Tor Bråten i Gol hadde støl i Hemsedal. Der hadde han stølsbu som han leigde ut saman med jaktrett. Her flytta Peder Furubotn inn sommaren 1942.
Tor Bråten i Gol hadde støl i Hemsedal. Der hadde han stølsbu som han leigde ut saman med jaktrett. Her flytta Peder Furubotn inn sommaren 1942.

«Du får helse kona og ungane - for eg er dødsdømd»

Tor Bråten frå Gol skaffa husrom då kommunistiske motstandsfolk måtte gøyme seg for tyskarane. Gestapo tok livet hans. Men før det hadde dei torturert han meir brutalt enn nokon annan sivil halling vart utsett for under heile krigen.

Hausten 1942: Hallingdal stod i sentrum då det tyske tryggingspolitiet Gestapo jakta på den kommunistleidde motstandsrørsla. Både i Hemsedal og i Nes budde sentrale personar som Gestapo ville ha tak i – døde eller levande.

Konfrontasjonen i oktober og november vart den første mellom norske motstandsfolk og det tyske politiet i Hallingdal. Men Gestapo jakta slik at bygdefolket fekk lide. Over ein periode på fem dagar skjedde dei mest systematiske krigsbrotsverka mot sivile i Hallingdal under andre verdskrig. Eit titals personar vart avhøyrde og minst seks lokale menn grovt mishandla og torturert.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

Morgonen laurdag 31. oktober 1942: SS-Hauptsturmführer Hellmuth Reinhard gir klarsignal til Gestapo-avdelinga Abteilung IV om å køyre frå Victoria terrasse i Oslo mot Hemsedal.

Frå januar 1942 har Reinhard vore sjefen for den frykta avdelinga i det tyske tryggingspolitiet. Gestapo er politiavdelinga med ansvaret for arrestasjonar og avhøyr, og blir raskt frykta for dei såkalla «Verschäfte Vernehmungen» (skjerpa forhøyr), med bruk av vald og tortur. No er Reinhard på jakt etter leiinga i Norges Kommunistiske Parti (NKP). Med på aksjonen er også SS-Sturmbannführer Friedrich Georg Preiss, som leier kommunistetterforskinga i politiet, kriminaloverassistent Gustav Barschdorf og kriminalsekretær Erwin Morio. Målet er å rulle opp verksemda i partiet som har sentralforlegning i Hemsedal. Overraskingsmomentet er avgjerande. Dei siste vekene har dei drive etterretning og spaning, lokale angivarar har gjeve opplysningar. Ein halling som driv tjørebrenningsanlegg for tyskarane ved Hjelmen i Hemsedal rapporterer om båttrafikk på elva. Men Gestapo ventar at motstandsrørsla har lyttepostar langs vegen i Hallingdal. Derfor reiser dei om Valdres. Frå Hønefoss blir ein motorsykkelpatrulje med. Seinare kjem ei Wehrmachtavdeling frå Gol. Via Borlaug og over Hemsedalsfjellet kjem dei til Hemsedal om ettermiddagen.

Tor Bråten vart sentral då sentralforlegninga til den kommunistleia motstandsrørsla kom til Hemsedal i 1942. For kjennskap til rørsla vart han torturert og drepen. Men han røpte aldri noko om det han visste.
Tor Bråten vart sentral då sentralforlegninga til den kommunistleia motstandsrørsla kom til Hemsedal i 1942. For kjennskap til rørsla vart han torturert og drepen. Men han røpte aldri noko om det han visste.
Peder Furubotn var generalsekretær i NKP under krigen og sentral i partiets motstandslinje.
Peder Furubotn var generalsekretær i NKP under krigen og sentral i partiets motstandslinje.
Asbjørn Sunde var ein mann Gestapo under heile krigen. I 1942 vart det lova 100.000 kroner i påskjøning for informasjon om Sunde.
Asbjørn Sunde var ein mann Gestapo under heile krigen. I 1942 vart det lova 100.000 kroner i påskjøning for informasjon om Sunde.
Tor Bråten i Gol hadde støl i Hemsedal. Der hadde han stølsbu som han leigde ut saman med jaktrett. Her flytta Peder Furubotn inn sommaren 1942.
Tor Bråten i Gol hadde støl i Hemsedal. Der hadde han stølsbu som han leigde ut saman med jaktrett. Her flytta Peder Furubotn inn sommaren 1942.
På staden der Tor Bråten vart drepen i 1942, vart det reist ein minnestein i 2009. Sidan har Grønlio grendelag hatt ei årleg markering her.
På staden der Tor Bråten vart drepen i 1942, vart det reist ein minnestein i 2009. Sidan har Grønlio grendelag hatt ei årleg markering her.

