Aksel Lund Svindal var på plass i Hemsedal under NM i alpint i mars. Der vart han takka av etter ein lang karriere.
Aksel Lund Svindal var på plass i Hemsedal under NM i alpint i mars. Der vart han takka av etter ein lang karriere.

Aksel Lund Svindal: Etterpå vart det Fýri

Aksel Lund Svindal har sett punktum for eit liv med ekstremfart, luftige svev og stupbratte heng. No satsar han i staden stort på Fýri.

– Fýri er eit j**** kult prosjekt. Kor mange høgstandard hotell har blitt bygd dei siste åra? Det er ikkje mange. Men det hadde ikkje vore mogleg for meg å gjere noko slikt som dette aleine, eller med folk som ikkje har peiling på kva dei driv med. No gjer eg det saman med folk som er veldig, veldig gode. Det er ein god deal for meg, seier Svindal til Hallingdølen.

I slutten av januar var Svindal til stades i Kitzbühel, i Hahnenkammrenna, ein av alpinsportens store klassikarar. Det var her han fall stygt i 2016, då han mista kontrollen etter Hausbergkanten og vart kasta rundt og rundt nedover bakken. Det var her han gjekk heilt til topps i Super-G i 2013, og gjentok same bragd i 2016 og 2018. Det var også her han 27. januar i år fortalde at han ville legge opp som alpinist etter VM i Åre.

Artikkelen held fram under annonsen.

VM kom og gjekk, og punktum er no sett for ein enorm idrettskarriere. I slutten av mars kom Svindal likevel til NM i Hemsedal, for å heie på tidlegare landslagskollegaer og unge, framstormande løparar.

– Det har gått nokre månader sidan eg bestemte meg for å gje meg, så no går det veldig greitt, sa alpinkongen då Hallingdølen møtte han i botn av Såhaugløypa. Derfrå kunne han sjå utover ein stor del av Hemsedal, og peike ut retninga for det nye storhotellet Fýri.

Svindal er inne på eigarsida i Anders Buchardts store hotellprosjekt. Alpinisten har gått inn med ein eigardel på 13,5 prosent.

Slik blir hotellet som Aksel Lund Svindal er med og investerer i.
Slik blir hotellet som Aksel Lund Svindal er med og investerer i.
Aksel Lund Svindal hevda det ikkje kribla i beina då han såg alpinistane køyre NM. Her er han saman med ein av dei han har vore lenge på landslag med, Leif Kristian Nestvold-Haugen.
Aksel Lund Svindal hevda det ikkje kribla i beina då han såg alpinistane køyre NM. Her er han saman med ein av dei han har vore lenge på landslag med, Leif Kristian Nestvold-Haugen.

– Eg kjenner Anders godt, og syntest det ville vere moro å henge meg på, seier han.

– Vil du vere ein aktiv eigar?

– Eg har vore det foreløpig. Det er jo Anders og teamet som fiksar dei store linjene, men eg er med på veldig mykje av det. Mest for å sjå og forstå kva som foregår. Men eg håpar eg har noko å bidra med, også.

Gigantprosjektet som Buchardt har sett i gong, skal stå ferdig i jula 2019. Dei første kjøparane av leilegheiter vil ta over einingane i februar 2020. Tanken er at leilegheitene skal kunne finansiere prosjektet, og som Svindal poengterer: Det er ikkje kvar dag nokon køyrer i gang eit slikt prosjekt i Fjell-Norge.

Leilegheitsbygga skal ligge som frittståande bygg, tett inntil sjølve hovudbygget, som er hotellet. Det skal ha 144 rom, med 11 suitar. I toppetasjen blir det restaurant, og det kjem eit spa-anlegg på rundt 1000 kvadratmeter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plasseringa blir på ei høgde i Totteskogen, og hotellet vil bli godt synleg for dei som kjem køyrande sørfrå.

– Målet må jo vere at heile området frå skisenteret og ned til sentrum blir bygd ut til å bli eit triveleg område. Fýri blir starten på det. Her kjem det eit svært hotell, med spa, kurs- og konferanse. Då er det første steget tatt. Då blir det enklare å bygge rundt det. Me må sørge for at Hemsedal blir ein levande destinasjon både sommar og vinter, seier Svindal.

