Ingebjørg Søndrål (bak til venstre) skreiv dagbok i krigsåra. Her er ho saman med søskena Lars, Arne og Åsta. Foreldra Maria og Sander framme.
Ingebjørg Søndrål (bak til venstre) skreiv dagbok i krigsåra. Her er ho saman med søskena Lars, Arne og Åsta. Foreldra Maria og Sander framme.

80 år gamle dagboknotat: «Ein sorgens dag over Europa»

3. september var det 80 år sidan andre verdskrig braut ut. Hallingane som følgde nyheitene i radio og aviser frykta alt då at Norge ville bli langt hardare råka enn under første verdskrig.

1. september sette Tyskland i scene eit polsk «angrep» og invaderte Polen i det som hadde fått kodenamnet «Fall Weiss».

For første gong sleppte Adolf Hitlers nye Wehrmaht for alvor laus militærkreftene landet hadde bygd opp sidan 1933. Med den heilt nye Blietzkrieg-taktikken var polske styrkar sjanselause.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skreiv dagbok

Ingebjørg Søndrål i Hol skreiv dagbok under heile krigen.

Notata herfrå gir eit godt innblikk i dei dramatiske dagane. I Hol vekte radiomeldingane om Tyskland angrep sjokk.«Det var spenning i lufta, ein ny krig var uunngåeleg. Verda skalv av redsle», skreiv Søndrål.

Det hadde bygd seg opp dei siste månadene. Ja, dei siste åra for dei som verkeleg følgde med. I 1933 tok Hitler og nazipartiet NSDAP over makta og starta omveltingane som sju år seinare enda med verdskrig og over fem år med over 60 millionar drepne menneske verda over og byar og land i ruinar. I Tyskland fekk politiske motstandarar, kunstnarar, forfattarar, jødar og minoritetar merke den brutale undertrykkinga. Hallingane som las aviser som Fremtiden og Arbeiderbladet var tidleg godt opplyst om situasjonen i Tyskland. Arbeiderpressa var nådelaus i haldninga til Hitler-regimet. Verre var det med hallingane som abonnerte på Bondepartiets hovudorgan Nationen eller Høgre-avisene Aftenposten eller Drammens Tidende. Om Nationen skreiv den tyske ambassadøren i Oslo, Dr. Heinirich Sahm, i ein rapport til Berlin at når ein les Nationen«så får man inntrykk av at det er et nasjonalsosialistisk blad man har foran seg». Og i Hallingdal med ei overvekt av «borgarlege» veljarar», var frykta for kommunismen i Sovjetunionen minst like stor som frykta for Hitler.

Tyskland invaderte Polen 1. september 1939. Det var starten på andre verdskrig.
Tyskland invaderte Polen 1. september 1939. Det var starten på andre verdskrig.

«Det var krig»»

3. september var andre verdskrig eit faktum.

Over radio kom meldingane klokka ni om morgonen om at Storbritannia erklærte Tyskland krig etter invasjonen av Polen. Den strålande sundagen hadde vorte øydelagd av radiomeldinga om krigserklæringa.«Far og Åsta gikk i kyrkja. Lars var i Valdres. Mor på Smattan og Arne og eg heime. Klokka 12 hadde ikkje Tyskland svara. Messa vart broten og dei kom heim før. Heller ikkje kl. 5 kom noko svar», skreiv Søndrål, og heldt fram med den dramatiske konklusjonen:«Ein sorgens dag over Europa. Det var krig!». Norge hadde erklært seg nøytralt i konflikten. Det var same linje som under første verdskrig. Men folk var usikre og redde. Dei frykta krig. Hallingdølen skreiv ikkje mykje om dei store hendingane utanlands. Men 8. september skreiv redaktør Jon Fatnes:«Ein ny krig er broten ut. So nytta det altso ikkje kor mykje det har vore preika fred millom folka. Anna kunde ein vel heller ikkje venta etter di stormaktene har kapprusta som aldri før.» Nøytraliteten gav likevel eit slags håp om at landet ville bli halde utanfor krigen.«Noreg har sagt seg strengt nøytralt i den nye krigen. Det lyt me alle vera hjartens glade for», skreiv Fatnes.