I Hemsedal bur NKPs generalsekretær Peder Furubotn. Dei siste par månadene har han kjent seg utrygg.

{{imageLeft}}

Tidlegare på sommaren har han nærmast i siste sekund flytta frå Oslo til Harestua og så vidare til Hemsedal. To gonger har Gestapo kome for seint. No må Furubotn prøve å lure seg unna endå ei gong. Ein av grunnane til at dei er på vakt, er ein av to lokale medlemmer i Nasjonal Samling (NS), Hans Peter L’orange. Han har hytte i Grønlio rett over grensa i Gol, og har gått rundt i bygda med bilete av kommunistar. Tidlegare i oktober kom det varsel om at dei var observert. 30. oktober flyttar derfor Furubotn, dottera Magda og vakter, blant dei Monthey Røse, frå sentralforlegninga på Krosstølen og Øvrestølen til Ålruststølane. Dei to bøndene Andres Thorset og Ola Halbjørhus Dokken stiller hest og slede til disposisjon. Men det er ei farleg reise dei tek. To hestar i følge vekkjer alltid oppsikt. Det er ein ståande regel, iallfall langs hovudvegen, seier den eine bonden som vart med. Først då vaktlaget på tre monterer mitraljøsa utanfor, skjønar bonden kva han har vore med på. Flukta går bra, men Gestapo er i ferd med å sirkle inn gruppa i Hemsedal. Furubotn skjønar at han må kome seg ut av bygda. Same dag aksjonerer Gestapo på Modum og får tak i kart og avgjerande informasjon om aktiviteten i Hallingdal. Gestapo er for alvor i gang med å rulle opp den kommunistleidde motstandsrørsla.

Våren 1942 var Furubotn i gang med å bygge opp motstandskampen.

31. desember 1941 vart han vald til NKPs nye generalsekretær. Med lang fartstid i kommunistrørsla og erfaring frå arbeid i Sovjetunionen, dreiv han fram partiets motstandslinje. Furubotn dreiv ein «krigspolitikk» som innebar motstand mot Tyskland på alle frontar, hovudsakleg mot militære og økonomiske interesser.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter krigsutbrotet hadde det kome direktiv frå Moskva og Sovjetunionen om å drive hemmeleg politisk motstand mot NS og nazistisk ideologi. 16. august 1940 vart Furubotn og fleire NKP-leiarar arresterte og partiet forbode. Furubotn vart sleppt fri, men 24. august vart han ettersøkt for ulovleg politisk arbeid. 22. juni 1941 vart også ein avgjerande dato for partiet. Denne dagen sette Tyskland i verk «Operasjon Barbarossa» og angreip Sovjetunionen. Brotet på pakta om ikkje å angripe Sovjetunionen førte russarane saman med Storbritannia og Frankrike i krigen mot Adolf Hitler og nazismen. Då vart det NKPs oppgåve å støtte kampen gjennom samarbeid med alle krefter om å råke fienden på norsk jord. Politisk massekamp skulle kombinerast med aksjonar for å skape kaos hjå okkupasjonsmakta.

Men ein stor rassia i Oslo 17. mai 1942 førte til at Furubotn og fleire medhjelparar flykta til Harestua.

