Familien Haugen har sykla Golsfjellet på kryss og tvers. Her leier Birgit og ektemannen Øyvind Amundsen syklane over ei elvekryssing på turten Tisleifjorden rundt.
Familien Haugen har sykla Golsfjellet på kryss og tvers. Her leier Birgit og ektemannen Øyvind Amundsen syklane over ei elvekryssing på turten Tisleifjorden rundt.

Eit sykkelområde for alle, uansett alder, ambisjonar og sykkeltype

Golsfjellet er eit av dei aller flottaste sykkelområda i landet. Kanskje det flottaste.

Golsfjellet og sykling, det er ein god match! 

«Kvifor?», tenkjer ein kanskje, der ein trakkar av garde Tisleidalen rundt, ein sykkeltur som har det meste. Eller Tisleifjorden rundt, Einarsetrunden eller ein av dei andre rundane som er så fine.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kan vera fordi alt er godt tilrettelagt i ein fin kombinasjon av fjellvegar og stigar, seier Birgit Haugen og held fram: Skiltinga er bra, og det er eit godt sykkelkart, som kan anbefalast. Terrenget ligg på mellom 800 og 1100 moh. Du er mykje på same høgde og har imponerande utsikt. Mjølkevegen, som er sykkelruta frå Gol til Vinstra, bind Golsfjellet saman med Valdres. Langs stølsvegane gjer blomsterenger, dyreliv og stølsdrift alt for å få syklistar til å trivast.

{{imageLeft}}

Då Birgit Haugen og familien kjøpte hytte på Golsfjellet i 2014, gjekk det ikkje lenge før dei hadde utforska heile området pr. sykkel.

Birgit Haugen.
Birgit Haugen.
Birgit Haugen i 1997, då ho var turistsjef på Geilo og leiar for Geilo Skiheiser. (Arkiv).
Birgit Haugen i 1997, då ho var turistsjef på Geilo og leiar for Geilo Skiheiser. (Arkiv).
Dyra følgjer med. Om morgonen kan du møte elg i skodda.
Dyra følgjer med. Om morgonen kan du møte elg i skodda.
Mjølkevegen med avstikkere – 15 sykkelturar Golsfjellet og Valdres.
Mjølkevegen med avstikkere – 15 sykkelturar Golsfjellet og Valdres.
Anne-Lise Holde Dokken, Mathias Langum og Maria Dokken.
Anne-Lise Holde Dokken, Mathias Langum og Maria Dokken.
Frå Nøreli, mot Skogshorn.
Frå Nøreli, mot Skogshorn.
Birgit Haugen kan glede seg over at boka hennar har slått godt an, den er trykt i fire opplag og over 3000 eksemplar. Alt første månadene i 2018 toppa den bestseljarlistene i Gol
Birgit Haugen kan glede seg over at boka hennar har slått godt an, den er trykt i fire opplag og over 3000 eksemplar. Alt første månadene i 2018 toppa den bestseljarlistene i Gol
Golsfjellet er eit område der det framleis er aktiv stølsdrift.
Golsfjellet er eit område der det framleis er aktiv stølsdrift.
Ved Skutuset på Einarsetrunden.
Ved Skutuset på Einarsetrunden.
Tisleifjorden rundt ved Nøreli med utsikt til Skogshorn.
Tisleifjorden rundt ved Nøreli med utsikt til Skogshorn.
Frå turen rundt Einarset.
Frå turen rundt Einarset.
Einarsetrunden, ved Skutuset.
Einarsetrunden, ved Skutuset.
På Øynebråten er det open støl.
På Øynebråten er det open støl.

Og sidan Birgit er ein veteran i reiselivssamanheng – rett nok på Geilo og i Øvre Hallingdal, såg ho straks dei kvalitetane som fanst.

– Me vart overraska over alle dei fine rundane, kor bra skiltinga var, sykkelkartet som baud på milevis med val, variasjonen i terrenget frå fjellvegar til stigar. Turane gjekk raskt vidare over Tisleifjorden og Stølsvidda i Valdres. Så sykla me lengre turar, til Vaset og Syndinområdet og Smådalen som ligg på baksida av Hemsedal. Alt dette med utgangspunkt på Golsfjellet.

– Dette er eit sykkelområde for alle, uansett alder, ambisjonar eller sykkeltype. Sykkelnettet ligg der, klart til bruk utan at det treng produktutvikling og store investeringar, seier ho.

Men Birgit Haugen og familien syntest at noko mangla. Ei turhandbok, eller ei samla oversikt over alle dei fine turane og moglegheitene ein hadde i dette området.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette fortener å bli kjent. Men eg sakna altså ei bok. Ei sykkelbok. Så laga eg den like godt sjølv, seier Haugen.

Familien sette i gang i 2017. Dei sykla alle rutene med blokk og blyant, GPS, kart og fotoapparat. Dei snakka med folk, så vel turistar som stølsfolk.

Resultatet vart ei sykkelbok. Med tekst, bilete kart og omtaler av dei enkelte turane. I eit flott format, men likevel ikkje større enn at den får plass i sykkelveska.

Boka kom i 2018 og vart ein stor suksess. At ei lokal turhandbok – rett nok i praktformat – skulle selje i over 3000 eksemplar, og har no kome i sitt fjerde opplag, er ganske utruleg. Det betyr at mange menneske har fått auga opp for det som Birgit kallar Norges finaste sykkelområde.

{{facts}}

...

