«I 1895 vart 20 fødde, men berre ei gamal kjærring døydde».
«I 1895 vart 20 fødde, men berre ei gamal kjærring døydde».

Bohemar   drikkarar

Står det ikkje på Facebook, har det ikkje skjedd, heiter det.

Der skriv folk om kva dei har til middag, kva dei har drukke, lest og høyrt, kvar dei har vore på ferie og kva dei har handla med seg heim att.

Ingen nyheit er for liten til å bli lagt ut på sosiale media. Heller ikkje for stor. Det er her ein held kontakten med familien, slekta og vener som ein elles aldri ser. Her kunngjer ein dødsfall. Ja, eg veit om ektefellar som sit i kvar sin ende av sofaen og kommuniserer via Facebook.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei om det.

Før Facebook og sosiale media, var det i avisa du fann det. Det som hende i Hallingdal, sto i Halling- dølen. Basta. Og stod det ikkje der, så hadde det altså ikkje skjedd. Lokal- avisa var ein viktig aktør i lokalsamfunnet, og mange venta på at den skulle ligge i postkassa tre til fire dagar i veka. Journalistikken var annleis då. Avisa hadde ofte karakter av å vere eit meldingsblad. Dersom ein les dei historiske sidene våre kvar laurdag, ser ein at terskelen for meldingane var heller låg. Det var notisar om dei underlegaste ting, ofte innsendt av «meldarar», folk som budde rundt i bygdene og som heldt redaksjonen underretta om det meste, til døme om årets gang.

Her har nok ein meldar anno mai 1951 sendt eit brev, postkort eller kanskje tatt ein telefon til Hallingdølen:

«Svala er sett i Grøndalen i Hemsedal, 14 dagar tidlegare enn før om åra. Grøndalen ligg om lag 750–800 meter over havet».

Denne meldinga er nok derimot skriven av redaktøren sjølv, henta frå same nummer:

«Hol skulestyre vedtok på møte måndag å søkja om fritaking for å innføre forplantningslære i 7. klasse for dette skuleåret.»

Kan ein ut frå denne notisen tenke seg at forplantinga i Hol var slik at noko undervisning om temaet var heilt unødvendig?

Viktige var også var også referata frå kommunestyra. Dei skulle vere detaljerte og nøyaktige. Desse sakene vart nøye granska.

Artikkelen held fram under annonsen.

For mange år sidan kom det ein ny journalist i Hallingdølen. Han skulle overta ein kommune der folk nettopp var vande til det presise og ofte lange referatet. Men journalisten fekk ei tøff oppgåve. Under innlegget til ein av representantane skjøna han mindre enn ingenting, og han bøygde seg fram og pikka ein annan representant på skuldra.

– Kva er det han seier? Spurde han. Og kva er det han meiner?

– Det er ikkje godt å vite, kviskra representanten attende. Men du kan ta det heilt med ro, for det kjem referat i Hallingdølen om eit par dagar!

I gamle dagar vart avisene produsert med blysats, d.v.s. at linjene vart støypte i bly og måtte stablast. Det hende at det vart stokka feil, og at den såkalla «tyrkleifen» oppstod. Eller «prentesvarten» som han heitte på nynorsk. Det blir fortalt om ei av sogneavisene, som på to sider omtala ei gledeleg og ei tragisk hending. Men så hadde altså linjene stokka seg, med følgjande tittel som resultat:

«Åttiåring vart far,

visste ikkje at børsa var ladd»

Eg kjem ikkje på liknande blunderar frå mi eiga tid, men eingong hadde me ei morosam annonse. Ein misjonsorganisasjon inviterte til møteserie i Nordbygdene med oppfordringa om at «no er det så lenge sidan det har vore ein skikkeleg vekkelse i Nordbygdene, at no må folk kjenne si besøkelsestid ...»

På Sunnmøre hadde venstreavisa Sunnmørsposten status som verkeleg sannferdig. Ja, folk på øya Vigra trudde faktisk at kvart ord som sto på trykk der, var gudsens sanning. Avisa hadde difor tilnamnet «Vigrabibelen». Og frå denne «bibelen» saksar me ein liten notis frå bygda Vartdal, sikkert innsendt av ein «meldar» som på denne måten ville halde resten av lesarane orientert om viktige ting i bygda:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Ingen døydde i år»

Eit heilt år er det den 22de januar siden det døydde nokon i Vartdalstrandens herred. I 1895 vart 20 fødde, men berre ei gamal kjærring døydde. Galne og døvstumme finst der ikkje og truleg ikkje bohemar og drikkara helder». (Søndmørsposten 27.1.1896).

Men det blir då produsert gullkorn i dag og: Det er ikkje lenge sidan skiensavisa Varden hadde følgjande tittel: «Hesteeier dømt for voldtekt». Først etter å ha lese heile artikkelen skjønar ein kva hesten hadde med saka å gjere. Eller ikkje.

God sommar, og les gjerne lokalavisa!

Sigve.