Dei såg vidare mot Hallingdal. Årsaka til det var brørne Rolf og Gerhard Gustavsen Frogner. Dei hadde leigd jakt både på Saupeset i Nes og Krosstølen i Hemsedal. I Hemsedal hadde Tor Bråten avertert for både hus og jaktrettar. Dette kunne vere ein passande stad, meinte brørne. I juni flytta Furubotn til Krosstølen og Øvrestølen ved grensa til Gol, og NKP leigde etter kvart i alt 14 hytter og stølsbuer i Hemsedal. Plasseringa på Krosstølen og Øvrestølen var ideell. Til Øvrestølen førte det berre éin veg inn. Dermed hadde dei kontrollen på kven som kom. Kring sankthans gjekk ein lastebil med flyttelass frå Hadeland mot Hemsedal med Furubotn i førarhuset og vakta Monthey Røse på lasteplanet med eit maskingevær skjult. Reisa var eit vågespel, for på denne tida var det kring to tusen tyske bergjegerar på trening i Hallingdal. Men for dei var stridstreninga viktigare enn jakta på kommunistar. På Krosstølen og Øvrestølen etablerte Furubotn seg etter kvart med 20 mann. Radioantenne vart sett opp på ei stølsbu. Andre budde på Snertevollen. For å auke truverdet som jegerar, leigde dei ein jakthund.

Samanlikna med dei andre politiske partia i Norge, står NKP i ei særstilling i krigsåra.

NKP var både ein partiorganisasjon og motstandsorganisasjon. Partiet bygde opp eit veldig nett av illegale aviser som var heilt sentrale i mobiliseringa av den sivile motstanden, og hadde etter kvart ein stor organisasjon som førte etterlyste folk til Sverige. I nokre månader i 1942 var Hallingdal og fjellområda her basar for både den politiske og militære greina og dermed sentrum i Gestapos jakt på den kommuniststyrte motstandsrørsla. I slutten av august vart stølsbua til Levor Huse på Saupeset i Nes basen for mannen som i løpet av krigen skulle bli den meste kjende motstandsmannen i rørsla: revolusjonæren og antifasisten Asbjørn Sunde. Han var endå betre kjend, og berykta, under dekknamnet «Osvald Pettersen». Før krigsutbrotet hadde han kjempa mot Franco i borgarkrigen i Spania, noko som gav han verdifull krigserfaring og kunnskap. Seinare vart han medlem av sabotasjegruppa til tyskaren Ernst Wollweber. Under krigen vart Osvaldgruppa kjend for sabotasjeaksjonar og som ein farleg motstandar for Gestapo og okkupasjonsmakta. I juni 1941, få dagar etter Tyskland gjekk laus på Sovjetunionen, innførte Sunde sabotasjekrigen i Norge. Totalt gjennomførte Osvaldgruppa 110 aksjonar med 200 deltakarar fram til 1944. Sprenginga av Statspolitiets hovudkvarter i Oslo 21. august 1942 står fram som ein av dei store. Eksplosjonen kasta torturisten Ivar Tofteberg tvers gjennom ein vegg. Men det betydde at då Sunde kom til Saupeset denne hausten, og bytta dekknamn frå «Osvald Pettersen» til «Stig Engen», var det med ein pris på hovudet. Det var lova ut ei påskjøning på 100.000 kroner for Sunde etter aksjonen i Oslo. Han skulle takast. Død eller levande.

{{imageLeft}}

Utover hausten 1942 hadde Sunde og Furubotn jamleg kontakt via kurerrutene mellom Nes og Hemsedal.

