Det er færre på gudstenester, færre som døyper barna sine og færre som har vigsel i kyrkja. – Det er nedgang i alle kyrkjelege statistikkar. Det er viktig at me snakkar sant om dette. Samtidig trur eg kyrkjene vil halde fram å vere viktige i lokalsamfunna til folk, seier biskop Kari Veiteberg, her med klokketårnet på Ustaoset i bakgrunnen.

Dette er Oslo-biskopen oppteken av

Ville krøller, varmt blikk, bankande hjarta.

Det er litt over eit år sidan Kari Veiteberg vart biskop i Oslo. Før det var ho gateprest i Kirkens Bymisjon. Ho er handlekraftig, men er også ei som har ordet i si makt og som kan fyre seg opp i debattar. Det fortel folk som jobba saman med henne på gata. Ho har temperament og er ikkje redd for å synge ut. I den grad Veiteberg lyftar ein moralsk peikefinger, peikar ho på samfunnseliten framfor dei fattige og utstøytte.

Veiteberg er oppteken av rettferd. Ho vil vere ein biskop for dei elendige.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

Oslobispen voks opp på Rommetveit på Stord i ein lærarfamilie. Begge foreldra var lektorar på lærarhøgskulen. Mor hennar i pedagogikk, far hennar i formingsfag.

– Den akademiske nysgjerrigheita har eg etter mor mi og kunstinteressa etter far min, seier ho. – Mamma og pappa gjekk ikkje på bedehuset. Dei var kyrkjefolk. Dei gav meg ei barnetru som ikkje var streng og trongsynt, seier ho. På 1980-talet vart mor hennar vald inn i Bjørgvin bispedømeråd og var utsending på det aller fyrste kyrkjemøtet i Den norske kyrkja. – Mor mi var ei føregangskvinne som var oppteken av diakoni. Ho var ei myndig kvinne som ikkje var redd for noko. Ho kunne tale biskopen midt imot, mellom anna om synet på kvinnelege prestar. Ho har lært meg å vere uredd, seier Veiteberg. I feriane gjekk turen til éin av to stader, Jølster i Sunnfjord, der far hennar kom frå, eller til Hallingdal. Biskopen har halve slekta si i Hol.

I oppveksten ferierte biskop Kari Veiteberg hjå onklar og tanter og gommo og goffa på Hagafoss. I fjor kjøpte ho ferieleilegheit på Ustaoset. – Dette er ein togstrekning som vekker sterke barndomsminne, seier ho.

Biskop Kari Veiteberg har ikkje bil. Bergensbanen var eit vesentleg argument for å kjøpe leilegheit på Ustaoset. – Og så er dette ein togstrekning som vekker sterke barndomsminne, seier ho.
Biskop Kari Veiteberg har ikkje bil. Bergensbanen var eit vesentleg argument for å kjøpe leilegheit på Ustaoset. – Og så er dette ein togstrekning som vekker sterke barndomsminne, seier ho.
Kari Veiteberg har markert seg med sterke synspunkt både før og etter ho vart biskop. – For meg er det viktig at kyrkja er medviten om at me har makt. Og når kyrkja utøver makt bør det handle om å styrke dei som blir haldne nede eller utanfor i samfunnet, seier ho.

Fleire av biskopane i Den norske kyrkja har blitt kritisert for å flagge politiske meiningar. Kritikarar meiner dette ekskluderer folk med eit anna politisk syn. – Kyrkja eit trusfellesskap, ikkje eit meiningsfellesskap. Når me går til nattverd, deler me brød og vin. Der er det rom for alle, seier biskop Kari Veiteberg.

