandrar seg frå sekund til sekund, alt etter vêr og føre.

– Du verda kor eg har frose mange gongar, seier han.

For når han kjem over eit slikt motiv, er det ikkje lett å få han vidare. Då blir han ståande, til han er heilt sikker på at han har festa motivet til biletbrikka i kameraet.

Rolf M. Aagaard.
Rolf M. Aagaard.
Snow. Shadows of the Wind.
Snow. Shadows of the Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Rolf M. Aagaard. Snow. The shadows of Wind.
Rolf M. Aagaard. Snow. The shadows of Wind.
Rolf M. Aagaard. Snow. The shadows of Wind.
Rolf M. Aagaard. Snow. The shadows of Wind.
Rolf M. Aagaard. Snow. The shadows of Wind.
Rolf M. Aagaard. Snow. The shadows of Wind.
Rolf M. Aagaard. Snow. The shadows of Wind.
Rolf M. Aagaard. Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.
Snow. The shadows of Wind.

{{imageLeft}}

Resultatet har blitt ei bok full av snø. Boka «Snow. Shadows of the Wind» er denne hausten gitt ut på eit internasjonalt kunstforlag. Den er det foreløpige høgdepunktet på ei interesse som skriv seg attende til Aagaard var 14–15 år.

– Då vann eg tredjepremien i ein julekortkonkurranse i eit dansk fotoblad med nettopp eit snømotiv. Og seinare har det berre «balla på seg», seier Rolf M. Aagaard, hytteeigar på Geilo der familien har ei 100 år lang fortid.

– Eg er veldig fascinert av snø. Eg går mykje på ski. Turski. Og har alltid med kameraet i ein liten sekk. Eitt enkelt kamera, eitt enkelt objektiv. Ein heilt sikker kombinasjon, seier Aagaard.

Forrige gong me såg snøbileta hans på trykk i bok, var i 2004. Då illustrerte han Maxence Fermines roman «Snø», saman med utvalde haikudikt. I åra som har gått, har Aagaard jobba vidare med motivet. På 120 sider har han spreidd snøbileta sine ut i svartkvite, grafiske former. Og me som ser, må berre innsjå at snø og snø, det er to heilt ulike ting.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje meininga at folk skal bla seg gjennom heile denne boka og ta inn alle desse bileta i ein jafs. Nei, denne boka skal lesast som ei lyrikkbok, du blar nokre sider, stoppar opp ved eit dikt eller to, i dette tilfellet komposisjonar og former som stimulerer auget. Så legg du bort boka og tek den att seinare. Her er til og med lagt inn blanke sider for at lesaren skal ta ein pause undervegs.

Aagaard sine snøbilete er ein leik med former og lys, med lyset og mot lyset. Det glitrar i snøkrystallar, og du anar konturane i djupe skuggar. Strenge former, milde former, erotiske former, maskuline former.

– Dette er musikk utan lyd, eller dikt utan ord, seier han.

Nokre gongar kjem han heim til hytta utan bilete, andre gongar dukkar bileta opp medan han søv.

Rolf M. Aagaard har vore pressefotograf og fotojournalist heile sitt liv. Desse bileta er resultatet av ei livslang reise med fotoapparatet. Motiva er forgjengelege, dei har snødd bort, blåse bort eller smelta bort. Men bileta er her, takka vere ein sta, pensjonert fotograf som på langt nær har lagt bort kameraet.

Lesarane våre har gjennom åra sett fleire Aagaard-bilete. Me kjenner himmelbileta hans som viser vêr, lys og stemningar over Hallingskarvet, fotografert frå hytteveggen. Han dokumenterte Kjell Nupen sine glasbilete i Geilo kulturkyrkje. Og sjølv om han no er pensjonist, har han sine mange fotoprosjekt gåande.

– Eg fotograferer «street art» i fleire europeiske byar. Dette dreiar seg ikkje om graffiti, men gatekunst som alternativ kunstform, ulovleg oppført.

Han har slike prosjekt gåande i Barcelona, Berlin og Aust-Europa. Det har blitt både utstillingar og bøker av det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein interessant reaksjon var at nokre av desse gatekunstnarane skulda meg for å ha «rappa» kunsten deira, seier Aagaard med ein god latter.

– Og Bergen. Bergen er ein spennande street art-by, seier Aagaard, i det han pakkar kofferten og gjer seg klar for ein tovekers fototur til utlandet. Ikkje med snø som motiv, men gatekunst. n

Motiva er forgjengelege, dei har snødd bort, blåse bort eller smelta bort.

{{facts}}

* Gjekk fotograflære i Risør. Jobba i Tiden og Fædrelandsvennen. I mai 1970 begynte han som fotograf i Aftenposten der han arbeidde til han vart pensjonist i 2007. I åra 1980 til 1993 var han fast fotograf i A-magasinet. 

* I 1979 fekk han som første fotograf Narvesenprisen. Han har betydd mykje for kvalitetsstandarden innan norsk pressefotografi.

* Rolf M. Aagaard har fotografert desse bøkene:

1995: Min korsikanske landsby (tekst: Brikt Jensen). 

1997: Havana, en reise i tid (tekst: Jan E. Hansen). 

2002: Duften av Havana (tekst: Torgrim Eggen). 

2004: Snø (tekst: Maxence Fermine). 

2005: 100 Pluss (tekst: Åshild Ulstrup). 

2005: Eventyret Risør Kammermusikkfest  (tekst: Ragnhild Plesner). 

2007: Street ART I 2007–ei samling gatekunst frå fleire byar i inn- og utland.

2011: Lofoten–Mannen–Skreien–Havet (tekst: John-Arne Ø. Gundersen).

2011: Kjell Nupen–et portrett (hovudfotograf).