10. oktober møttest Furubotn og Sunde omtrent på halvvegen: Sire på Torpo i Ål. Garden vart raskt eit knutepunkt mellom dei to basane. Det tok åtte-ti timar å gå kvar veg mellom. Ein avtale gjorde Sunde til sabotasjeleiar med pengestøtte frå partiet. Sunde skulle skaffe vaktmannskap til forlegninga i Hemsedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det er ei farefull verksemd dei driv i dei to lokalsamfunna. 22. september skriv Sunde til Furubotn at ingen må nærme seg Nesbyen. Der går sladderen livleg. Lensmannen har «gått på jakt etter tjuvfiskarar», og i Oslo skal ein mann frå Nesbyen eller Rukkedalen ha gått rundt og skrytt av at han hadde sett «Osvald». Men på same måte som i Hemsedal var også bygdefolk her vennleg innstilt. Men då Sunde-karane prøvde å utnytte det, fekk dei klar melding. I Klype i Rukkedalen hadde nemleg nokre ungar difteri. Sunde-karane gjekk inn dit for å skjule seg fordi dei visste at tyskarane var redde for smitte. Men då gjekk det for langt, også for sindige rukkedøler. Sunde var elles i Nes frykta for sitt temperament og tørsten på brennevin.

Stadig er NKP-leiinga uroa for Sunde. Dei vil ha han sikrare plassert. Kanskje ut av landet. 6. oktober var Sunde flytta vidare frå Saupeset og innover i fjellet til Buglebjørk før turen går vidare til Sirestølen, Hovdestølen og Neverdekkatn gjennom den kommande vinteren. Dei siste månadene hadde vist at Gestapo var faretrugande nær. Og ryktet om nesningen i Oslo er riktig nok. Seinvinteren 1943 slår Gestapo til i Rukkedalen og Saupeset. Dei har informasjon om at Sunde held til på stølen til Erik Huse. Huse hevdar han i beste meining berre har leigd ut til folk som vil leige hytte. Men han blir ikkje trudd og blir banka. Gestapo-soldatane mistar etter kvart tolmodet, men den frykta Gestapo-tolken Gertrud Thielicke Karlsen seier: «Kast av den dumme bondegutten.» Huse må ha hjelp av ein nabo for å kome seg heim att.

Situasjonen er også kritisk i Hemsedal.

Men i bygda er det berre to menn som er kjende som medlemmer av Nasjonal Samling: Hans Peter L’orange og lensmann i Gol og Hemsedal, Wilhelm Zachariassen. Zachariassen er kjend som ein av naziregimets handlangarar. Han har ransaka folk og levert inn illegale papir. Derfor held dei oppsyn med lensmannen. Dei driv eit farleg spel. Dagleg kjem kurerar med brev frå Oslo, Eina, Drammen og Modum. Det aukar behovet for sikkerheit. Men bygdefolket er rekna som gode hjelparar. Det viktigaste er at det er svært få som sympatiserer med okkupasjonsmakta, Vidkun Quisling og NS. NS fekk aldri eit lokallag i bygda, og partiet måtte rett og slett gi opp å finne sympatisørar som kunne ta ordførarvervet frå Ola Endresen Aalrust. «Hemsedølene får drive for seg sjølv», sa fylkesmann Jens Hundseid. Bygdefolket hjelpte også til med praktiske gjeremål. Og så fòr dei ikkje med sladder. Furubotn var imponert over korleis bøndene dreiv gardane sine, og skal ha ytra at hemsedølene trong inga opplæring i konspirasjonsteknikkar. Dei var naturleg konspiratoriske. Ettersøkte Nikolai Danielsen farta uforstyrra rundt i bygda og skaffa mat og utstyr til sentralforlegninga. Også lastebilar fekk han låne når han skulle hente folk i Gol. Saman med den avsette lensmannen Aasmund Bitusøl, hadde han ordna bereløyve for våpen.

Berre tre veker etter Sunde og Furubotns møte på Sire, er Gestapo på veg.

