Johan Rusten (95) har vore med sidan Gol Bridgeklubb starta opp i 1943, under krigen.
Johan Rusten (95) har vore med sidan Gol Bridgeklubb starta opp i 1943, under krigen.

Dette er ein ekte tankesport

Årets brigde-NM er lagt til Storefjell 20–22. september der 54 par er venta.

Hallingdølen blei med på ein spelekveld i Nesbyen.

{{imageLeft}}

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalt

– Dette er første gongen det er NM i bridge i Hallingdal, seier Nils Halvard Bråten, leiar i Nesbyen Bridgeklubb.

– Det er stor stas at det blir lokalt i år, seier John Sandviken, leiar i Gol Bridgeklubb. NM blir arrangert av NBF (Norsk Bridgeforbund) Buskerud i samarbeid med lokale klubbar som bidreg med frivillig arbeid. I tillegg til NM blir det også nybegynnarkurs i Bridge. Dei to klubbane, i Gol og Nesbyen har til saman 50 medlemmar.

Flaks eller taktikk?

– Kor mykje har taktikken å seie i spelet?

– Ta bilete av korta hans, og vis bilete til meg etterpå, humrar Bjørn Morten Halbjørhus.
– Ta bilete av korta hans, og vis bilete til meg etterpå, humrar Bjørn Morten Halbjørhus.
f.v. Nils Halvard Bråten, Bjørn Morten Halbjørhus, Svein Ness og Olav Syversbråten.
f.v. Nils Halvard Bråten, Bjørn Morten Halbjørhus, Svein Ness og Olav Syversbråten.
– Om ein har dårlege kort, så kan ein spele dei bra og likevel komme langt, seier John Sandviken.
– Om ein har dårlege kort, så kan ein spele dei bra og likevel komme langt, seier John Sandviken.

– Det er mest taktikk, og lite flaks. Bridge er meir som ein tankesport, seier Bråten

– Om ein har dårlege kort, så kan ein spele dei bra og likevel kome langt, seier Sandviken.

Stifta under krigen

Mange bridgeklubbar rundt om blei stifta under krigen. Også i Hallingdal.

– Det var for å danne ein klubb. Ein måtte søke for å vere med, slik at ein var sikker på at det ikkje var nazistar i klubben, fortel Bråten.

Eldstemann

Johan Rusten (95) har vore med sidan Gol Bridgeklubb starta opp i 1943, under krigen. Gol har spelekveldar kvar tysdag, medan Nesbyen har spelekveldar kvar torsdag. Johan er ofte med på begge spelekveldane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er moro og eg kjem meg ut om kvelden, seier 95-åringen.

Siktar høgt

Sigurd Evjen frå Gol spelar på laget til Vikersund Bridgeklubb. Han har teke både NM-gull og sølv i lagbridge saman med lagkameratane på Vikersund BK, i tillegg til andre medaljar. Han spelar med makker Vidar Smith, og duoen har spelt saman sidan 2001. For å vere med i NM må ein vere kvalifisert, noko som er målet til Evjen.

{{imageLeft}}

– Ein må kvalifisere seg i sin krets og min krets er Buskerud. Eg håpar sjølvsagt på å bli kvalifisert, seier Evjen. Kva for par som stiller i NM, blir klart i april.

Ein måtte søke for å vere med, slik at ein var sikker på at det ikkje var nazistar i klubben.

Nils Halvard Bråten, Nesbyen Bridgeklubb