Hallingdolen

Reportasje

Då heile karrieren hang i ein tynn tråd

Då heile karrieren hang i ein tynn tråd

Under helikopteret i Lake Louise svevar Maria Tviberg med nok ein alvorleg kneskade. Her meiner legane at karrieren hennar som toppalpinist er over.

– Det var den beskjeden eg fekk. Eg var budd på å leggje opp, heilt til kirurgen spurte meg om det var det magekjensla mi sa. Då måtte eg gå nokre rundar til.

Eric Bolte-USA TODAY Sports - 28. november 2017 Lake Louise, Alberta, Canada. Maria Therese Tviberg blir løfta ut av løypa med skade.

28. november 2017: Lake Louise, Alberta, Canada. Maria Therese Tviberg blir løfta ut av løypa med skade.Foto: Eric Bolte-USA TODAY Sports

I NOVEMBER I FJOR var ho var på god veg mot ein ny sesong. OL-kleda var på plass i skåpet, formen på god veg. Ho hadde budd seg godt før fartsrenna i Canada, studert hoppa og brukt god tid på heile løypa.

Bileta frå utfortreninga i Lake Louise i fjor vart likevel dramatiske. I båre under helikopteret hang Tviberg med ein alvorleg skade. Undersøkingane viste at det fremre korsbandet i høgre kneet var rive av. For fjerde gong på åtte år hadde ho ein alvorleg kneskade.

– Eg kjente at eg kom feil ut frå hoppkanten, hamna bakpå på eit vis. Eg hadde to alternativ, prøve å lande på beina eller lene meg meir bakover og lande på ryggen. Eg valde det fyrste. I landinga kjente eg at kneet svikta under meg. Det var ikkje noko veldig fall, eg segla berre nedover. Men eg skjønte at det hadde gått gale, fortel ho.

Se dette bildet i full størrelse
 - Framgang – Det er utruleg herleg å vere tilbake på ski, seier Maria Tviberg.

Framgang: – Det er utruleg herleg å vere tilbake på ski, seier Maria Tviberg.

DET HAR GÅTT EITT år sidan fallet i Lake Louise. Landslagsalpinisten sit i peisestova på Danebu Kongsgård i Valdres.

Frå ho var liten har ho hatt sterk vinnarvilje og enorm skiglede. Det har teke henne langt. Heime i skåpet har ho medaljar frå junior- og seniornivå. Bevis på at Tviberg er å rekne med når ho er skadefri og i form.

Men parallelt med oppturane har ho lært alt om korleis det er å trene seg opp att frå kneskader. No er det er fjerde gong ho gjer det. Lagvenninnene er på plass i USA for å starte fartssesongen. Sjølv er ho på treningssamling, med far, Torgeir, som støtteapparat. Ho har nettopp vore på ski. Men i dag ville ikkje kneet hennar like mykje som ho. Den tre dagar lange treningssamlinga i skianlegget blir avbroten ein dag før tida. I staden reiser ho tilbake til Oslo og styrkerommet.

– Eg har sett framgangen tydeleg no i haust. Då er det lettare å vite når ein må ta ein pause. Men det er ikkje lett likevel, når det einaste eg vil er å stå på ski.

 - Kjekt Maria Tviberg trenar i skianlegget på Geilo for fyrste gong etter kneskaden for eitt år sidan.

Kjekt: Maria Tviberg trenar i skianlegget på Geilo for fyrste gong etter kneskaden for eitt år sidan.

For halvannan månad sidan kunne ho prøve skia att. Maria var eit stort smil i bakken i Sas-Fee. Lyden av støvel i binding fjerna alt det vonde ho hadde vore gjennom.

– Det var som alt det mørke berre letna. Eg kjende det som om alt var mogleg og ingen kunne gjere meg noko. Det er den beste kjensla eg har hatt på lenge. Då var det verdt alt slitet.

No har ho begynt å køyre løyper igjen. Det går i storslalåm og nokre slalåmløyper. Ho tek opptreninga gradvis, øver på å vere tolmodig og kjenne på at ho er på rett veg. Målet er at kneet skal tole fartsrenn.

HAUSTEN HAR VORE TØFF. Mykje tøffare enn ho var budd på. I møtet med legane fekk ho den vonde konklusjonen.

Se dette bildet i full størrelse
Mona N. Stensvold - Spent – Ingen, og aller minst eg, veit om eg kjem tilbake på start, seier Maria Tviberg.

Spent: – Ingen, og aller minst eg, veit om eg kjem tilbake på start, seier Maria Tviberg.Foto: Mona N. Stensvold

– Dei sa rett til meg at eg måtte gi meg. Eg kunne ikkje fortsetja med dette, risikoen var for stor, sa dei. Det var ein brutal beskjed å få.

Ho blir blank i auga. Ser på dei storslegne fjella gjennom vindauget.