Gestapo sette inn store ressursar på å finne sentralforlegninga i Hemsedal og Sunde. Under ein rassia mot ei sentral NKP-celle på Modum 30. oktober fekk Gestapo tak i korrespondanse med basen til Furubotn og kart over forlegninga i Hemsedal. Storaksjon som no blir sett i gang mot Hemsedal, er leidd av Gestapo-sjefen Hellmuth Reinhard sjølv. Med seg har dei Karsten Sølvberg som dei har teke i rassiaen på Modum. Sølvberg besøkte Krosstølen i august, men han forklarar at han ikkje veit vegen. Dei leitar etter vegen til Torsetstølane og Krosstølen i jakt på kommunistrørsla då dei over- rumplar Nikolai Danielsen som er på veg mot sentrum. Han får ein omgang juling, med slag og spark. Legitimasjonskortet «Ola Olsen» trur dei ikkje på, dei tek rasjoneringskort, pengar – og våpen. Bakbunden – og med lovnad om meir juling – fører han dei til ei bu på Hornset der Finn Eriksen og Josef Monsrud er. Etter ei skotveksling blir Eriksen dødeleg såra og Monsrud arrestert. Utruleg nok vart Monsrud sleppt fri i 1943.

Danielsen må vise veg vidare til Krosstølen, der Gestapo veit sentralforlegninga har hatt tilhald.

40 soldatar går i stilling ovanfor stølen. Danielsen blir kommandert ned for å be dei fire som er der om å overgi seg. Han kastar ein snøball på ruta og Samuel Titlestad kjem til syne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– 40 mann frå Gestapo. 100 meter herifrå, ropar Danielsen, og spring på baksida av huset.

Titlestad, Henry «Gulltann» Tonheim og Ragnvald Mauritzen Eikil sopar saman papir og stikk nedover stølsvollen. Olaug Karlsen som er i Snertebua like ved, følger etter. Danielsen flyktar etter kvart ein eigen veg. Med automatvåpena skyt tyskarane etter dei, men dei kjem seg nedover mot elva og i skjul etter ei vill flukt. Dei kryssar den iskalde elva og klarar å rømme oppover mot Eikrebygda. Sundagskvelden 1. november kjem Titlestad, Olaug Karlsen, Tonheim og Eikil til garden Gjerde. Nokre av dei har grytelokk på føtene.

Her får dei mat og klede på vegen mot Ålruststølane dit dei veit Furubotn har flytta. Men dei er så slitne at dei går i ring og er tilbake på Gjerde etter nokre timar. Då må Herbrand Gjerde vise dei den oppkøyrde vegen mot Lykkja. Dei bryt seg inn i ei hytte og held fram dagen etter, kamuflert med kvite laken og heimelaga truger. Snøen er tidvis så djup at den når dei til armane. Etter ei strabasiøs flukt, klarar alle å sleppe unna Gestapo. 7. november feirar Furubotn oktoberrevolusjonen på Beitostølen.

Gestapo kom for seint endå ein gong.

Men rassiaen i Hemsedal er langt frå over.

Det er berre opptakten til det som skjer vidare. Dei neste dagane gjennomsøker Gestapo hytter og stølsbuer på jakt etter informasjon og bygdefolk som hadde vore til hjelp for Furubotn. Gestapo tek over Skogstad Hotell og Hemsedal Hotell. Spisesalen på Skogstad blir gjort om til fengsel, røykesalongen til forhøyr og tortur. Inne på hotellet går soldatane med maskinpistolar, og her inne skjer den verste og mest systematiske torturen mot sivilbefolkninga i Hallingdal under krigen. Tor Bråten frå Grønlio i Gol blir sett på som ein hovudmann for kommunistrørsla i Hemsedal ettersom han eigde Krosstølen og leigde ut hytter. 3. november vart han arrestert. Men Bråten var åtvara om at Gestapo var i ferd med å sirkle han inn. Namnet hans var funne i ei notatblokk til Nikolai Danielsen. Så Bråten flykta ikkje. Han visste at Gestapo då truleg ville gå etter familien hans, kona og dei tre sønene. Etter arrestasjonen vart han sett inn under strengt vakthald på Skogstad Hotell. Etter det første forhøyret sit han ei tid på same rom som Torleiv Hornet. I ein augneblink, når vakta går ut av rommet, seier Bråten:

– Du får helse kona og ungane – for eg er dødsdømd.

