Rolf Vestenfor bak rattet på arbeidsplassen hans, på vegen, med lass.
Rolf Vestenfor bak rattet på arbeidsplassen hans, på vegen, med lass.

Ein ganske vanleg tur

Torpo/Skien/Larvik; 28. oktober 1982

«Yrke: Trailersjåfør. Rolf Vestenfor har vegen som arbeidsplass. Og Hallingdølen vart med på lasset for å sjå korleis dagleglivet fortonar seg, sett frå førarhytta på ein trailer». (Hallingdølen 6. november 1982)

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg var med Teigen Transport på ein tur frå Torpo til Skien og attende i slutten av oktober 1982. Og slik fortona den seg:

Torsdag kl. 14: Opplasting av sagflis på Hallingdalsbruket. Avreise kl. 1900.

Torsdag kl. 2230: Kaffistopp i Krokstadelva med termos og nistepakke.

I morgongryet blir det gjort klart for lossing på Union Brug i Skien.
I morgongryet blir det gjort klart for lossing på Union Brug i Skien.
Lasting av sagflis på Hallingdalsbruket. Flisa blir brukt i papirproduksjonen på Union Brug i Skien.
Lasting av sagflis på Hallingdalsbruket. Flisa blir brukt i papirproduksjonen på Union Brug i Skien.
Frå venstre Rolf Vestenfor, bileigar Sigmund Teigen og Terje Teigen.
Frå venstre Rolf Vestenfor, bileigar Sigmund Teigen og Terje Teigen.

Fredag kl. 0045: Framme ved Union Brug i Skien etter nær seks timar på vegen. Me går til ro i førarhytta, som har to køyer. (Men eg kan i dag garantere at det ikkje var mange centimetrane eg hadde i overkøya. Heldigvis var eg ikkje klaustrofobisk anlagt – den gongen).

Fredag kl. 0600 Vakta vekkjer oss. Det er frukost i bilen. Termos og nistepakke. Rolf har sove godt i fem timar. Lossinga startar. Kl 0730 er bilen tom.

Fredag kl 0845: Me lastar 20 tonn dyrefor i sekker på Felleskjøpet sitt anlegg i Larvik, og set så kursen heimover.

Fredag kl. 1330: Middagsstopp ved Tavernaen i Flå.

Fredag kl. 1510: Etter 25 timar og 660 kilometer er me er framme ved Ål Kjøpelag. No skal lasten lossast.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Ein ganske vanleg tur, sa Rolf Vestenfor då me takka for skyssen». (Hallingdølen 6. november 1982)