– Å stå på ski betyr alt for meg. Eg har jobba for dette i over ti år. Eg kjenner meg ikkje ferdig enno, magekjensla mi seier at eg ikkje kan gi meg. Eg må gi det ein siste sjanse. Kjenner eg at det ikkje går, så er det greitt. Men då kan eg stå for at eg la opp. Då sit eg ikkje der om ti år og er bitter fordi eg tok ei avgjerd som ikkje var mi.

Legane har sagt at ho tek ein enorm risiko ved å satse vidare.

– Ingen norske alpinistar har gjort dette før meg. Men eg kunne ikkje ta eit val berre fordi dei sa eg måtte, sjølv om eg veit eg det er ein risiko ved det. Eg har stor respekt for dei som fagfolk, og veit at dei berre gjer jobben sin og vil mitt beste. Men det er tøft når den beskjeden kjem frå folk du har jobba tett med i mange år og fått ein venskap med.

Ingen veit om ho i det heile tatt kan konkurrere på ski att. No tek ho ein dag og ei veke om gangen.

– Folk spør korleis det går. Då kan eg vera vag. Men det er berre fordi eg rett og slett ikkje veit. Eg er like spent som dei.

Då ho var 14, flytta familien frå Bergen til Geilo for at Maria og systera skulle ha kort veg til gode forhold. Det året kom ho heim frå hovudlandsrennet med fleire medaljar.

VEGEN MOT EIT EVENTUELT COMEBACK har vore full av både svingar og humpar. Etter kneoperasjonen venta opptrening. Men i den perioden vart ho sett tilbake fleire gonger. Fyrst fekk ho ein blodpropp i leggen, så ein trøblete åreknute på foten, før ho vart hasteinnlagt med blindtarmbetennelse. Alle kom på tidspunkt då legane hadde gitt klarsignal for å gi meir gass.

– Eg brukar mentaltrenar, men mest fordi det er godt å ha ein sparring-partner som ikkje er involvert i alt anna eg driv med. Eg har ikkje følt at han trong å «fikse meg», men det har heller vore ein stad å lufte ut. Eg trur alle har nytte av det.

Se dette bildet i full størrelse
Mona N. Stensvold - Optimist Maria Tviberg drøymer om å kome tilbake på start igjen.

Optimist: Maria Tviberg drøymer om å kome tilbake på start igjen.Foto: Mona N. Stensvold

– Kva held deg oppe?

– Folk eg er glad i, familien min og gode vener. Eg er veldig glad for at eg også har gode vener utanfor skimiljøet. Dei spør ikkje om kneet, men som ser meg som Maria. Og så har eg hatt positive ting å sjå fram mot heile vegen. Eg har vore ein månad til saman i Syden i år. Eg har vore i OL-studio, og prøvd meg som journalist nokre gonger. Og så studerer eg. På dårlege treningsdagar har eg andre ting å fokusere på. Det er viktig for meg.

– Har skadeperiodane forandra deg på noko vis?

– Eg har vorte meir trygg på mine eigne avgjerder, og på å lytte til meg sjølv og kroppen min. Det er berre eg som veit korleis det kjennest.

Kvar veke trenar ho med ei rehabiliteringsgruppe i Oslo. Der er ho i lag med tre andre landslagsløparar. Det betyr mykje i ein kvardag med mange opp- og nedturar.

– Eg er veldig glad for at skiforbundet ser verdien i at me har ei skadegruppe med eigen trenar. Me er fire løparar som har kome ulikt langt i opptreninga. Har du ein dårleg dag, er det godt å vere med folk som veit akkurat korleis det er. Og går det bra, er det godt å ha nokon som forstår den biten òg. Verdscuplaget har ho trena lite med det siste året. Det ligg meir motivasjon i å trene med skadegruppa.

Se dette bildet i full størrelse
Mona N. Stensvold - Gjer jobben – Det er uvant for meg å ikkje kunne planlegge meir enn nokre veker framover, seier Maria Tviberg.

Gjer jobben: – Det er uvant for meg å ikkje kunne planlegge meir enn nokre veker framover, seier Maria Tviberg.Foto: Mona N. Stensvold

FRÅ FORELDRA SITT HUS ser ho rett over på skianlegget i Vestlia.

– Eg er meir avslappa her enn nokon annan stad. Det gjer noko med meg at eg kjenner bakken så godt, eg senkar skuldrene litt meir, seier ho. Kroppen kjennest fin ut etter dei fyrste dagane på ski i heimbygda. Slike dagar håpar ho det blir fleire av.

Pappa Torgeir Tviberg er med som støtteapparat mange av dagane på ski.

– Han er den beste eg kunne hatt med meg. Han let seg ikkje merke om humøret mitt svingar. I Oslo har eg god hjelp frå fysioterapeuten eg har hatt i åtte år.