Onsdag 4. november er det nytt avhøyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hornet høyrer bråk frå forhøyrsrommet og noko tungt fell mot golvet. Bråten blir pint og fell om medvitslaus. I to døgn blir han avhøyrd og torturert fleire gonger. Behandlinga Bråten blir utsett for saknar sidestykke i den lokale krigshistoria. På verste vis blir han så stygt mishandla at han mistar medvitet, og truleg er behandlinga Bråten fekk i to døgn det verste eksempelet på tyske krigsbrotsverk i Hallingdal.

5. november høyrer ei tenestejente som arbeider her forferdelege skrik. Kva for metodar Gestapo brukar, er ukjend. Men Bråten er så medteken at tenestejenta seinare ser soldatar løfte han opp etter nakkekragen for å halde han oppreist når han skal på do.

Mishandlinga fører til at Bråten fortel at han har gøymd unna ammunisjon og granatar i ei steinrøys. Truleg er det ei desperat handling for å kome seg ut. Lensmann Zachariassen blir tilkalla, og saman med mellom andre offiserane Barscdorf og Siemsen, reiser dei til hengebrua over Hemsil. Brua ligg ved Granheim like ved kommunegrensa mellom Gol og Hemsedal. Her blir Bråten drepen. Gestapo hevdar at Bråten sjølv prøvde å flykte og stupte i elva. Då skaut Gestapo etter han. Zachariassen fortalde hotelleigaren på Skogstad at tyskarane skaut då han låg i vatnet. Liket av Bråten var lagt i ei kiste tyskarane snikra saman på staden. Så vart han frakta vekk og seinare kremert, ein praksis som var vanleg for å skjule torturen. Ikkje før eit år seinare fekk familien urna.

Gustav Barschdorf var ein av dei som torturerte Bråten og fleire bygdefolk.

Saman med tolken Gertrud Thielicke Karlsen, som elles ikkje var med i Hemsedal, utvikla Barschdorf dei såkalla skjerpa forhøyra. Barschdorf var brutal og tok ingen omsyn. Oftast gjekk han lenger enn Gestapo-forskriftene sa. Som fleire andre hadde han lang erfaring i kommunistjakta og hadde i likskap med fleire starta i Gestapo på 1930-talet. Frå Skogstad Hotell og Hemsedal Hotell styrer Gestapo aksjonen. Hytter og hus blir ransaka og bygdefolk vart avhøyrde. Asbjørn Hornet er ein av dei. Namnet hans er funne i notatboka til Nikolai Danielsen. Erwin Morio, Barschdorf og Siemsen slår han med gummikøller. Dei knuser nasen hans, noko han fekk varige mein av. Torleiv Hornet blir tvungen til å stå oppreist og sjå rett fram i fleire timar. Mens han står der, blir han truga og slått. Sebjørg Thorset blir også kalla inn, men slepp ut etter ei formaning om å halde seg unna kommunistane. Arrestantar frå Gol blir frakta til Skogstad for avhøyr.

Gardbrukaren Herbrand Herbrandsen Brennhovd fekk juling, med slag i ansiktet og knyttnevar i brystet. Seinare vart han køyrd til Victoria terrasse i Oslo der nye forhøyr venta. For han vart opphaldet kortvarig. Verre gjekk det med Herbrand K. Brennhovd som vart ført til Grini kor han vart til januar 1944. Knut Botten frå Gol hadde vore i Gestapos søkelys tidlegare, mellom anna for sivil motstand. Han skal ha spelt radio høgt og ein gong herma han etter tyske soldatar som gjekk forbi. Han var også kopla til kommunistrørsla, men han hadde ingenting med denne saka å gjere. Likevel vart han henta til avhøyr i Hemsedal. Så vart han send til Møllergata 19 i Oslo og fangeleiren Grini. Etter nokre månader her vart han send til fangeleir i Bardufoss der han var ut krigen.

