Tur frå Breistølen til Finse i Skarvheimen.
Tur frå Breistølen til Finse i Skarvheimen.

Desse løypene ventar på deg

Sjå oversikten, kommune for kommune.

FLÅ KOMMUNE

Flå har om lag 123 kilometer med oppkøyrde løyper. Rundløype frå Sørbygda. Her finst kortare løyper kring Tollefsrudsetrane. Turar Brennåsen-Gulsviksetrane-Høgevarde og Blåfjell-Domfet-Raudfjell-Veneli-Damtjern- (med avstikkarar i Sørbølsfjellet)-Skarsdalen-Solheimseter-Sørbølseter (denne løypa kjem inn frå oppkøyrt løype i Nes).

Turtips: Sørstølen-Grønlia-Saulifjellet og Grønlia-Øyvatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

NES KOMMUNE

400 kilometer. Også her går løypene både i skogsterreng og utover dei store, vide viddene. Lysløyper finn ein ved idrettshallen i sentrum og på Bromma. Vassfaret, Liemarka, Myking og Natten kan nemnast som turområde. I Nes Vestmark er det flott, urørt natur. Prøv skituren frå Imlan/Buhovd, eller Myte. Frå Myte kan ein følgje løypa mot Buvassli og over til Imlan. Ein kan og halde fram vidare mot Fekjan og gjere ein rundtur attende til Myte.

Turtips: Gå sekskilometeren frå øvst i skianlegget i Natten, i retning Trommenatten, over Ålsvatnet og ned Tverrlia til golfbanen. Ein kan og gå lenger, mot Bøgaset og Nystølen.

GOL KOMMUNE

Gol har om lag 328 kilometer med løyper mellom anna på Golsfjellet, Nystølfjellet, Solseter, Søråsen og Skara- og Torpoåsen. På Solseter er det langrennsarena og lysløype. Løypenettet her og på Nystølfjellet er også knytt til Golsfjellet, og er difor eit godt utgangspunkt for lengre turar. Søråsen, fjellpartiet mellom Herad og Bagn, er noko meir kupert enn på Golsfjellet.

Turtips: Få ei sentrumsnær skioppleving på Skara- og Torpoåsen. Her finst 75 kilometer med velpreparerte løyper i variert skogs- og fjellterreng. Hit kjem du frå Gol sentrum, Grønlio og Torpo. Skaraåsen er ein vinnar på dagar med vind og snø. Løypenettet knyter seg også inn på løypene vest for Lya i Ål. Du kan mot påsketider gå heilt til Myrland i Hol i preparerte løyper. Dette er ein del av Hallingdalsløypa nord. Turløypa Hemsedal-Gol går i same løypenettet, og er ein klassikar.

HEMSEDAL KOMMUNE

Alpinbygda Hemsedal kan også skryte av bortoverski. Her finn du 240 kilometer med skiløyper i veldig variert terreng. Solløypa startar frå sentrum og går nordsida over til Tuv. Ein kan også krysse elva og gå både ned mot Ulsåk – eller oppover mot Tuv, og vidare mot Grøndalen og Feten. Mange moglegheiter for å gå i le, sjølv om det skulle vere dårleg vêr på fjellet. På Gravset er det lysløype og fleire rundløyper. Ein kan og gå ned til sentrum herifrå. Høgfjellsløypene som Systerskarløypa, Beihovdløypa og Holdeskaret må nemnast.

Turtips: Helsingsvatn rundt er ei 13 kilometer lett rundløype. Går forbi Ulsåkstølen som er open for servering.

ÅL KOMMUNE

Ål har om lag 430 kilometer med preparerte løyper i mange flotte område. Både på høgfjellet og i skogsterreng. Bergsjøområdet er populært både blant bygdefolket og tilreisande. Fjellområdet er omgitt av Reineskarvet og Lauvdalsbrea. På Liatoppen er det skiskyting- og langrennsarena med internasjonal standard. Her er også lysløype og løypenett for Votndalsåsen. På Torpo- og Opheimsåsen er det over 62 kilometer med oppkøyrde løyper. På Veståsen kan du gå til Dyna (1212 moh.). Frå Sangefjellet kan du nå Sangenuten (1189 moh.). Dessutan er det òg flotte utgangspunkt for skiturar frå Ål skisenter.

Turtips: Rødungen Rundt er ein rundtur ved Bergsjø. Om lag 17 km i vakkert høgfjellsterreng.

Artikkelen held fram under annonsen.

HOL KOMMUNE

Heile 528 kilometer langrennsløyper i Hol kommune. Lysløype finn du mellom anna ved Geilohallen, og i fleire av grendene. Fine løyper kring Ustedalsfjorden (Ustedalsfjorden rundt). Dei meir kresne vel toppturar til Hallingskarvet. Torsetlia-Dagalifjell er fine område, deT same kring Hakkesetstølen. Ein flott familietur er frå Fagerheim Fjellstugu til Krækkja Turisthytte. Ein kan gå toppturar til Havsdalshovda (1173 moh.), via Djuptjødn (1321 moh.), til Ustaoset (985 moh.) frå toppen av Fjellheisen. Ein rundtur om Ruperanden er ein klassikar, det same er Havsdalsrunden.

Turtips: Turløypene kring Ustedalsfjorden er perfekte for barnefamiliar.

NORE OG UVDAL KOMMUNE

Med Nore og Uvdal kan me legge til 510 nye kilometer med preparerte skispor. Her er det flotte løyper på begge sider av dalføret, og ei rekkje av desse går inn i løypenettet tilknytt Hol, Ål og Nes. Dagalifjell blir rekna som det mest snøsikre området, men litt ut på vinteren finn du det du treng så å seie overalt, frå løyper i høgfjellet til lysløyper nede i dalbotnen.

Turtips: Nystølkroken i Nes til Langedrag, Dagalifjell, Imingfjell, Breiset, Åsbøseterdalen pluss lysløypa på Rødberg.

HALLINGDALSLØYPA

Dei fleste strekningane av Hallingdalsløypa (tidlegare kalla Eventyrløypa) er normalt oppkøyrde frå veke 8 og følgjer både nord- og sørsida av dalen. Hallingdalsløypa Sør går frå Ustaoset via Kikut, Sangefjell, Veståsen over Dyna til Nesbyen og vidare til Norefjell. Totalt 138 kilometer. Her finst fleire stader å overnatte. Hallingdalsløypa Nord går frå Myrland, via Bergsjøområdet, Tormodset og Gaurhovd til Gol skisenter vidare til Nes og Flå. Totalt 162 km.

Artikkelen er basert på opplysningar frå kvar kommune. Hallingdølen tek atterhald om endringar i løypenettet siste året, og stengde løyper på grunn av utrygg is eller lite snø.