Då Hallingdølen prata med Anders Buchardt i januar, var han svært nøgd med å ha fått med Svindal med på laget.

– Me har vorte godt kjend med Aksel i løpet av åra og har lyst til å satse i lag med han. Aksel er ein ekstremt oppegåande fyr med ei imponerande forståing for forretningar. No i første omgang kjem me til å samarbeide om utvikling av Fýri.

Buchardt har valt ein svensk hotelloperatør til å drive det nye hotellet, ESS Group. Svindal skal ha vore delaktig i arbeidet med å få dei med på laget. ESS Group er ein ung aktør, men har allereie vakt oppsikt i bransjen. Fýri blir ESS Groups første prosjekt i Norge.

Svindal håpar å vere aktivt med vidare framover også, i så stor grad som mogleg.

– Eg har allereie vore involvert ein del i forbindelse med bygginga. Eg håpar det blir meir, seier han.

Svindal har vore mykje i Hemsedal opp gjennom åra, med ski på beina. Men det var ikkje i denne bygda han la grunnlaget for det som skulle bli ein fantastisk karriere og gjere han til ein av Norges fremste idrettsutøvarar gjennom tidene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Besteforeldra mine hadde hytte på Geilo. Så eg var mykje der. Men dei siste åra har det blitt meir og meir her, seier han og ser seg rundt i skianlegget. Han meiner ein er privilegert som har slike anlegg i Norge.

– Det er noko ganske anna enn dei svære anlegga nedover i Europa, seier han.

Ein ting Svindal meiner store anlegg i Europa har lykkast med, og som han meiner Hemsedal også må utnytte, er heilårsdrift.

– Hafjell har vore flinke på det her i Norge. Dei destinasjonane i USA og i Alpane som gjer det veldig bra, er flinke til å drive om sommaren også. Det potensialet meiner eg at Hemsedal så absolutt har, seier Svindal og nemner sykkelsatsinga som ein viktig faktor.

Det er ikkje lenge sidan Sverre Kirkebøen og Totten Utvikling snakka i Hallingdølen om moglegheitene for å få på plass ein gondol. Det meiner Svindal ein må få til.

– Men om den berre går opp frå sentrum og opp til alpinanlegget, så er det kjedeleg. Går den heilt til topps, så er den veldig vindutsett. Så eg trur det må vere ein gondol med ein mellomstasjon. Då vil den funke både på sommaren, og på ein vanleg vinterdag med mykje vind. Me må ha ein tosteg-variant.

Svindal har lenge hatt ei interesse for business og gründerverksemd. Då han gjekk skada i 2014, reiste han like godt til Silicon Valley for å lære om teknologiselskap, og i kjølvatnet av dette starta han gründerfabrikken Norselab saman med Yngve Tvedt. Han har dei siste åra investert i ei rekke teknologibedrifter i oppstartsfasen, og har blant anna satsa på innovasjon i byggebransjen. Hegnar har hevda at Svindal har eigarinteresser i minst 65 selskap, og at han eig aksjar for over 100 millionar kroner. Mange av investeringane gjer han saman med pappa Bjørn. I 2017 starta han også sitt eiget klesmerke, «Greater than A». Aksjetraderen Arne Fredly har sagt følgande om Svindal til Kapital:

– Slik eg kjenner Aksel Lund Svindal som investor, har han mange av dei same eigenskapane som han har som idrettsutøvar. Han viser stor interesse for faget og har ein sterk motivasjon. Han har ei god framtid som investor. n

Artikkelen held fram under annonsen.

Alder: 36

Aktuell: Tidlegare alpinist, la opp etter VM i Åre 2019.

Merittar: OL: To gull (2010 og 2018, utfor og Super-G), eitt sølv og ein bronse. VM: Fem gull (2007 x 2, 2009, 2011 og 2013). Han vart første alpinist i verda til å ta gull i fire VM på rad.

Totalsigrar i verdenscupen: To (2007 og 2009).

Antall enkeltseire i verdenscupen: 36. Den første kom 27. november i 2005, den siste 14. desember i 2018. Han er den nordmann som har vunne flest sigre i verdenscupen.

NM: 20 gull, fire sølv og tre bronse. Han har vunne fire kongepokalar (2003, 2006, 2012 og 2013)