Aksjonen i Hemsedal gav Gestapo særleg eitt viktig funn:

I papir som vart funne på Krosstølen fann dei namnet Magne Bøthun som gjekk under dekknamnet «Salve Bredal». På denne tida var han sambandsmann mellom kommunistane og Milorg. Her var sambandslinjer med ei liste med namn beskrive. Det gav grunnlag for fleire arrestasjonar hausten 1942. Gestapo fekk truleg lite ut av avhøyra med bygdefolket dei arresterte, for det kom ingen rassiaer verken i Nes eller Torpo i tida etterpå. Tor Bråten røpa ingenting trass den grufulle behandlinga han fekk. Ingen andre røpa heller noko. Bygdefolket i Hemsedal spelte ei viktig rolle for å halde spora etter Peder Furubotn og hans medhjelparar skjult. Gestapo hadde gode kart over bygdene, men dårleg oversikt over stølane og kven som eigde dei. Mange hemsedøler visste noko om aktiviteten på Krosstølen og Øvrestølen, men dei sa ingenting. Bygdefolket gav slik sitt store bidrag til den sivile motstandskampen mot okkupasjonsmakta. Kommunistrørsla stod aldri sterkt i Hallingdal. Men truleg vart kommunistane på eit vis sett opp til fordi dei aktivt kjempa mot okkupasjonsmakta i ei tid Milorg heldt ein lågare profil. Ikkje før i det siste krigsåret vart Milorg involvert i væpna aksjonar som sabotasje og likvideringar. Furubotn og Sunde gjekk heller ikkje aktivt inn for å rekruttere bygdefolk til anna enn arbeid som kurerar, i etterretning eller som hjelp til forsyning. Det er få teikn til at dei ytterst små kommunistmiljøa som fanst i Hallingdal vart rekrutterte av Furubotn og Sunde. Ein av dei få var Erik Huse i Nes som etter rassiaen på Saupeset gleid inn i Sundes mannskap. Huse flykta seinare til Sverige og gjekk inn i politistyrkane i 1945.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter opprullinga hausten 1942, forsvann kommunistrørsla for det meste frå Hallingdal.

Sunde var i fjellet mellom Nes og Torpo fram til påske 1943. Resten av krigen heldt partileiinga seg i Valdres. I februar 1944 kom det til eit brot mellom Sunde og Furubotn, då Furubotn kravde å ta over leiinga av sabotasjane. Hausten 1944 avvikla Sunde verksemda etter ordre frå Moskva.

Men Sunde var fleire gonger tilbake i periodar etter aksjonane i 1942. 25. februar 1944 sprengde Sundes mannskap ein jernbaneundergang i Sangelia i Ål. Våren 1944 sysla Sunde med planar om å sette fri dei kring 100 russiske krigsfangane i Gol, utstyre dei med tyske våpen og bilar og køyre dei til Sverige. Planane vart skrinlagde. Kring 10.000 personar over heile landet skal ha vore involvert i rørsla i løpet av krigen, og Gestapo rulla opp namn etter namn og gjennomførte mange arrestasjonar. Minst 150 personar døydde, 86 av desse vart avretta.

Men Furubotn og Sunde tok dei aldri. 

{{facts}}

Kjelder:

- Kåre Olav Solhjell: Krigsår i Hallingdal. 1995.

- Ingeborg Solbrekken: Gestapos mest ettersøkte nordmenn. 2018.

- Ole Kristian Grimnes: Norge under andre verdenskrig. 1939-1945. 2018.

