Åge Thune og Asbjørn Oslund fører geiteflokken til beite langs Rv7. Eit pittoresk og romantisk innslag – eller hardt slit i bondekvardagen?
Åge Thune og Asbjørn Oslund fører geiteflokken til beite langs Rv7. Eit pittoresk og romantisk innslag – eller hardt slit i bondekvardagen?

Dagpendling langs Rv7

Morgon og kveld, nokre dagar no, har ein sett eit geitefølgje vandre langs Rv7 ved Thune, langs Strandafjorden i Ål.

Det er Åge Thune og gardsdrengen Asbjørn Oslund som fører geitene til beite og hentar dei heim att. Dei kvikke små krabatane leskar seg på dagtid på grønt og saftig gras hjå ein nabo.

Sjeldan syn

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kanskje litt spesielt, medgir Åge Thune. Han har fått tilbakemeldingar på at det i vår tid er eit heller sjeldan syn å sjå husdyr langs vegen på denne måten. Tidlegare var det vanleg.

– Men for meg passar det bra. Å ha dette beitet, i tillegg til mitt eige beite heime på garden, er veldig fint fram til geitene skal på stølen seinare i sommar.

Då reiser geitene til Fekjastølen på Strand-Tuneåsen, der dei er til uti september.

Geiteflokken i farta ned frå Thunegardane. Ferskt beite hjå ein nabo ventar – men først må dei langs Rv7.
Geiteflokken i farta ned frå Thunegardane. Ferskt beite hjå ein nabo ventar – men først må dei langs Rv7.

Tradisjonelt

Åge Thune har om lag 70 geiter, og det er rundt 50 av desse som dagpendlar til beitet litt lengre aust ved Strandafjorden.

– Det kan kanskje virke litt gammaldags å drive geitene langs vegen på denne måten. Men det er ingen annan måte. Alternativet måtte vere å slutte med dyr. Men det vil eg ikkje. Skal det vere innhald i eit begrep som «liv i grendene» må nokon ta ansvaret for det. Før var det husdyr på alle gardar. No finst det ikkje ei mjølkeku langs heile Strandafjorden. Bortsett frå eit par-tre bruk med sau, er geitene mine dei einaste.

Trim

Det ser kanskje litt romantisk ut å sjå ein dyreflokk kome langs riksvegen på denne måten, uansett om det er gangveg og autovern aldri så mykje. Det er i så fall med innlagt trim; då Hallingdølens medarbeidar prøvde å ligge eit hovud framfor geiteflokken for å ta bilete, kom heile geiteflokken galopperande etter.

– Dei oppfatta deg som ny «flokkleiar», og då ville dei sjølvsagt følgje deg, ler Åge Thune, som syns det er synd at infrastrukturen i landbruket vitrar bort. Før kunne ein sende geitemjølka til meieriet på Ål. No går den med tankbil like til Ørsta.

Til støls

Men til beite kom dei i alle fall, og trygt heim att og. Eit par dagar til no, så er det slutt på dagpendlinga. Då blir dei flytta til heimebeitet. Og deretter ventar stølen.