Se dette bildet i full størrelse
Mona N. Stensvold - Satsar Maria Tviberg var budd på å legge opp som toppalpinist, men magekjensla sa noko anna.

Satsar: Maria Tviberg var budd på å legge opp som toppalpinist, men magekjensla sa noko anna.Foto: Mona N. Stensvold

Se dette bildet i full størrelse
Mona N. Stensvold - Hoppar i det – Eg måtte gi det eit siste forsøk, seier Maria Tviberg.

Hoppar i det: – Eg måtte gi det eit siste forsøk, seier Maria Tviberg.Foto: Mona N. Stensvold

Den inste draumen, den tanken ho knapt tør å fortelje om, er å konkurrere att over nyttår.

– Om eg kan, er noko heilt anna. No er kneet mitt friskmeldt. Det toler skikøyring og eg har fått klarsignal til å trene. Men kva som skjer framover, er uvisst.

– Er du redd for å slå opp att skaden?

– Hehe. Eg burde ha svara ja. Men det kan eg ikkje. Eg kan ikkje vere redd det skal skje att. Då kunne eg like godt ha lagt opp. 

Se dette bildet i full størrelse
Mona N. Stensvold - Krevjande Tviberg har lagt bak seg eit år med kneskade, blodpropp og blindtarmbetennelse.

Krevjande: Tviberg har lagt bak seg eit år med kneskade, blodpropp og blindtarmbetennelse.Foto: Mona N. Stensvold

Se dette bildet i full størrelse
Mona N. Stensvold - Positiv – Eg elskar kjensla eg får av å stå på ski. Det er difor eg vel å satse igjen, seier Maria Tviberg.

Positiv: – Eg elskar kjensla eg får av å stå på ski. Det er difor eg vel å satse igjen, seier Maria Tviberg.Foto: Mona N. Stensvold

.

Se dette bildet i full størrelse
 - November 2018 Sakte, men sikkert er Maria Tviberg på veg tilbake mot toppnivået.

November 2018: Sakte, men sikkert er Maria Tviberg på veg tilbake mot toppnivået.

Se dette bildet i full størrelse
Mona N. Stensvold - Trygg – Eg har med pappa som støtteapparat i vinter. Eg kunne ikkje hatt nokon betre oppfølging, meiner Maria Tviberg.

Trygg: – Eg har med pappa som støtteapparat i vinter. Eg kunne ikkje hatt nokon betre oppfølging, meiner Maria Tviberg.Foto: Mona N. Stensvold

.

Mona N. Stensvold - Heimebane Maria Tviberg er godt kjent i løypene på Geilo.

Heimebane: Maria Tviberg er godt kjent i løypene på Geilo.Foto: Mona N. Stensvold

Mona N. Stensvold - Heime – Det er Geilo som er heime. Eg er mykje meir avslappa når eg køyrer her, seier Maria Tviberg.

Heime: – Det er Geilo som er heime. Eg er mykje meir avslappa når eg køyrer her, seier Maria Tviberg.Foto: Mona N. Stensvold

Mona N. Stensvold - Spent Maria Tviberg før fyrste tur på ski på Geilo etter fallet.

Spent: Maria Tviberg før fyrste tur på ski på Geilo etter fallet.Foto: Mona N. Stensvold

Mona N. Stensvold - Kjekt Maria Tviberg trener i skianlegget på Geilo for fyrste gong etter kneskaden for eitt år sidan.

Kjekt: Maria Tviberg trener i skianlegget på Geilo for fyrste gong etter kneskaden for eitt år sidan.Foto: Mona N. Stensvold

Mona N. Stensvold - Nøgd – Kneet kjennest godt etter skikøyringa, seier Tviberg etter dei fyrste treningsdagane på ski i Hallingdal.

Nøgd: – Kneet kjennest godt etter skikøyringa, seier Tviberg etter dei fyrste treningsdagane på ski i Hallingdal.Foto: Mona N. Stensvold

Mona N. Stensvold - Landslagsalpinist – Eg er takksam for den hjelpa eg får frå landslaget og Olympiatoppen. Det er avgjerande, seier Maria Tviberg.

Landslagsalpinist: – Eg er takksam for den hjelpa eg får frå landslaget og Olympiatoppen. Det er avgjerande, seier Maria Tviberg.Foto: Mona N. Stensvold

Al Bello - Draumen Maria Tviberg i full fart ned Super-G-løypa i Beaver Creek. Året var 2015. Kanskje får atleten frå Geilo kjenne gleda av å konkurrere her i løpet av året som kjem.

Draumen: Maria Tviberg i full fart ned Super-G-løypa i Beaver Creek. Året var 2015. Kanskje får atleten frå Geilo kjenne gleda av å konkurrere her i løpet av året som kjem.Foto: Al Bello