- Nettkjelder: norgeshistorie.no, Store norske leksikon

* Peder Furubotn vart hylla og kalla «Norges Tito» rett etter krigen. I stortingsvalet hausten 1945 fekk NKP god oppslutning, men Furubotn takka nei til ein plass i Einar Gerhardsens samlingsregjering. I 1946 mista han kontrollen i partiet, mellom anna då Stalin ved hjelp av agentar klarte å utmanøvrere han. I 1947, på ei reise til Moskva, gjekk han sjølv av som leiar. Det trass i at det berre var Stalin som tilsette og avsette leiarar i kommunistrørsla. I 1949 vart han ekskludert frå partiet. Han døydde i 1975.

* Asbjørn Sunde, som hadde vore ein av dei viktigaste og mest markante leiarane under krigen, vart aldri heidra med utmerkingar av den norske stat. Det vart heller ingen andre i Osvaldgruppa. Innsatsen deira vart sett i skuggen av den kalde krigen og fleire av medlemmene vart overvaka. I 1954 vart Sunde dømt for spionasje for Sovjetunionen. Han døydde i 1985. Osvaldgruppa stod bak dristige og spektakulære sabotasjeaksjonar gjennom heile krigen, som sprenginga av Øst- og Vestbanehallen i Oslo same dag som Quisling vart innsett som ministerpresident i februar 1942, aksjonen mot Statspolitiet i august 1942 og sprenginga av Oslo Arbeidskontor i 1943. Halvtanna år før Milorg i det heile var i stand til å samordne sine aksjonar, gjennomførte Osvaldgruppa koordinerte jernbanesprengingar fleire stader på same tid. Først i dei seinare åra har sabotørane tilknytt kommunistrørsla vorte løfta fram som sentrale motstandsmenn. I 2013 vart dei attlevande medlemmene av Osvaldgruppa heidra av forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap).

* Gestapo-sjefen Hellmuth Reinhard kom seg unna i maidagane 1945. Reinhard bytta nemleg namn til Patschke og vart sleppt fri av britane. Sommaren 1945 vart han vegsjef nær Stuttgart og deretter kontormedarbeidar i eit amerikansk militærregiment. Utover på 1950-talet arbeidde han i tidsskrift og i forlag før han vart avslørt i 1964. I 1967 vart han dømt til fem års tukthus for medverknad til fire mord i «Operasjon Blumenpflücken». Men i 1970 vart han frifunnen for deltaking i morda. Han fekk aldri ein fellande dom og levde til 2002.

* Gustav Barschdorf reiste frå Norge før 1945. Under det falske namnet Gustav Opitz kom han seg unna straffeforfølging. Frå 1945–1951 arbeidde han i eit firma i Hamburg, men melde seg i 1951 til politiet og vedgjekk bruk av falsk identitet. Men ein tidlegare avdelingsleiar i Gestapo sørga for at han vart tilsett i politiet under falsk identitet. I Direktoratet for forfatningsvern vart han sett til å overvake kommunistar. I 1956 var det ei utreinsking av tidlegare gestapotilsette i det vesttyske politiet, og Barschdorf (Opitz) vart overført til ei statistikkavdeling. Han gjekk av med pensjon i 1973. I 1974 vart han til slutt stilt for retten for drap i Norge. Han vart dømt til livsvarig fengsel for drapet på Borghild Strøm. Når han døydde, er ukjend.

* Erwin Morio var innblanda i Hemsedal og i drapet på Nils Slåtto i Hol i «Operasjon Blumenpflücken» i 1944. I maidagane 1945 prøvde han å skjule seg blant vanlege Wehrmachtsoldatar på Heistadmoen ved Kongsberg. Han vart avslørt og sett inn på Akershus festning. Men lang erfaring som etterretningsagent og skodespelartalentet sørga for at han vart erklært sinnssjuk. Då vart han overført til eit fransk asyl i Tyskland. Her var det nære på at han vart skriven ut etter å ha vorte erklært frisk. Derfor fekk norske styresmakter han tilbake for å stille han for retten. I 1949 vart han dømt til livsvarig fengsel. I 1952 rømte han til Tyskland. Tyske styresmakter nekta seinare å utlevere han til Norge.