Tisleidalen rundt

Tisleidalen rundt er sykkelturen som gir deg ei god kjensle av å vere på langtur, eller treningstur om du vil det. 

Her er det fleire kilometer med stig og kjerreveg og krevjande stigningar. Så er det utsikta, ved Spekebakk ser du fjell så langt auget rekk!

Artikkelen held fram under annonsen.

Tisleidalen rundt er godt merkt, her er det berre å følgje skiltinga. Du tek av frå Golsfjellsvegen ved Gamle Valdresvegen, rett sør for avkøyringa til Kamben Høgfjellshotell. Snart har du Øynebråten støl på venstre side. Når stølen er open, er det triveleg å ta turen innom og helse på vertskapet, Marianne og Magne. Dei har ofte både kvikaku og mjølkeprim på menyen. 

Sykkelstigen går vidare sør for Lyseren naturreservat før den kryssar Fv51 og du trakkar mot Nystølfjellet. Du hentar raskt høgdemeter i det du passerer Hølstølen og kjem til Spekebakk, der du kombinerer å nyte utsikta med ein pust i bakken. Snart ventar ein ny stig, sjå deg rundt for her er lavskrikene ivrige fuglar i fjellbjørka. Du kjem ut av stigen ved den eldgamle stølen Hølungset, som også har utsikt å skryte av.

No er det berre å trykke inn bremsene, her stuper turens brattaste kneik ned lia. Eit stykke etter at du har passert Stogofjorden med det raude båthuset, tek turen av til høgre. Ver obs på skiltet, no skal du raskt ta til høgre endå ein gong før eit stigparti ventar. Deretter kryssar du elva; steinar er lagt ut så det er enkelt å krysse. Er det mykje vatn får du, om du vil eller ikkje, eit friskt fotbad. Ved Stuguvollen er det slutt på stigsykling for denne turen, no ventar nedkøyring på fjellveg mot ny kryssing av fylkesvegen. Før du kjem dit, passerer du Hervasstølen, som er på premiepallen når det gjeld å ha ei av fjellets frodigaste blomstermarker! Ute på fylkesvegen følgjer du denne eit kort stykke. Rett overfor Vasetdansen Camping tek du inn Ørmshamarvegen og held til venstre. Sykle gjerne den staselege gamle brua over Tisleia som eit morosamt alternativ til den nyare brua på fylkesvegen. Du kryssar og syklar Tisleivegen heile vegen attende før du igjen er på Golsfjellet. n

Tisleidalen rundt  

Nytt høvet til eit fotbad når du kryssar elva rett før Stuguvollen.

Lengde: Ca. 42 km.

Terreng: Fjellveg, kjerreveg, stig (ca. 8 km kjerreveg/stig)

Vanskegrad: Middels til krevjande

Artikkelen held fram under annonsen.

Sykkeltralle: Egnar seg ikkje for sykkeltralle.

Høgaste punkt: Ca. 1020m.o.h.

...

Tre turar til

Dette er eit par andre sykkelturar som Birgit Haugen gjerne vil du skal ta:

Tisleifjorden rundt

Tisleifjorden er grensefjorden mellom Hallingdal og Valdres, Buskerud og Oppland. Det å sykle rundt fjorden er sykling i fire kommunar, utsikt ved Nøreli inkludert ei fin strekning med flytstig.

Start gjerne turen ved Oset Høyfjellshotell, kanskje er det dagen for eit bad i Tisleifjorden også.

Lengde: 42 km

Artikkelen held fram under annonsen.

Terreng: Fjellveg, stig

Vanskegrad: Middels krevjande

Sykkeltralle: Har du sykkeltralle, ta varianten som følgjer vegen langs Tisleifjorden 

Høgaste punkt: Ca. 1025 moh.

...

Einarsetrunden

Denne ganske lette sykkelturen, som du kan et.d. starte ved Storefjell eller Kamben, passar for alle på to hjul, også dei yngste enten dei er på eigen sykkel eller i sykkeltralle. På sin veg har runden også ein 

av dei finaste flytstigane på Golsfjellet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lengde: 13 km

Terreng: Fjellveg, flytstig, stig, kjerreveg

Vanskegrad: Lett til middels krevjande

Sykkeltralle: Egnar seg for sykkeltralle, litt trilling ved Storefjell

...

Lauvsjøen rundt

Vatn, badestopp, stølar, utsikt og kjerreveg. Lauvsjøen rundt er ein kort og idyllisk sykkelrunde gjennom ei triveleg stølsgrend.

Lengde: ca., 5 km

Terreng: Fjellveg, kjerreveg

Vanskegrad: Lett til middels pga. kjerreveg med stein og stubbar

Sykkeltralle: Egnar seg ikkje for sykkeltralle pga. steinete kjerreveg

Høgaste punkt: Ca. 948 m.o.h.

* Kom til Geilo i 1982 og arbeidde på hotella Bardøla og Vestlia.

* I 1992 vart ho sjef for Geilo skiheiser og frå 1993 samtidig også turistsjef på Geilo.

* 1998: Til Holmenkollen der ho var arrangements- og sponsorsjef i Skiforeningen.

* I 2005 vart ho dagleg leiar for Geilolia-selskapa, eigd av gruppa Lorentzen Skibs, og deler tida si mellom Oslo og Geilo.

' Bur i Asker og er frå 2014 ivrig hytteeigar og tursyklist på Golsfjellet.

* Gift med Øyvind Amundsen, to bonusborn.

* Er også ivrig padlar og interessert i friluftsliv som set minimale fotavtrykk etter seg.