I fjor sommar kjøpte biskop Kari Veiteberg fritidsleilegheit på Ustaoset.  Biskopen har ikkje bil. Møblar og inventar har ho kjøpt på bruktbutikken på Geilo og frakta til Ustaoset med tog og taxi.
I fjor sommar kjøpte biskop Kari Veiteberg fritidsleilegheit på Ustaoset. Biskopen har ikkje bil. Møblar og inventar har ho kjøpt på bruktbutikken på Geilo og frakta til Ustaoset med tog og taxi.
Kari Veiteberg brukar hytta til å kople av, både i direkte og overført tyding. – Her har me ikkje TV og nett. Her får eg tid til å lese. Og så er det godt å få kome ut og bruke naturen, seier ho.
Kari Veiteberg brukar hytta til å kople av, både i direkte og overført tyding. – Her har me ikkje TV og nett. Her får eg tid til å lese. Og så er det godt å få kome ut og bruke naturen, seier ho.
Rett utanfor vindauga går skiløypene oppover mot Hallingskarvet. – I går hadde me ein fin tur til Prestholt, fortel biskop Kari Veiteberg.
Rett utanfor vindauga går skiløypene oppover mot Hallingskarvet. – I går hadde me ein fin tur til Prestholt, fortel biskop Kari Veiteberg.
Frå leilegheita på Ustaoset kan biskop Kari Veiteberg sjå rett opp mot toppen av Hallingskarvet.
Frå leilegheita på Ustaoset kan biskop Kari Veiteberg sjå rett opp mot toppen av Hallingskarvet.
Rett utanfor vindauga går skiløypene oppover mot Hallingskarvet. – I går hadde me ein fin tur til Prestholt, fortel biskop Kari Veiteberg.
Rett utanfor vindauga går skiløypene oppover mot Hallingskarvet. – I går hadde me ein fin tur til Prestholt, fortel biskop Kari Veiteberg.
Kari Veiteberg har markert seg med sterke synspunkt både før og etter ho vart biskop. – For meg er det viktig at kyrkja er medviten om at me har makt. Og når kyrkja utøver makt bør det handle om å styrke dei som blir haldne nede eller utanfor i samfunnet, seier ho.
Kari Veiteberg har markert seg med sterke synspunkt både før og etter ho vart biskop. – For meg er det viktig at kyrkja er medviten om at me har makt. Og når kyrkja utøver makt bør det handle om å styrke dei som blir haldne nede eller utanfor i samfunnet, seier ho.
Biskop Kari Veiteberg har halve slekta si i Hol. I oppveksten dreiv onkelen og tanta bensinstasjon på Hagafoss. – Eg har mange gode minne om tante Helga som dreiv kiosken, seier ho.
Biskop Kari Veiteberg har halve slekta si i Hol. I oppveksten dreiv onkelen og tanta bensinstasjon på Hagafoss. – Eg har mange gode minne om tante Helga som dreiv kiosken, seier ho.

{{imageLeft}}

– Systrene mine og eg var dei einaste med hallingbunad i 17.-maitoget på Rommetveit, fortel ho.

Ragnhild, mor hennar, heitte Tufto før ho gifta seg. Ho voks opp på Hagafoss før ho reiste til Oslo for å ta lærarutdanning og seinare hovudfag i pedagogikk på universitetet. Goffa, Asbjørn Tufto, var mangeårig banksjef i Hol sparebank. Gommo, Ågot, tok ansvar for å minne barnebarna på kor dei hadde røtene sine. Kvar jul sende ho ein boks med hallingkost til familien på Stord, rømmebrød og lefsekling.

{{imageLeft}}

– Gommo var ei tradisjonell bestemor med ein sterk identitet knytt til det ho serverte. Eg har mange minne frå kjøkenet på Hagafoss. Her fekk me treffe onklar og tanter og leike med søskenbarn. Onkel Olav hadde bensinstasjonen på Hagafoss, og tante Helga, kona hans, dreiv kiosken. Ho var alt du tenkjer på at ei tante skal vere. Raus, morosam og hadde alltid godteri på lur. Me var ikkje ofte i Hallingdal, men reiste hit i påsken og sommarferien. Far min tok ikkje sertifikat før han var over 50 år. Stort sett kom me med toget. Onkel Olav var også taxisjåfør. Han kom og henta oss på stasjonen. Men det var også ein gong me tok drosje heilt frå Stord. Det er ein veldig lang taxitur, smiler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølen møter Veiteberg på hytta. Hytta er eigentleg ikkje ei «hytte». Det er ei fritidsleilegheit på Ustaoset som ho og ektemannen kjøpte i fjor sommar.

