Leif Christoffersen, Geilo, med klarinetten sin.
Leif Christoffersen, Geilo, med klarinetten sin.

Eit rikt liv, men ikkje rik

Geilo: 9. november 1973.

«Musikkgeneralen på Geilo, Leif Christoffersen, har trekt seg tilbake etter 15 års arbeid som kommunal musikklærar og instruktør. På desse år har han blitt ein institusjon for seg sjølv, ikkje berre i si eiga bygd, men i heile dalen med. Få har farta rundt og spelt på avslutningar, møter, festar og liknande festive tilstellingar som han. I tillegg har han vore ein ettertrakta instruktør både på det lokale og regionale plan, og også i større samanheng». (Hallingdølen 9. november 1973)

Frå Hallingdølen fekk han denne attesten:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Denne ivrige og energiske spelemannen har vore eit stort aktivum for heile dalen, og han har gjort sitt til at den såkalla finkulturelle delen av musikkulturen i det heile tatt har overlevd i våre nokså karrige musikalske kår ...». (Hallingdølen 9. november 1973)

Christoffersen hadde eit mangslunge liv bak seg. Han reiste til sjøs som syttenåring. Klarinetten var alltid med. Han studerte etter kvart musikk, vart tilsett i det som i dag heiter Bergens Filharmoniske Orkester, var dansemusikar på restaurantar, var kapellmeister på Restaurant Fløien i Bergen i 12 år, og kom så til Geilo i 1958, til ei nyoppretta kommunal musikkstilling. Der fekk han fart på musikklivet med så vel korps som kor.

I ein prat me hadde med han då han slutta, fortalde han at han likte både klassisk musikk, pop og jazz.

«Popmusikk er slett ikkje berre dårleg. Og Duke Ellington er god». Sa Leif Christoffersen, som hadde hatt eit rikt musikkliv, utan sjølv å bli rik.

Leif Christoffersen døydde i desember 1976.