Jazzmusikar Bugge Wesseltoft.
Jazzmusikar Bugge Wesseltoft.

Festivalsommar

Medan to festivalar i regionen vår feirar 10 år i sommar, er det éin festival som blir arrangert for aller fyrste gong.

I ni år har jazzmusikaren Bugge Wesseltoft hatt hytte på Imingfjell.

Omtrent like lenge har han tenkt på kor artig det hadde vore med festival ved på stranda ved Sønstevatn. No har han fått hjelp av bygdefolk og «lurt» med seg artistvener, for i sommar skjer det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ein travel vår og forsommar med turne i Europa er Wesseltoft i god rute. Imingfjellfestivalen går av stabelen for første gong 9. og 10. august. Ein festival for heile familien, der både musikk og natur står i sentrum.

Ideen om å lage ein festival nettopp her har han ruga på i fleire år. Han var på nippet å starte opp Imingfjellfestivalen i fjor. Av ulike årsaker vart det ikkje. Men då folk frå Uvdal melde seg til å hjelpe til i år, var det berre å smi mens jernet var varmt. Han gler seg. Men akkurat kvar ved Sønstevatn er enno ikkje heilt bestemt.

– Imingfjell må vera ein av Norges finaste plassar. Å sjå ut over Sønstevatn er det finaste eg veit. Målet er å få opp scena slik at publikum ser utover vatnet samtidig som artistane spelar så nær vasskanten som mogleg. Eg hadde ikkje fått dette til om eg ikkje hadde fått med meg folk frå området, fortel han.

Ingrid Olava og Andreas Ulvo i duoen Innlandet, har kvar for seg solide karrierar. Då dei sleppte debutalbumet «Innlandet» i 2018, stod lovorda i kø frå kritikarane. Dei gjer gamle songar til sine eigne. Alt frå låtar av Toto, Amy Winehouse til Arnulf Øverland.
Ingrid Olava og Andreas Ulvo i duoen Innlandet, har kvar for seg solide karrierar. Då dei sleppte debutalbumet «Innlandet» i 2018, stod lovorda i kø frå kritikarane. Dei gjer gamle songar til sine eigne. Alt frå låtar av Toto, Amy Winehouse til Arnulf Øverland.
Trompetist, komponist og bandleiar Mathias Eick, har i snart 20 år blitt kalla eit av verdas største jazztalent. Med det siste albumet «Ravensburg» har han funne sitt unike og eineståande musikkuttrykk.
Trompetist, komponist og bandleiar Mathias Eick, har i snart 20 år blitt kalla eit av verdas største jazztalent. Med det siste albumet «Ravensburg» har han funne sitt unike og eineståande musikkuttrykk.
Øystein Sunde er kanskje ein av dei norske artistane som ikkje treng introduksjon. Han opptrer på Imingfjellfestivalen laurdag 10. august.
Øystein Sunde er kanskje ein av dei norske artistane som ikkje treng introduksjon. Han opptrer på Imingfjellfestivalen laurdag 10. august.
Knut Fausko har på 10 år greidd å bygge opp Fauskivalen til eit kulturelt flaggskip for Hemsedal.
Knut Fausko har på 10 år greidd å bygge opp Fauskivalen til eit kulturelt flaggskip for Hemsedal.
Ole Embriksgård er i sitt ess når han kan invitere folk til fjells på festival.
Ole Embriksgård er i sitt ess når han kan invitere folk til fjells på festival.

Det skal heller ikkje vera berre ein type musikk, men noko for alle. Wesseltoft har alliert seg med artistar som Øystein Sunde, Innlandet, Math- ias Eick, Vidar Busk, Skranglebein, DJ Olle Abstract og folkemusikarane Anne Hytta, Øyonn Groven Myhren og Anders Røine. Numedal Spel- og dansarlag skal spele opp til dans og avrundar laurdagskvelden, noko Wesseltoft har drøymt om og trur blir ei fin avslutning.

– Korleis selde du deg inn til artistane?

– Det var ikkje så vanskeleg, dei eg har spurt har sagt ja. I tillegg har eg ei liste over folk eg vil spørje til neste år. Å spela for hyggelege folk i alle aldrar er ei spesiell kjensle. I tillegg vil eg vise dei kor fint det er på Imingfjell. Eg har trua på at det blir heilt utruleg koseleg, seier han.

Målet er ikkje å lage ein diger festival, men eit hyggeleg arrangement som ikkje går i tap. Wesseltoft er nøgd om det kjem 500. Då aukar berre sjansane for at telemarkingen får til ein årleg festival i knutepunktet mellom Buskerud og Telemark.

...

Artikkelen held fram under annonsen.

TI ÅR MED FAUSKIVAL

Knut Fausko driv Fausko Skysstasjon. Han hadde trua på at det gjekk an å basere gardsdrift på kulturaktivitetar.

Når kulturgründeren i sommar inviterer til festival heime på tunet, er det for tiande gong. Han har makta å utvikle Fauskivalen til eit kulturelt flaggskip i Hallingdal og ei glitrande stjerne på den norske festivalhimmelen.

I år går festivalen i dagane 8.–12. august. Det startar med arrangementet «Ung i Fauskivalen». Dit kjem morgondagens stjerner. Fredag blir det urframføring med ein gjennomgang av dei 10 siste åra. Komponist og gitarist Erik Wøllo har komponert tingingsverket som han framfører saman med Jerry Marotta, Trey Gunn og Kouame Sereba. Laurdag serverer Fausko Real Ones, DeLillos og amerikanske The Security Project.

...

TI ÅR MED STØLSROCK

Når festivalarrangør Ole Embriksgård i sommar inviterer til Stølsrock i Lykkja, er det for tiande gong på rad.

Embriksgård er heile bygdas lydmann, og ein kulturentusiast på sin hals. Han har også omsorg for at den yngste delen av publikum skal kunne gå på festival utan å bli konfrontert med alkohol. Difor har Stølsrocken heile tida hatt ein alkoholfri profil.

Laurdag 6. juli brakar det laus med artistane Inge Bremnes og bandet Humming People. Bremnes er eit ektefødd avkom av den nordnorske visebølga. Han er kjend for flotte konsertar i både solo-, duo- og trioformat. På ein typisk Bremnes-konsert får du sterke opplevingar både musikalsk og tekstmessig.

Humming People er kjend for ein type americana som ligg i terrenget mellom Johnny Cash og Bob Dylan.