– Med den jobben eg har, treng eg av og til å kome meg litt vekk. På hytta har me verken TV eller nett. Her får eg tid til å lese. Og så er det godt å få kome ut og bruke naturen, sommar som vinter, seier ho. Så langt har ho ikkje testa badetemperaturen i Ustevatn, men ho ser ikkje bort frå at ho kan finne på å hogge seg eit hol i isen.

– Du veit, eg er heilårsbadar. Eg badar i Oslofjorden heile året, seier ho.

Oslo er landets største bispedøme i folketal, men minste i geografisk utstrekning. Det meste av bispedømet er råd å nå med trikk eller frå eit sykkelsete. Og det passar bra, for Veiteberg eig ikkje bil. «Bilfritt» var eit av argumenta for at familien valde Ustaoset som ferieparadis. Her er ikkje det ikkje møblert med dyr og eksklusiv design. Det meste er kjøpt på bruktbutikken på Geilo. Store møblar er frakta til hytta i taxi, men mesteparten av inventaret har ho tatt med seg på toget. Det er tungvint og krev tolmod å reise kollektivt med møblar og hytteinventar, men er i det minste miljøvenleg.

{{facts}}

Store prestekull nærmar seg pensjonsalderen og det blir nesten ikkje rekruttert nye prestestudentar. I mange prosti er det eit strev å skaffe prestar, ikkje minst i distrikta. Dette temaet kjenner me også frå Hallingdal.

– Det er viktig at me snakkar sant om dette. Ja, det er færre som går på sundagsgudstenester, færre som døyper seg, færre som har vigsel i kyrkja, færre som studerer teologi. Det er nedgang i alle kyrkjelege statistikkar. Samtidig trur eg kyrkjene vil halde fram å vere viktige i lokalsamfunna til folk. Viss folk ikkje kjem på gudsteneste om sundagen, trur eg kyrkja må tenkje annleis. Kanskje kan me i større grad fristille prestar til å gå ut på gata og snakke med folk. Prøve å få til samtalar der menneske med god vilje møtest. I Oslo har me fleire spennande prosjekt på gang der me tenkjer nytt om slike spørsmål, seier ho.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har ikkje klatra den tradisjonelle trappa inn på bispekontoret. Veiteberg er den fyrste norske biskopen med bakgrunn som gateprest, og som biskop har ho sett søkjelys på kyrkja sitt diakonale ansvar. Tradisjonelt har diakoni vore ei audmjuk teneste som har drive omsorg i det stille. Det har handla om å svare på menneskelege behov: pleie dei sjuke, mette dei svoltne og gje drikke til dei tørste. Kort og godt møte livsnødvendige behov, her og no, utan å plage nokon med politiske ytringar som kan provosere. Men dei siste tiåra har det blitt reist debatt om dette er nok. Manglande sosial rettferd har kome meir i sentrum når ein har snakka om diakoni. I økumeniske fora har omgrepet «profetisk diakoni» vore på dagsorden. Dette er ei form for diakonalt arbeid som ser kva folk treng, men som samstundes leitar etter årsaker og meir langvarige løysingar.

Som gateprest har Veiteberg vore ein del av denne rørsla. Ho reknar seg som feminist og er oppteken av frigjeringsteologi. Ho har vore med å protestere mot tiggarforbod og innstrammingar for folk som er huslause. Ho har gått i demonstrasjonstog for å setje klimasaka på dagsorden. Ho har også engasjert seg i andre kontroversielle spørsmål. Ho står mellom anna ikkje høgt i kurs blant kristne Israels-venner.

– Engasjementet for palestinarane starta med at eg som ung jobba på kibbutz i Israel. For min del førte dette til at eg fekk eit nytt syn på konflikten. Me opplevde ting som gjorde at eg skjønte at her er det mykje eg ikkje har hatt kunnskap om. Eg skjønte at det fanst fleire historier, seier ho.