Hallingdal sjølvberga

For dei som hugsa dei tronge tidene under første verdskrig frå 1914-1918, var forsyningssituasjonen avgjerande.

Etter krigsutbrotet vart det etablert forsyningsnemnder i alle kommunar, men Fatnes slo likevel fast:«Hallingdal godt budd til å møta krigen». Hallingdal var langt betre førebudd enn i 1914.«Det er visst ingen som kjem til å lida naud», skreiv han. Det var meir nydyrka jord enn nokon gong, næringsvegane betre utbygde og produksjonsevna høgare. Med unntak av litt lite kveite og rug i øvre delar av Hallingdal, var distriktet sjølvberga. Men lokalt var det frykt for at den store næringsvegen med pelsdyroppdrett kunne bli råka.«Det er all grunn til å tru at det vert vanskeleg med skinnumsetnaden. Dei krigførande landa har jo vore gode kundar når det gjeld pelshandel», meinte Fatnes. Verst meinte Fatnes det kunne bli med rasjoneringa på drivstoff.«Men når det gagnar landet vårt, har me ingen skilleg grunn til å jamra oss over det heller.»

Vinterkrigen

30. november angreip Sovjetunionen Finland og det som fekk namnet Vinterkrigen var i gang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingar reiste til fronten for å delta på finsk side. 2. desember hadde nyheitene om krigen nådd Hol.«Finnane var tapre», skreiv Søndrål.«Dei skaut ned 18 fly, øydela 4 stridsvogner, 36 tanks, 1 krigsskip, 1 torpedojagar og tok 150 russerar til fange. Det vart våpenkvile og forhandlingar», noterte ho og avslutta:«Berre ikkje Norge blir drege inn!!!». Frykta for krig slapp ikkje taket utover vinteren. I april skulle det vise seg at det var god grunn til å frykte krigen. Og mange hallingar fekk rett i sine dystre spådommar. Kristian Wettern frå Flå var pensjonert underoffiser i Hans Majestet Kongens Garde, men møtte på årlege samlingar i Oslo i 1930-åra. Då han kom heim frå ei samling hausten 1938, sa han til sonen at«neste jul er vi i skyttargravene begge to.»

Frykta krig

6. april 1940 var ungdomslaget i Hemsedal på besøk hjå ungdomslaget på Torpo.

«Velkomne til Hemsedal», sa hemsedølene då dei drog. Planen var at torpingane skulle kome på besøk 17. mai.«Me kjem viss det ikkje blir krig», svara torpingane. Same dag skreiv Ingebjørg Søndrål:«Pål Nedremyr var her hjå oss den kvelden og me venta på nyheiter. Dei var ikkje lovande. Så song dei «Gud signe vårt dyre fedreland». Det gjekk fem år før me høyrde den att.» Tidlegare same dag sat Svein Flatåker frå Skurdalen på toget heimover frå Hønefoss.

Fenriken hadde vorte dimittert frå Helgelandsmoen etter å ha vore ute på nøytralitetsvakt. På toget sat også ei gruppe tyske menn han kom i prat med. Ein av dei var på veg til Canada, fortalde han. Han skulle emigrere med ein båt frå Bergen. Med seg sjølv tenkte Flatåker sitt. Korleis kunne ein ung mann reise frå sitt eige land når Tyskland var i krig? Ikkje mange dagane etterpå forstod han samanhengen. 9. april sat han heime i Skurdalen og høyrde på radio. Inn kom meldingane om den tyske invasjonen. Då skjøna han at tyskarane som reiste med Bergensbanen var på veg for å ta imot invasjonsstyrken. Flatåker reiste med ein gong tilbake til Helgelandsmoen, og var truleg den aller første hallingen som kom i kamp mot Wehrmacht. 12. april kom mitraljøsetroppen hans i strid på Sollihøgda.

Kjelder: Kåre Olav Solhjell: Krigsår i Hallingdal, 1995.

Under Hallingskarvet – årbok for Hol historielag. 2018.

Hallingdølen

Nationen