– Du blir lett engasjert?

– Ja, og eg synest det er lett å forsvare engasjementet mitt med bibelske kjelder. I kyrkja syng me «Kyrie Eleison», som betyr «Herre, miskunn deg over oss». Men kva gjer samfunnet vårt med dei som ropar om miskunn i dag? Tiggarar skaper ubehag, slik var det også på Jesu tid. Markusevangeliet fortel om den blinde tiggaren Bartimeus, som vart hysja ned då han bad om miskunn frå Jesus. Men Jesus kalla han til seg og spurte: «Kva vil du at eg skal gjere for deg?», seier ho.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

.

Når rettferdssansen vert utfordra eller ho opplever at folk blir trakka på, får motdebattantane oppleve Veitebergs bibelske vreide. Men det er meir innanfor bispekåpa enn ein velmeinande, kristen sosialarbeidar. Veiteberg har doktorgrad i teologi, som den einaste i dagens bispekollegium. I tillegg har ho internasjonal erfaring frå arbeid i Kyrkjas Verdsråd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den internasjonale erfaringa har gitt meg sjansen til å få eit fugleperspektiv på kyrkja i verda. Eg har hatt møte med folk frå mange ulike kyrkjesamfunn. Og sjølv om eg og dei i den koptiske kyrkja har ulikt syn på kvinnelege prestar, betyr ikkje det at me ikkje kan respektere kvarandre og vere gode kollegaer. Det internasjonale arbeidet har gitt meg perspektiv til å sjå at heimleg kyrkjeleg kjekling ofte blir litt smått, seier ho.

Bør kyrkja ha ei meining om oljeboring utanfor Lofoten eller steinkastande ungdomar på Vestbreidda? Mange er kritiske til at kyrkja har blitt for «politisk». Og Veiteberg er ikkje den einaste i bispekollegiet som har ytra seg om sosial rettferd, fattigdom, flyktningpolitikk eller klimaspørsmål.

– Ein ting er kva ein gateprest kan meine noko om, men det er kanskje annleis kva ein biskop kan ytre seg om?

– For meg er det viktig at kyrkja er medviten om at me har makt. Og når kyrkja utøver makt bør det handle om å styrke dei som blir haldne nede eller utanfor i samfunnet. Kyrkja var ofte for seint ute med å si frå når menneskeverdet blir trakka på. Det er mange døme på at kyrkja kom for seint på banen, slaveriet og apartheid, for å nemne to eksempel.

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

– Du er ikkje redd for at kyrkja støyter frå seg dei som har eit anna politisk syn?

– Kyrkja eit trusfellesskap, ikkje eit meiningsfellesskap. Når me går til nattverd, deler me brød og vin. Der er det rom for alle. Som menneske har me eit ansvar for kvarandre. Eg kan ikkje sjå kvifor kyrkja skulle støyte nokon bort ved å hevde at me må dele på rikdomen. Jesus sa mykje om dette, og eg kan love at det også vil kome meir frå oslobiskopen om fordeling av rikdom og om forvaltaransvaret. Om ikkje kyrkja skal kunne meine noko desse viktige spørsmåla, kven skal gjere det då? Gud gav oss denne jorda. For fyrste gong, er det uvisst om jorda vil overleve. Å ikkje ha ei meining om dette, er også ei politisk ytring, seier Veiteberg. 

* Biskop i Oslo sidan desember 2017.

* Har doktorgrad frå Teologisk Fakultet ved Universitetet i Oslo.

* Har jobba som menigheitsprest både i Oslo, Trondheim og Gildeskål.

* Har også bakgrunn som gateprest i Kirkens Bymisjon, både i Oslo og Bergen.

* Ho er ikkje medlem i noko politisk parti i dag, men på -90-talet hadde ho tillitsverv på bydelsnivå i Oslo SV.

* Voks opp på Stord og ferierte i barndomen i Hol hjå gommo og goffa på Hagafoss.

* Kjøpte i sommar ferieleilegheit på Ustaoset.